Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#49694] Ingeborg Bagstadødegaard, f. i Øyer 1853 - til Amerika 1881? - opphavet hennar?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Frå Amerika får eg opplyst at:Ingeborg Bagstadødegaard - i Amerika kjend som Ingeborg LARSON, var fødd i Øyer 8.10.1853 som dotter av Iver Larsson Bagstadødegaard og Gjertrud Larsdotter Kvam. Ho skal ha utvandra i 1881 og vart gift og busett i Swift Co., MN.MEN, når eg slår opp i dei skanna kyrkjebøkene for Øyer, finn eg at foreldri hennar var gardbrukar Lars Larsson og kona Kari Andersdotter, og i FT1865 for Bagstadødegard finn eg:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kari Andersdatter hm e Grdbrg. og Selveier 1810 ØierAnders Larssen Hendes Søn ug Forestaar Gaardsbruget 1843 ØierIngebor Larsdatter Hendes Datter ug 1853 Øier~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg reknar med at dei opphavlege opplysningane frå Amerika er feilaktige, og at det er dei rette foreldri eg har funne, Lars Larsson og Kari Andersdotter; særleg fordi eg ikkje finn noki Ingeborg Iversdotter eller Iver Larsson i Øyer i FT1865...Eg har no følgjande spørsmål til den eller dei som har lokal kunnskap i Øyer eller eventuelt tilgjenge til ei lokal bygdebok:* Frå kva gard eller plass i Øyer hadde Lars Larsson opphavet sitt?* Frå kva gard eller plass i Øyer hadde Kari Andersdotter opphavet sitt?* Kan nokon stadfesta at Gjertrud Bagstadødegaard utvandra i 1881?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Carsten kom meg i forkjøpet, men her er mine funn For ordens skyld, her er dåpen til Ingeborg [url="http://www.arkivnett.ol.no:81/dbsok/ndetal.asp?PT=Dopte&Post=1350>LenkeDette er vel giftermålet til Lars og Kari LenkeDette er vel flere barn:Anders Lenke, vaksinert LenkeAgnete Lenke, vaksinert LenkeLauritz LenkeHer finner du Ingeborg blant utflyttede i 1880 (høyre side, nr. 17)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten og Grethe for spennande og nyttige innlegg!Eg er etter kvart ganske so overtydd om at det er denne Ingeborg Bagstadødegaard som utvandra til Amerika og der borte gifte seg med ein utvandrar frå Hafslo i Sogn.Og opplysningane om opphavi til foreldri hennar Ingeborg er ''på plass'', og det står berre att å stadfesta kva år ho utvandra til Amerika. Eg ser eg skreiv feil namn i første innlegget mitt (Gjertrud i staden for Ingeborg); det er altso utvandringi til Ingeborg Larsdotter Bagstadødegaard i eller kring 1881 eg er på leiting etter...?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hvem er da denne Ingeborg Larsdtr. som befinner seg på Bagatadødegården i 1875, med sin mor Kari Andersdtr? Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tordis Trønnes

Avskrift av kirkebok nr 8 (1878-1893)for Øyer sogn - Udflyttede:18. 1877. Novbr. Lillehammer. Tjenestepige Ingeborg Larsdatter Bagstadødegaard f. 1853. Fødsels, Daabs, Konfirmations, Alfterg. Attest af 24/4-80Jeg har søkt i utvandrerportokollene, men har ikke lykkes å finne henne. I protokollene for Ellis Island har jeg funnet to Ingeborg Larson/Larsen, ankomst 4.4. og 12.5.1881 I folketellingene i US står det at hun ankom landet i 1880. I boka 'Swift County Minnesota' står det at hun kom til landet i 1881.Jeg skal ta noen flere søk senere i dag.Vennlig hilsen Tordis Trønnes

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.