Gå til innhold
Arkivverket

[#49548] Anna Larsdotter frå Nesheim, Eksingedalen, Voss, fødd 1827 -opphav til foreldri?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ifølgje FamilySearch var Anna Larsdotter fødd på Nesheim i Eksingedalen, Voss 15.12.1827. Ho vart døypt 2.3.1828. Foreldri var:Lars Knutson og Ragnhild KnutsdotterEr det nokon med lokal kunnskap på Voss som kan hjelpa meg med:* Kva yrke hadde Lars Knutson Nesheim? Var han gardbrukar eller husmann? Om han var husmann, kjenner ein plassnamnet?* Frå kva gard/plass hadde Lars Knutson oppphavet sitt?* Frå kva gard/plass hadde Ragnhild Knutsdotter opphavet sitt?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Kan det vera denne husmannen: LenkeElles reknar eg med at du har merka deg svaret eg la inn om dei på Espetvedt i Setesdalen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav J. Ellingsen

I Evangerboka band I finn ein at Lars Knutson (1781-1858) var son til husmann Knut Larsson Bidne på Sundve, Vossestrand. Lars kjøpte garden Ytre Brakstad i Herdla i 1813. Året etter bytta han gard med Johannes Knutson Nygard i Modalen. I 1825 bytta han vidare gard med Simon Larsson Nesheim. Han fekk soleis bruk 2 Nesheim. Kona Ragnhild Knutsdtr. (1786-1846) var frå garden Fosse i Eksingedalen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Bjørn og Olav for kjappe og nyttige svar. Problemet mitt er heilt løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.