Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#49566] Ingebrigt Mikkelson Golten/Anna Hansdotter Kalve - vigde Sund 1825 -til Mosjøen?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FamilySearch syner at Ingebrigt Mikkelson Golten, fødd 1800, gifte seg i Sund i 1825 med Anna Hansdotter Kalve, og dei fekk ei dotter Martha, fødd i Sund i 1827.FamilySearch seier òg at Ingebrigt Mikkelson døydde før 1835.Eit foreldrepar med same namn, Ingebrigt Mikkelson og Anna Hansdotter, fekk ei dotter Elen Marie, fødd i Mosjøen, Vefsn 13.2.1833.Spørsmålet mitt er følgjande: Det ligg ikkje føre skanna kyrkjebøker frå Vefsn frå den perioden, so eg spekulerer på om dette KAN vera same folki? Flytte Ingebrigt og Anna frå Sund til Vefsn mellom 1827 og 1833?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

For ordens skyld, her er lenken til ekteskapet 10.07.1825. Se post nr. 23, venstre side.LenkeMvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

For lenge siden lette eg etter dødsfallet til Ingebrigt Mikkelsen uten å finne dette, ei heller fant eg dengang 2 ekteskap til Anna Hansdatter. Den aktuelle kyrkjeboka for Sund er enda ikkje kommet på nett, så det er ikkje godt å svare på spørsmålet ditt Lars, men Anna Hansdatter gifta seg opp igjen og må i såfall ha flytta tilbake til Sund, årstall ukjent (rimeligvis før 1836) ho fikk ein sønn i 2 ekteskap som hette Ingebrigt f. 28 april 1836, sjå pkt. 44. [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1936&idx_id=1936&uid=ny&idx_side=-12>Lenke Det er jo ein teoretisk mulighet for at de flytta, men personlig trur eg ikkje at de gjorde det. Her er Anna Hansdatter i 1865 med sin 3 ektemann Johannes Ingebrigtsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Oddvar for spennande innlegg!Eg har no vore inne og leitt litt meir i kyrkjebøkene for Vefsn, og eg finn Elen Marie konfirmert der i 1847. Då er mori oppgjevi vera Andrea Arentsdotter, og med namnekombinasjonen Ingebrigt Mikkelsen/Andrea Arentsdotter finn eg mange born fødde i Vefsn heilt frå 1811, so der har heilt tydeleg vore ein feil i den opphavlege kjelda mi (som eg diverre ikkje har notert)! Det er soleis IKKJE lenger aktuelt å leita etter noko samband mellom Sund og Vefsn når det gjeld denne huslyden!Eg seier meg lei for at eg ikkje sjekka dette før eg la ut spørsmålet.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.