Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Aarland

[#49954] Giske Olsdtr Marøy f. 1784 og hennar slekt

Recommended Posts

Gjest Terje Aarland

Slekta mi på morsida kjem frå Marøy og Giske var mor til min tippoldefar Lars A. Andersen Marøy. Eg har funne dei aller fleste etterkomarane etter Lars, men treng også forfedrene hans. Nokre av slektningane hans har eg vanskar med å finna. Mor mi har fortalt at mor hennar hadde svært god kontakt med slekta på Marøy og på Sylta. Det var elles mykje slekt i bygdene kring Manger. Tanta mi som vart født i 1910 fortalte at ho kunne hugsa at ho og mi mormor var i ein begravelse på Toska i 1920 åra, men eg er ikkje i stand til å finna kven i slekta som besette seg eller kven som var frå Toska.Det hadde vore fint om eg kunne fått info om Giske Olsdtr si slekt.Eg har også funne at Giske var gift 2. gong med Mons Johannessen Rikstad. Eldste bror til Mons vart gift til Villanger. Barnebarnet til Ola, Ola Rasmussen Villanger vart gift med Ragnilla Nilsdtr. Toska. Det kan vere mulig at der var eit anna slektsforhold mellom folka på Marøy og Toska,evn. Villanger.Håpar at det er nokon av Dykk som kan hjelpe meg å få alt dette på plass, slik at eg kan sjå kva som er forholdet mellom alle desse slektne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Far til Giske var Ola Knutsen Marøy og Martha Larsdtr. Risnes. Far til Ola var Knut Ivarsen Marøy og hans far igjen var Ivar Rasmussen Sæle f. ca 1675 og kom frå Nordre Sæle i Øygarden.Det hadde vore litt interessant og også fått litt info om etterkomarane etter Ivar Rasmussen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Dotter til Giske var Johanna og ho busette seg på Sylta der ho vart gift, men døydde alt i 1849. Er det nokon som veit noko om kvar det vart av hennar etterkomarar?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Eg har funne at Hohanna Andersdtr. Marøy vart gift med Jon Mikkelsen Sylta, og dei hadde desse borna:Kari f. 1841 d 1841 Kari f, 1843 gift 1867 m Steffen Mikkelson Olsvoll, SalhusAndrine f. 1845 g. 1873 med Nils Monsen Dale (Dale i Øygarden)Martinus f. 1847 (Sylta på Radøy)Johanna døde i 1849.Martinus Jonsen Sylta f. 1847 d. 1924 g.m Berte Henriksdtr. Solheim f, 1854 d. 1917 (frå Splheim i Masfjorden)Barn:Johan Martin f. 1879 d. 1887Henrikk Aletta f. 1882 d. 1934 (til Bergen)Johannes* f. 1884 - SyltaJohan Martin f, 1892 d. 1917 ug.Bernt Steffen f. 1894 til Amerika-- * Johannes Martinussen Sylta f. 1884 d 1939 g.m. Ingeborg Benedikke Marie Kristiansdtr. Hellesund f. 1888 d. 1969 på SyltaDette paret hadde 10 barnElisabeth f. 1910 til BergenMagnus Bertin - VillangerAslaug Henrikke på HernarKjell på SyltaJohanna Maria gift i Ålesund med Victor SandelinPeder Johan til Stavanger g.m. RagnaIngeborg Johanna gm. Hans Rye (Fana)Berta gm Per Simonsen i OsloMaria Sofia fm Asbjørn Håland (Fana)Kjellaug Bergitta gm. Olav Mikal HauglandDersom det er nokon som kjenner til desse, kan dere sende dere sene e-post til meg på:taarland@broadpark.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.