Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Thor Atle Olsen

[#46428] Tore Håkonsson av Lekum, kansler, baron

Recommended Posts

Gjest Thor Atle Olsen

Er det noe vi vet om Tore Håkonsson, kansler, baron, ektefelle, barn etc. Tore nevnt rundt 1270 og utover. Finnes det noen historie om han.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Løberg

Prøv Knut Helles bok 'Konge og gode menn'.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Atle Olsen

Takk skal du ha Lars. Skal kontakte vårt lokale bibliotek på mandag, det skal bli spennende.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Øivind Larsen

Det står også en omtale av ham i Eidsberg gårdshistorie 4, s. 122 (under gården Lekum).mvh Øivind

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Gunnar Arntzen

Følgende står å lese om Tore i den nye utgaven av Norsk biografisk leksikon (artikkelen, skrevet av professor Narve Bjørgo, står på trykk i verkets bind 9, som utkom 2004):TORE HÅKONSSON biskopsson, nemnd 1271–1317, kanslar, lendmann/baron, syslemann og diplomat. Fødselsår og fødestad er ukjende. Foreldre: Faren var ▶Håkon (død 1267), biskop i Oslo og seinare erkebiskop; mora er ukjend. Gift 1276 med Ingebjørg Erlingsdotter (død 1315), dotter til lendmannen Erling Alvsson til Tanberg (død 1283; sjå NBL1, bd. 3). Død 1317; nøyaktig dødsdato og dødsstad er ukjende. – Svigerfar til ▶Erling Vidkunnsson (død 1355); svoger til ▶Alv Erlingsson (død 1290). Gjennom femti år og under tre kongar utførte Tore Håkonsson ei viktig, kompetent og omfattande teneste i norsk riksstyring. Det skjedde dels gjennom lokalombod som syslemann og dels som framståande forhandlar og rådgivar i utanrikssaker. I første del av sin karriere hadde han også viktige oppgåver i det sentrale forvaltningsapparatet. Tore Håkonsson er første gong nemnd 1271, da han med kanslartittel besegla eit kongebrev om bygging av kyrkje på Voss. Truleg overtok han som kongens kanslar 1270 etter Askatin. At han aksla ein så viktig styringsfunksjon i embetets tidlege oppbyggingsfase vitnar om administrativ erfaring og innsikt og om eit nært tillitsforhold til kongen. Når vi så veit, frå Árna saga biskups, at Tore var juridisk skolert (kanonisk rett), og dermed truleg hadde studert i utlandet, er det rimeleg å slutte at han også var aktivt med i dei omfattande lovrevisjonane kong Magnus sette i gang frå midten av 1260-talet. Sommaren 1273 fekk han saman med Audun Hugleiksson i oppdrag av kongen å vere observatør under dei kyrkjelege rettsforhandlingane som galdt striden om herredømet over lokalkyrkjelege institusjonar på Island (staðamál). Han var nokså sikkert med på Borgartinget 1276, der lovtak av landslova synest å ha vore ei hovudsak. Som kanslar deltok Tore på riksmøtet i Bergen sommaren 1273, der det første konkordatet mellom kyrkja og kongedømet i Noreg vart inngått. Han var blant dei verdslege stormennene som besegla avtalen. August 1277 er han blant baronane i Tønsberg som medbeseglar, garanterer og sver eid til det endelege konkordatet (sættargjerda) mellom kyrkja og kongedømet. Ein gong før 1273 må han ha fått lendmanns rang, som 1277 altså er konvertert til baron. Han blir siste gong omtalt som kanslar 1276, og stutt tid etter må han ha forlate embetet. Det har truleg samanheng med at han gjekk over i lokalt styringsombod på Austlandet. På regelmessig basis var Tore dermed ikkje lenger med i det sentrale forvaltningsapparatet. Han deltok såleis ikkje i formyndarstyret etter at kong Magnus døydde 1280, og han heldt seg utanfor den bitre kyrkjestriden tidleg i 1280-åra. Men samtidig må ikkje minst giftarmålet med Ingebjørg Erlingsdotter hausten 1276 ha styrkt Tores stilling overfor kongen og kongedømet, og dermed også hans politiske – og økonomiske – posisjon blant rikets stormenn. Ingebjørg, som kom frå ei godsrik ætt, var nemleg tremenning til kong Magnus, og kongen var heidersgjest i bryllaupet deira. To heilt ulike karrierevegar kom til å prege Tore Håkonssons livsløp frå 1280-åra til han døydde: rolla som aktiv sendemann og forhandlar i utanrikstenesta, og arbeid i lokalforvaltninga, i all hovudsak som syslemann i Skienssysla. Alt tyder på at han greidde å samkjøre desse tenestevegane, i den forstand at han aldri gav opp sine lokale styringsposisjonar for ein fulltids profesjonell diplomatkarriere. Først og fremst må det ha vore juridisk skolering og språkleg og prosessuell trening som førde Tore til arbeid i utanrikstenesta. Alt 1276 var han med i kongens følgje til landsenden, der kong Magnus skulle mekle i den svenske tronstriden. 