Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#49612] Elias Samuelsen, f. 1862 - fyrvoktar Færder - busett Kampen -son Harry i MilOrg?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Elias Olai Samuelsen, fødd på Sjøvegan i Salangen 19.4.1862, gifte seg i Vardø 19.8.1885 med Ellerine Petrine Pedersdotter Kvam, fødd i Vardø 7.1.1866. Elias var smed og reiste som maskinist i mange år. Huslyden budde m.a. i Vardø, i Salangen, i Tromsø, i Vesterålen, i Ålesund og i Bergen før Elias fekk stilling som fyrvoktar. Han skal ha vore fyrvoktar både på Fulehuk fyr på Nøtterøy og på Færder fyr på Tjøme, men huslyden busette seg på KAMPEN i Christiania (Oslo) der Elias skal vera avliden på ein gamleheim bortimot 1960!Elias og Ellerine fekk minst sju born, mellom dei sonen:* Alfred, kjend som Harry J. Kvamli, fødd i Tromsø 8.7.1899 - var aktivt medlem av MilOrg under WW2 og busette seg sidan på Staten Island, NY der han døydde 13.4.1988.Eg kan ikkje sjå at DIS-Noreg har registrert noko gravminne for Elias eller Ellerine Samuelsen på Kampen, men kanskje einkvan dreg kjensel på desse namni og kan bidra med opplysningar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne i kveld få trekka fram att dette problemet.Eg har no funne ut at Ellerine Petrine Samuelsen, busett i Normannsgata 26 (på Kampen?), døydde 11.10.1933. Dødsfallet vart meldt av Sofie Kvamli på same adresse, truleg ei svigerdotter(?). Elles vart Ellerine etterlevd av enkjemann og fire born, utan at namni deira er oppgjevne.Er det nokon som har tips kring dødsfallet til Elias Samuelsen? Er Normannsgata på Kampen i Oslo?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Normannsgate tilhører Kampen rundt 1900, og da vil jeg tro det fortsatt gjelder i 1933, jf. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne få trekka fram att dette problemet som framleis manglar ei løysing. Elias Samuelsen døydde rimelegvis på Kampen kring 1957, men er det mogeleg å finna den nøyaktige datoen?Eller finst det biografiar for fyrvaktarar i Noreg?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.