Gå til innhold
Arkivverket

[#49573] Elone Jørgine Nilsdotter frå Skog i Ibestad, fødd 1865 - utvandra Amerika 1881?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Nils Einerson Skog, fiskar, fødd i Hafslo i Sogn 1826, og kona Elen Marie Ingebrigtsdotter, fødd i Mosjøen (Vefsn) 1833, var plassfolk på Skog i Ibestad, Troms og fekk fire born; tre av dei voks opp:* Josephine Marie, fødd Ibestad 16.8.1863, vart konfirmert i Ibestad i 1880* Elone Jørgine, fødd Ibestad 25.7.1865, vart konfirmert i Ibestad i 1880* Karl Nikolai, fødd Ibestad 7.1.1869Den skanna kyrkjeboki for Ibestad syner at Nils, Elen Marie og TO av borni, Josephine og Karl, utvandra i 1881.Emigrantprotokollen for Trondheim syner at Nils Skog med kona Elen og EITT av borni, sonen Karl, utvandra i 1881.FT 1900 for Polk Co., WI syner at parfolket i alt hadde fire born, og at TRE av dei levde. Sonen Karl budde heime med foreldri.FT 1910 for Polk Co., WI syner at parfolket i alt hadde fire born, men at då berre TO levde. Sonen Karl budde framleis heime med mori, då enkje.Me veit dessutan at Josephine, i 1900 oppgjevi utvandra i 1882(!), var gift, men døydde i Polk Co., WI mellom 1900 og 1910!Elone finn eg ikkje i FT 1900 eller FT 1910, i alle fall ikkje i Polk Co., WI!Mine problem:* Kvifor er ikkje Josephine nemnd i passasjerlistene over Trondheim 1881? Kan ho ha vorte att eit år til dømes i Trondheim og utvandra året etter?* Kvar er det so vorte av Elone Jørgine? Ho vart konfirmert i 1880, men er ikkje nemnd som utflytt eller utvandra med foreldri sine! Ho er ikkje i Noreg 1900, men me veit ho levde so seint som i 1910!Eg står fast og vonar at einkavn kan ha ein ''glup'' idé om desse problemi.Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rolf A Fæster

I følge Astafjord bygdebok drar Josefine Naria til USA det gjør også Elone Jørgina og Karl Nikolai, det står ikke når de drar bare til Amerika. De hadde en sønn Karl Nikolai f. 1867 - død 1867Mvh. Rolf.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rolf og Rune for spennande innlegg.Etter dette veit me at alle dei tre (oppvaksande) borni etter Nils og Elen utvandra til Amerika, og då sit me att med berre eitt spørsmål frå ''norsk'' side av havet:* Kvar er utvandringi til Josephine i 1881 (eller 1882)?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rolf A Fæster

Hei igjen Jeg tror hun drar som: Jørgine M. Skog Jomfru k 18 Ibestad og drar 24.05.1881 = f.1865For ei Jørgine drar også 28.06.1882 Jørgine Skog ug Tjenestep k 17 Ibestad = f.1863.Søk på etternavn Skog og Ibestad i utvandret fra Tronhjem så ser du hva jeg mener.Mvh. Rolf.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rolf A Fæster

Hei! ser jeg klarte å surre det til, det skulle være: Jørgine M. Skog Jomfru k 18 Ibestad og drar 24.05.1881 = f.1863.Rolf.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rolf for nye innlegg!No ser eg samanhangen: Josephine Marie utvandra under namnet Jørgine M. i 1881, 18 år, medan Elone Jørgine er kalla Jørgine i 1882, 17 år.Då er problemet på ''norsk'' side heilt løyst! No står det berre att å finna Elone i Amerika...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Berre ei kort meldng for å seia at eg i aftes fann att Elone i Amerika. Ho skifte namn til LULU...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.