Gå til innhold
Arkivverket

[#49549] Historisk institutt fyller 50 år! Ope festmøte fredag 11. mai!


Gjest Frode Ulvund
 Del

Recommended Posts

Gjest Frode Ulvund

Historisk institutt i Bergen fyller i år 50 år etter opprettinga i 1957. Dette ønsker Historisk institutt å feire, først med ein open fagleg konferanse på dagtid, og ikkje minst med eit ope festmøte på Jussbygget (Dragefjellet) i kveld frå kl 19.00! Me byrjar i auditorium 2 og held fram i kantina.Her blir det festforedrag av den kjende tyske historikaren Jürgen Kocka, presentasjon av den rykande ferske jubileumsboka til Historisk institutt (som også kan kjøpast i kveld), musikk ved Gabriel Fliflet og Sigrid Moldestad, samt ein diskusjon mellom yngre og eldre historikarar om kor historiefaget går i framtida. Post-doc'ane Leidulf Melve og Sissel Rosland representerer dei unge og to emeriti ved Knut Helle og Ida Blom representerer dei eldre.Arrangementet er ope for alle og er gratis! Særleg håpar me at mange noverande og ikkje minst tidlegare studentar ved instituttet tek vegen.Programmet for kvelden kan lesast her: http://www.hist.uib.no/instituttet/program.pdf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Gratulerer med dagen, og lykke til med festen i kveld.Programmet for festen ser svært lovande ut, spesielt samtala kl.22.00 i kveld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Østbye

Jeg slutter meg til rekkene av gratulanter !Et viktig institutt for land og for kultur, og med svært mange kompetente og hyggelige medarbeidere. Noen av disse har jeg hatt stor glede av samvær med fra jeg som nybakt stud.NHH kom til Bergen i 1962.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.