Gå til innhold
Arkivverket

[#49654] Gunnhild Kittelsdotter Flateland, fødd i Valle, Setesd. 1868 - til Amerika 1892


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Utvandringsprotokollen for Kristiansand S. syner at Gunnhild (Kittelsdotter) Flateland, fødd 1868, utvandra til Amerika i 1892 i lag med broren Torkild (Kittelson) Flateland, fødd 1865.Kyrkjeboki for Valle syner at Gunnhild Kittelsdotter var fødd på Rygnestad 9.7.1868 som dotter av husmann Kittel Torkildson og kona Thora Ulfsdotter.Eg finn ikkje Kittel og Thora i FT1900 og spekulerer på følgjande:* Busette Kittel og Thora seg på Flateland ETTER at Gunnhild var fødd i 1868? Og i so fall, var dei gardbrukarar eller husmannsfolk eller kva?Eg vonar at einkvan med lokal kunnskap kan hjelpa meg finna svar på dette spørsmålet og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Benn Johan og Rune for mange nyttige og interessante innlegg!Etter kva eg forstår, so er Aasdok husmannsplass under Flateland, og det må vel vera der denne huslyden hadde heimen deira. Dermed er problemet løyst!Eg kan forresten leggja til at andre mannen til Gunnhild i Amerika heitte FLATLAND og ætta frå Flatland i Sogndal i Sogn!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.