Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#49811] Dei eldste ledda av Hagerupslekta frå Romsdal. Ei oppsummering.

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Eg har her prøvd å summera opp det som kom fram om denne slekta i debatt nr. 43592,. Sjå Lenke.Residerande kapellan i Bud, Hr. Søfren Andersson (1601 – 1621). Var det han som var opphavet til Hagerupslekta i Romsdal og andre stadar nordafjelsk?I Dahls (2000) bok om dei geistlege i Midt-Noreg og i Nord-Noreg i tida 1536 – 1700, vert følgjande 3 born av kapellanen nemnd;A. Anders Søfrensson f. ca 1605 og døydde 1654 i følgje Tønder. Kapellan i Vefsn. Var i følgje Schønnings stamtavler g.m. Lisbeth Lauritsdotter. Anders og Lisbeth hadde 3 kjende born; a) Anne g.m. Søren Jensson, borgar i Trondheim. b) Margrethe g. m. Hr. Peder Pettersson Dass, sokneprest i Alstadhaug og c) Laurits, nemnd som student ved Trondheim katedralskule. B. Ane Søfrensdotter. G.m. Erik Pedersson Juel på Gyl i Tingvoll (Erik var son til Presten i Aukra, Hr. Peder Andersson Acherøensis og bror til Tingvollpresten Hr. Anders Pedersson). C. Dorthe Søfrensdotter. G.m. ein borgar i Trondheim.Det var Schønning som var kjelda til desse opplysningane i følgje Dahl.I Norsk tidsskrift for genealogi, personalhistorie, biografi og literærhistorie Bind III (1926) kjem S. H. Finne – Grønn med ei hypotese om at Hagerup-namnet kan koma frå konene til brørne Richert Richertsson (tollar i Romsdal) og Hans Richertsson (sagbrukseigar i Bølsøy). Sidan dei begge var Søfrensdøtre, kunne dei vera systrer, og begge kunne vera dotrer til presten Hr. Søfren Andersson i Bud. Vidare kjem Finne-Grønn med tanken at Søfren kunne vera son til Hr. Anders Christensson i Hjørlunde på Sjælland der ”landsbyen Hagerup ligg. Finne-Grønn finn likevel at denne kombinasjonen er ”vel sterkt vovet”.Av den grunn set Finne-Grønn fram ein annan hypotese der mor til dei to brørne, Richert og Hans blir antatt å vera ei (Anne) Hansdotter Hagerup og at det er frå henne at slektsnamnet Hagerup har kome. Finne – Grønn greier så vidare ut om ein Hans Hansson Hagerup som held til i Trondheim og som truleg var om lag på same alder som dei to Richertssønene, altså f. kring 1600. Hans Hansson Hagerup vert så vidare gjort til ein brorson av denne konstruerte (Anne) Hansdotter Hagerup. Etter det eg har grunn til å tru, så har endå ingen kome med nye innspel eller hypotesar som event. kan klårlegga kva som her kan vera rett.Attåt dei to systrene, Anne og Gjertrud, er det ymse som tyder på at det var enda to søsken i flokken, nemleg lensmann Christen Søfrensson i Halsa på Nordmøre og Marit Søfrensdotter g.m. Hr. Christopher Olsson Røgh i Hemne. Om vi tenkjer oss at Finne – Grønn har rett og at Anne og Gjertrud var systrer og dotrer til Hr. Søfren Andersson i Bud kan vi setja opp:D. Anne Søfrensdotter (Hagerup) f. 16xx . G. m. Hans Richertsson f. 1589. Sagbrukseigar i Bolsøy. Anne og Hans hadde 5 kjende born, nemleg a) Søfren f. ca 1642, b) Hans f. ca 1644, c) Anders f. ca 1646, d) Karen f. ca 1650 og e) Anne f. ca 1654. Som enkje vart Anne oppattgift med Rasmus Rasmusson Røvik i Romsdal. Rasmus var truleg son til Rasmus Paulsson Aars. E. Gjertrud Søfrensdotter (Hagerup) f. 1612 (?). G.m. Richert Richertsson f. 1604. Tollar i Romsdal. Ein kjenner til følgjande born av ekteparet; a) Karen Richertsdotter f. ca 16xx. Var i live enda i 1708. b) Cornelius Richertsson f. ca 1634. Død før 1707. c) Mads Richertsson f, ca 1635.. Død ca 1689, d) Richert Richertsson d.y. f. ca 1642. e) Petter Richertsson f. ca 16xx d. ca 1693 på Røros. f) Søren Richartsson Hagerup f. ca 1647, døydde i 1702 på Frosta. g) Anders Richertsson Hagerup f. ca 1652. Døydde på Tolga., h) Anne Richertsdotter g, m, Henrik. F. Christen Søfrensson Halse f. 1616/1619. G.ca 1665 m. Gjertrud Henriksdotter (Strøm?). Lensmann i Halsa på Nordmøre. To born, a) Richart f. 1667 og b) Marit f. ca 1669. G. Marit Søfrensdotter. G.m. Hr. Christopher Olsson Røgh i Hemne. 