1287 medbesegla han kongens og hertugens vernebrev for dei danske fredlause, og 1289 leia han eit sendelag til den engelske kongen for å forhandle om norske interesser i samband med Margrete Eiriksdotters overtaking av Skottlands trone. Han arbeidde svært aktivt i England denne hausten og er nemnd først blant dei norske utsendingane som i Salisbury november 1289 – på kongens vegner – garanterte ein detaljert treriksavtale (Noreg–England–Skottland) om Margrete som Skottlands dronning og arving. Det var truleg på denne tida han også tilbaud si teneste til den engelske kongen og søkte om å bli hans riddar. Samtidig bad han kong Edvard om hjelp til forsoning mellom svogeren Alv Erlingsson og Noregs konge. Utfallet av desse intervensjonane er ikkje kjende. Saman med biskop Narve av Bergen leia Tore sendeferda som hausten 1290 skulle bringe jomfru Margrete til Skottland. Med i følgjet var også kona hans, Ingebjørg Erlingsdotter. Da jomfrua døydde på Orknøyane før ankomsten til Skottland, måtte Tore og dei andre gjere den tunge vendereisa til Bergen med det døde barnet. Tore var også seinare i aktiv teneste for kongen på dei britiske øyane. Såleis fekk han 1297 engelsk leidebrev for å forhandle på vegner av kong Eirik i England. Dette oppdraget hadde temmeleg sikkert samanheng med at Noreg 1295 tok Frankrikes parti i den fransk-engelske konflikten. Elles var Tore rådgivar for kongen og hertugen i den avgjerande forhandlingsfasen med dei tyske sjøbyane i Tønsberg sommaren 1294. Fleire gonger i 1290-åra deltok han på leidangstog i danske farvatn, og 1295 var han blant dei norske garantane for den preliminære norsk-danske fredsavtalen som vart inngått i Hindsgavl. Også i Håkon 5 Magnussons regjeringstid møter vi Tore i ulike oppdrag på utanriksplanet. Han var med i kongens leidang til Danmark 1300 og stod som medbeseglar av nordiske fredsavtalar i åra 1309–10. Den langvarige diplomatiske og utanrikspolitiske karrieren gav sjølvsagt Tore Håkonsson ei reell rådgivande rolle for riksstyret på dette saksfeltet. Men han vert aldri formelt omtala som rådgivar for kong Eirik, og først 1312 blir han uttrykkeleg omtala blant kong Håkons rådgivarar. Det har vore antatt at han var medlem av kong Håkons råd, men dette er usikkert. Viktige posisjonar i lokalforvaltninga sette sjølvsagt skrankar for ein permanent og stabil rådsfunksjon sentralt. Tores lokalombod på Austlandet går altså tilbake til slutten av 1270-åra, og det er sannsynleg at kongen alt nå gjorde han til syslemann i Skienssysla. Likevel er det først på 1300-talet vi har dokumentarisk materiale om hans virke der. Såleis gjorde han 1302 ei embetsreise gjennom Telemark, og så seint som 1315 utferdar han provsbrev i ei lokal drapssak. Truleg sat Tore i embetet til han døydde 1317. Sonen Håkon Toresson (død ca. 1330) overtok Skienssysla etter faren. Tore Håkonsson samla seg etter kvart betydelege jordegods, både gjennom arv og giftarmål, og truleg også gjennom kjøp. I korrespondanse til og frå den engelske kongen blir han regelmessig nemnd som Tirricus de campis ludi, der 'campis ludi' temmeleg sikkert siktar til garden Lekum ('Leikvang') i Eidsberg. Det har vore gissa på at han fekk hand om denne garden som mødrearv. Jordeboksmateriale syner at han åtte jordegods også andre stader i Østfold, langs begge sider av Oslofjorden og på Romerike. Seinare korrespondanse dokumenterer dessutan at Tore hadde tileigna seg odelsjord på Orknøyane. I det første brevet der Tore er nemnd, blir han i tillegg til kanslar titulert «sira». Det syner at han var presteutdanna, og ein kan ikkje utelukke at han også var prestevigd. Dette er likevel mindre sannsynleg, både fordi han gifte seg, og fordi han fekk verdsleg rang som baron. Tores våpenskjold var delt i to halvsirklar, eine sida prydd med stjerner, den andre med ei halvlilje. Tore Håkonsson kan stå som prototypen på dei «embedsdyktige rikstjenere som gav den norske riksstyringen fasthet i tiden omkring 1300» (Per Sveaas Andersen). Hans arbeid var prega av lojalitet til kongedømet, noko som ikkje alltid var like sjølvsagt blant tidas toppdiplomatar. Profesjonalitet, og ikkje eigne politiske ambisjonar, synest å ha vore den viktigaste rettesnora i hans mangslungne og lange arbeidsdag.

