Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Geir Woll

[#49768] Registere over navnebytter

Recommended Posts

Gjest Geir Woll

Forefinnes det registere over de som byttet navn når de kom til Nord-Amerika og/eller etter at de hadde vært der en stund?Eller har noen tips om hvordan man går frem for å finne ut av slike navnebytter?Mvh Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg trur det er mange som kunne ønskt seg eit namneregister av den typen som du etterlyser, men diverre har eg aldri høyrt om noko slikt. Eg er sjølv fleire gonger vorten oppmoda om å laga eit slikt register, men so var det dette med tidi, då, og det særs omfattande arbeidet som dette ville verta.Det einaste eg vil seia no, er at ein ofte lyt ha god fantasi når ein skal tenkja seg amerikaniserte namneformer, for ikkje berre førenamn vart endra, men også ættenamn, anten det var farsnamn eller gardsnamn! Dessutan kan det vera store regionale skilnader, både når det gjeld kvar i Noreg folki kom frå, og ikkje minst kvar i Amerika folk hamna. Dessutan kva tid folk utvandra...Eit døme frå indre Sogn: Ragnhild kunne verta endra til:* Lena i sentrale delar av Wisconsin* Rachel i vestlege delar av Wisconsin og i Dakota* Rose i Minnesota og lenger vest* Hilda (sporadisk)* Nellie (sporadisk)Som du kanskje forstår; dette kan fort verta reine ''vitskapen''...Korleis skal ein t.d. oppdaga at Askjel Bjørgulvson Aasland frå Vinje i Telemark på 1860-talet endre namnet sitt i Amerika til Ed Billison...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Woll

Takk for det, Lars!Det må jo være nedfelt i en eller annen ''record'' på det tidspunktet de endret navn! Og da er det vel mest sannsynlig at dette skjedde på det stedet hvor man var bosatt da det skjedde (hvis det ikke skjedde ved ankomst Nord-Amerika)?Man kunne vel ikke gjøre dette på eget initiativ uten å meddele dette til en eller annen myndighet eller ...? Måtte man søke om navneendring? Man var jo registrert inn i landet med et navn på bakgrunn av medbringende papirer fra hjemlandet!Det hadde jo vært interessant å høre om hvordan du (etter en del detektivarbeide, regner jeg med) fant fram til vedkommende som nå het Ed Billison - hvordan du gikk frem - hvem du var i kontakt med ...etc.!Mvh Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Solberg

Litt utanfor temaet, men det har med søking av namn i folketeljingane i Ancestry.com å gjera. Det er utroleg mange fortolkningsfeil som er gjort av den/dei som har overført namna frå folketeljingsskjemaene til den søkbare databasen. Eit døme frå census 1900: Namnet på skjemaet står greitt leseleg Knut T. Kaupang, men det er ikkje lett å finn han i databasen, når namnet er tolka til Hunt T. Kanbary.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Den gongen dei fleste av emigrantane ''våre'' flytte til Amerika fanst det ikkje noki namnelov der borte, og folk kunne kalla seg nær sagt kva som helst! Postmannen Ole Christenson Berge frå Luster kalla seg til dømes Ole POAST i Wisconsin, medan Paul Torbjørnson Berge ''omsette'' namnet sitt til Paul HILL. Gardsnamnet Rønnei frå Luster har bortimot eit dusin tal former i Amerika; dei mest ekstreme er nok RUNICE og RENO, medan Kronen frå Jostedalen vart til CROWEN. Namnet mitt, som frå gamalt av vart stava Øiene eller Øyene, vart til OWENS. Ein flekkefjording i Wisconsin med namn Didrik Olson Mjåvatn kalla seg for Dick WHITE, medan ein annan flekkefjording med namnet Ole Olson tok namnet ROSENWATER¨.Korleis eg fann fram til Ed Billison, er ei lang soge, men i hovudsak var det ein kombinasjon av amerikanske kyrkjebøker og samanlikning med folketeljingane frå det aktuelle området. Me skal hugsa på at dei gamle norsk prestane som regel nytta dei norske namni i kyrkjebøkene til langt ut på 1900-talet, men straks det kom ein ''Yankee'' og skulle gjera ei folketeljing eller skriva skøyter, vart namni ''forenkla''...! Dessutan var det ei tid først på 1900-talet der mange av emigrantane gjorde alt dei kunne for å ''gøyma'' det norske opphavet deira; dei ville vera ''ekte amerikanarar'' og særleg førenamni ber preg av dette!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Woll

Takk for innspillene, Lars og Ottar!Har noen noe forslag på hva følgende fornavn ble til 'over there' hvis de ble forandret:Reier - forslag fra meg: Ry, Ryer ....... andre forslag? Hva kunne være norske fornavn på disse:Chas - ??? ........ forslag?Thos./Thos - forslag fra meg: Tosten, Torste(i)n ....... andre forslag? Mvh Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg veit ikkje kva kant av landet eller av USA du har tilknytting til, men:* Chas KAN vera Carl, Karl, Kjøstel, Kjell, Kittel, Karsten etc...* Thos KAN vera Torsten, som du seier, men like sannsynleg er namn som Thomas, Trond, Tollef og Tøger...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Woll

Takk, Lars!Det er Iowa, Illinois, Wisconsin hvor dette p.t. er aktuelt.Hadde du/andre noen forslag på Reier?Mvh Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.