5 kjende born; a) Ole f, ca 1648, b) Søfren f. ca 1649, c) Margrethe f. ca ????. d) Lisbeth f. ca ????, e) Hans f, ca ????.Når det gjeld dei to siste, så er det for så vidt berre indisier som peikar i den leia at dei tilhøyrer denne søskenflokken. Vi kan først sjå litt på lensmannen i Halsa, Christen Søfrensson. Namnet Søren el. Søfren er lite bruka på Nordmøre på den tida, så helst må Christen vera innflyttar. Christen vert gift med enka etter gammallensmannen i soknet, slik at han vel også gifter seg til denne ganske gjæve stillinga. Dette tyder på at han kjem frå ei ganske framtredande slekt. Han kallar den einaste kjende sonen for Richart. Dette namnet er enda meir sjeldan enn Søfren (Søren) og gjev straks assosiasjonar til Falch-ætta. Som kjend var slekta godt representert i Romsdalen, m.a. ved dei to brørne Richart og Hans Richartsoner. I tillegg var presten i Hemne, Melchior Jacobsson av Falchætta. Melchior var son til lagmann Peder Jacobsson og kona Margrethe Petersdotter (Falch). Peder held vel også til i Romsdalen i deler av livet sitt.Denne sonen til lensmann Christen i Halsa, Richert kallar eldste dotter si for Gjertrud Hagerup, noko som også peikar sterkt i retning av slektskap mellom Halsafolket og Hagerupane i Romsdal. Richart er også formyndar for ein av sønene til presten Hans Hansson Hagerup i Kvernes. Om oppsettet ovafor er rett, så var lensmann Richart Christensson Halse (Karlsvik) og Hr. Hans Hansson Hagerup i Kvernes søskenborn.Når det gjeld Marit Søfrensdotter g.m. Christopher Olson Røgh i Hemne, så prova på at ho var av same søskenflokken endå svakare enn for lensmann Christen Halse. Det einaste som peikar i den retning er at det i buet etter Hr. Hans Hagerup i Kvernes fansk ein sølvgjenstand som var merka med Marit sl. Hr. Christopher Olsson. Det kan ikkje vera særleg tvil om at dette gjeld hemepresten Christopher Olsson Røgh og kona Marit Søfrensdotter. (Så vidt eg veit har ingen funne fram til kvar Marit kom frå tidlegare). Årstalet på sølvgjenstanden tyder på at dette er ei bryllupsgåve til Hr. Hans og siste kona. Kvifor skulle så Marit vera til stades i dette bryllupet om det ikkje var fordi ho var ein nær slektning? Av den grunn trur eg at ho var morsøster til brudgommen. Eg kunne tenkja meg å motta både motførstillingar og eventuelle suppleringar/rettingar når det gjeld oppsettet mitt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Alt såg så oversiktleg og greitt ut då det vart kopiert frå eit word-dokument, men det meste av formateringar forsvann på vegen. For å retta litt på dette skal eg setta opp dei 7 som eg trur er borna til Hr. Søfren Andersson i Bud i samanheng.A. Anders Søfrensson ca 1605 - 1654. Kapellan i Vefsn under Alstadhaug prestegjeld. (Kjelde: Dahl 2000)B. Ane Søfrensdotter g.m. Erik Pedersson Juel på Gyl i Tingvoll (Dahl 2000).C. Dorthe Søfrensdotter g.m. ein borgar i Trondheim (Dahl 2000)D. Anne Søfrensdotter (Hagerup) g.m. Hans Richertsson (Hagerup) f. 1589 (fleire kjelder). Anne gift 2. gang med Rasmus Rasmussom Røvik.E. Gjertrud Søfrensdotter (Hagerup) 1612 - . g.m. Rchert Richertsson Hagerup f. ca 1604, tollar i Romsdal. (Sjå forrige innlegget)F. Christen Søfrenson Halse f. ca 1616/1619. Lensmann i Halsa på Nordmøre. Gift ca 1665 med enka etter føremannen i embetet, Gjertrud Henriksdotter (Strøm frå Hitra?). (Sjå forrige innlegget)G. Marit Søfrensdotter g.m. Hr. Christopher Olsson Røgh i Hemne i Sør-Trøndelag. (Sjå forrige innlegget)Er framleis interessert i suppleringar, innvendingar, korreksjonar m.m.