Tusen takk Jon Gunnar, her var jo masse historie om mannen. Kjempeflott at noen tar seg tid til å hjelpe. Virkelig flott.Mvh Thor Atle

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Løberg

Jeg har lett forgjeves etter dokumentasjonen på Tores giftermål. Hos Helle oppgis kilden å være NgL II s 466, men jeg får ikke det til å stemme. Er det noen som har referansen?

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Eg finn ikkje noko kjelde for giftarmålet eg heller, det næraste eg kjem er historia om Prinsesse Kristinas salmebok (Det Kongelige Bibliotek i København, og har signaturen Gl. Kgl. Saml. 1606, 4 ao)På permen til salmeboka finn vi denne innskrifta:«Dette psalter eide jomfru Kristin, datter av Kong Håkon. Fru Ingebjørg gav det til sin datter Ellin.» Man har klart å følge bokens eiere helt opp til 1500-tallet. Disse har vært 1) Prinsesse Kristina. 2) Ingebjørg Erlingsdatter, gift med Tore Håkonsson. 3) Elin Toresdatter, gift med Erling Vidkunsson. 4) Ingebjørg Erlingsdatter, gift 1342 med Sigurd Haftorsson osv..Kjelde: Lenke .Dette er vel knapt som bevis, men gjev ein indikasjon om at Tore kunne ha vore gift med ei Ingebjørg (men der står vel ikkje kva for ei Ingebjørg).Kjelda til Helle (NgL II s 466) omhandlar helst settargjærden i Tønsberg i 1277 vil eg tru.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Det skulle ikkje forundre meg om prinsesse Kristina Håkonsdatter (c1232-58) var mor til Tore Håkonson. Det ville forklare ein god del, m.a at ho først blei gift i 24-årsalderen og, trulig, noke under sin stand med ein spansk prins. Det vil også forklare at psalteret kom til Ingebjørg Erlingsdatter osv.Slektskapet mellom Sigurd Haftorson og Ingebjørg Erlingsdatter (Giske) var i 4. grad, og dei fikk i 1342 paveløyve til å gifte seg. Dersom Ingebjørg sin tippoldefar var Håkon IV Håkonson ville ho vere firmenning til Sigurd Haftorson, som var datterson til Håkon V Magnusson, Håkon IV Håkonson si soneson...

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Løberg

Du er i det lystige hjørnet i kveld, Bjørn? Hvordan du får ekteskapet med en spansk prins til å være under hennes stand, er en ting, men at Tore så i kildene alltid omtales som enten Håkonsson eller Biskopsson, men aldri som Kristinasson blir vel noe vanskeligere å forklare. Og hvorfor Magnus Håkonsson så demonstrativt unnlater å omtale ham som frende når han i samme brev titulerer Erling Alvsson som frende - kan du forklare den også?

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Lystig, eg? Men kanskje Kristina kan ha vore litt for lystig i lag med biskop Håkon? Ellers fikk eg jo ein idé til ein roman...I alle fall: Korleis skal vi forklare slektskapet mellom Ingebjørg Erlingsdatter d.y og Sigurd Haftorson? Det kan jo gå via Gyrid Andresdatter, som skal ha vore sonedatter til Cecilia Håkonsdatter (datter av Håkon V Håkonson og Kanga unge), som skal ha vore gift med Gregorius Andresson (Stårheim), men i så fall blir ikkje slektskapet mellom Sigurd og Ingebjørg i 4. grad.Magnus Lagabøte var jo tremenning til Alf Erlingson d.y og dermed 'frende'. Kva for brev er det tale om? Dersom Tore Håkonson ikkje er nemnt som frende i samme brevet kan det jo tyde på at han ikkje var gift med søstra til Alf Erlingson...

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Løberg

Henning Sollied forklarer slektskapet ved at begge var tippoldebarn av Bård Guttormsson, men det forutsetter riktignok et ukjent ledd på Jon rauds side. Jeg har ellers en annen forklaring på det i det heftet av NST som venter på deg når du kommer hjemover.Det er ikke bare ett, men to brev, det ene fra 1277 hvor kong Magnus adresserer Erling som sin frende mens Tore bare nevnes som nr to av adressatene, det andre er et nokså likelydende brev fra formynderstyret for Erik og Håkon til de samme, trolig 1281/82.Jeg hadde jo håpet at du ville tatt hansken og argumentert mer for hypotesen din - jeg ga derfor bare motargument, ikke bevis. Beviset ligger selvfølgelig også her i slektskapet. Dersom Tore hadde vært sønn av Kristina så ville Tore og Ingebjørg vært beslektet i tredje og fjerde ledd. Alt for nært til at de kunne fått hverandre.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×