Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#50035] Merkeleg forsamling - eit skodespel?

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

I Kristiansundsavisa 'Tidens Krav' stod i dag dette biletet. Som det går fram av teksten under biletet vart det funne bortgøymd på baksida av eit anna bilete. Avisa undrast på om nokon kjenner att biletet og om det eventuelt kan vera frå eit skodespel? Vidare undrast dei om det kunne vera kompromiterande å ha dette i si eige sidan det var bortgøymd. Sjølv synes eg at det noko kjend med biletet, men klarar ikkje å kombinera heilt. Vonar at nokon andre kan hjelpa?Mvh Finn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Gløymde å få med biletetDS

bilete2795.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Eg kan jo gissa på at paret til venstre skal vera Rosa Luxemburg og Karl Liebknecht, men det er eit skot i blinde!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Kanskje er det nokon som er så godt inne på motar at dei kan seia kva tidsepoke biletet er frå?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Biletet minner meg mykje om eit par andre eg har sett på våre kantar - mange ungdomslag sette opp skodespel, og då tok dei gjerne bilete av aktørane i full mundur etterpå. Skimtar vi kanskje ein scenekant framme i biletet?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

At eit bilete er på baksida av eit anna er forresten ikkje så spesielt. Ein hadde gjerne eit anna bilete ein heller ville henge opp etter ei stund, og biletråmet var ikkje overskotsvare. Dekte ein berre over det gamle hadde ein i alle fall ikkje kasta det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jarl V. Erichsen

Dette må være på en scene eller i et atelier, for det virker som om de kaster skygge på bakteppet. - Jarl -

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Aase og Jarl!Eg trur også det må vera på ei scene. Bakgrunnen verkar å vera ei falsk kulisse, medan skodespelarane synest å stå på eit tregolv (scene). Så spørs det da kva for skodespel dei har framført? Det er neppe nokon kommedie, såpass alvorlege som dei er. Nokre av mennene har forresten litt spesielle hovudplagg. Kvar var det slike vart brukt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Med det lange skjegget og disse hodeplagga ser de ut som jöder, jeg kom til å tenke på 'The Merchant of Venice'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Til (9).Ja, eg har også vore inne på tanken at det var jødar. Det var difor eg kom med framlegg om at det kunne vera Rosa Luxemburg og krinsen rundt henne. Ho var som kjent polsk jøde og seinare tysk kommunist som saman med bl.a. Karl Liebknecht vart avretta av tyske høgreekstremistar den 15. januar 1919. Om biletet skal førestilla desse personane, så var det kanskje ikkje så rart om biletet vart gøymd, f.eks. under siste verdskrigen. Kommunist og jøde var jo ein livsfarleg kombinasjon på den tida.Men no kan det jo vera at dette er ei litt for fantasifull forklaring og at Kjellaug er nærare sanninga enn eg?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×