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I første innlegget mitt hoppa eg bukk over etterslekta til B. Erik Pedersson Juel (Gyl) og Ane (Anne) Søfrensdotter. Når sant skal seiast, så har eg så langt ikkje klart sikkert å identifisera nokon born i dette ekteskapet til Erik Pedersson.Det vi sikkert veit er vel om lag som følgjer:Erik Pedersson var først gift med ei Alhed Hansdotter (av ukjend opphav). Paret er oppgjevne som givarar av ei lysekrone i Tingvoll kyrkje og namna, saman med årstalet 1624 er innrissa på lysekrona. Alhed var truleg mor til handelsborgaren, Hans Eriksson Juul i Sogn (gard i Tingvoll). Vidare hang det eit maleri i kyrkja som var ei gåve frå Erik Pedersson og Anne Søfrensotter (namna er normalisert her) med årstalet 1647. Om Erik hadde born med Anne veit vi altså førebels ikkje.Vidare veit vi at Erik Pedersson hadde ei dotter, Kirsten f. 1658 i siste ekteskapet sitt med Dorothea Henriksdotter Rytter (d. 1689 i følgje Hyldbakk). Vidare skal Erik Pedersson, som døydde i 1663 ha vore gift med ei Kirsten Eriksdotter Blix. Denne opplysningen skal visstnok finnast i Berhoftslekta si familiebok, i ei avskrift i Lassens saml. RA. Kirsten var dotter til Hr. Erik Lauritzson Blix og kone Maren Jensdotter Bull. Det ligg då nær å tru at Kirsten var den nest siste kona til Erik, sidan den einaste dotra i siste ekteskapet vert kalla Kirsten og dermed var oppkalla etter Kirsten Blix (nokre av desse opplysningane er henta frå tråd nr. 31538). Enka Dorothea vart gift på nytt med Jesper Lambertsson Balchenborg.I bygdeboka for Tingvoll er det oppgjeve to born til Erik, nemleg Hans Eriksson i Sogn og Kirsten Eriksdotter (g.m. Ingebrigt Haftorsson Vulvik) som nemnd framom. Var det da ikkje fleire? Vi kan nok temmeleg sikkert fastslå at Verdalspresten Peder Eriksson Juul var son til Erik Pedersson, helst i første ekteskapet hans. Peder Juul er nemnd som kapellan i Verdal så tidleg som i 1639 og er truleg identisk med ein Petrus Ericius Nidarosiensis som vart studen i København i 1633. Han var i følgje Dahl f. ca 1617 og døydde i 1670. Det betyr at han ganske sikkert ikkje er son til Anne Søfrensdotter, sidan Erik er nemnd saman med første kona enda i 1624.No hadde Erik heilt sikkert endå ein son og denne sonen heitte Anders. Eg veit ikkje kvar denne Anders held til, om også han vart prest, - eller om han vart gardbrukar på ein av gardane i heimbygda? Grunnen til at vi veit om denne Anders er at det var ein Erik Andersson som hadde krav i buet etter Hans Eriksson Sogn. Denne Erik kallar Hans for farbror sin, og truleg hadde Hans vore verge for Erik og at det var arvemiddlar det var snakk om. Heller ikkje her kan vi veta sikkert kva for ekteskap Anders kan vera frå, utan at det heilt sikkert ikkje var frå det siste. Det er muleg at ei nøye gransking av kyrkjeboka for Tingvoll kunne ha vore til hjelp med å identifisera fleire av borna til Erik Pedersson Gyl og konene hans.Ved koppskatten i 1645 er det nemnd heile 14 peronar på garden som Erik brukar og mange av dei kunne godt vera borna hans. Namna var; Anders, Olluf, Peder, Niels, Erik, Jon, Even, Marit, Sollau, Malli, Gjertrud, Anne, Gjertrud og Ales. Om den siste var dotra til Erik Pedersson, så var ho truleg også dotter til Anne Søfrensdotter. Ho var da helst oppkalla etter første kona til Erik.No nemner Dahl (2000) ein avtale mellom Hr. Peder Eriksson Juel og lektor ved katedralskulen i Trondheim, Hans Søfrensson. Truleg hadde denne avtalen med prestegjerninga og prestegarden å gjera. I innlegg 10. debatt nr. 31539 undrast John H. Aarønes om lektoren Hans Søfrensson kan vera bror til Anne Søfrensdotter (B). Dette kan ein sjølsagt ikkje utelukka, men så langt er det lite konkret å visa til i så måte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alv Edvardsen

Hei. - Jeg fant denne tidligere debatten og som berører spørsmål vedr. slekten til Lensmannsætten på Halsa. -- (j.fr. mitt tema 80611.) --Det jeg da lurte på, var om det er kommet frem noen rimelig sikker konklusjon vedr. Rikkert - navnet på Halsa / Karlsvika, i relasjon til et evt. slekstforhold til Falch ætten i Trondheim og evt. hvordan ? -- Er noe publisert om temaet ? -- M.v.h. Alv.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.