Gå til innhold
Arkivverket

[#50036] Anders Pederson Heggestad (1867) - myrda i Amerika før 1911 - dobbelgangarar?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anders Pederson Heggestad (Stølen), fødd i Hafslo 25.1.1867, son av Peder og Guri Heggestad, budde framleis i Hafslo i 1891 (jmf. FT1891), men var i 1895 komen til Moland township nær Moorhead, Clay Co., MN (jmf. FT1895).FT1900 for Veblen, Marshall Co., SD syner:Andrew P. Heggestad, born Feb. 1875 in Norway, single farm laborer, emigrated 1893.Eg TRUR dette må vera same mannen, men at alderen er feil. ''Min'' Anders levde framleis i Amerika i 1903, men eit brev frå 1911 fortel oss at han hadde vorte MYRDA i Amerika, utan at staden er oppgjeven.Eg har tre spørsmål:* Eg har aldri greidd å finna ei utvandring for Anders Pederson Heggestad, i alle fall ikkje over Bergen hamn, endå om han må vera faren mellom 1892 og 1894! Finst han nokon stad?* Finst det eventuelt ein ''dobbelgangar'' (namnebror) som kan ha utvandra kring 1893 og som var fødd kring 1875?* So er eg sjølvsagt interessert i alle tips om korleis me skal finna den endelege lagnaden til Anders P. Heggestad i Amerika...? Under kva omstende vart han myrda?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.