Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#50086] Anna Christine Johnsdotter Aafløy/Meringdal, f. Nesset (M&R) 1844 - til Amerika?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anna Christine Johnsdotter Meringdal vart konfirmert i Eresdal sokn, Nesset i Romsdalen i 1860. Fødselsdatoen hennar er oppgjevi til 6.11.1844 på Aafløy i Nesset, og foreldri var plassfolk John Bottolfson og kona Martha Andersdotter.Foreldri var komne frå Nordfjordeid, men ser ut til å ha hamna på Meringdal i Nesset som plassfolk(?).Anna skal ifølgje opplysningar mottekne frå Amerika ha gift seg første gongen med ein FIRSETH, som me ikkje veit noko meir om. So gifte ho seg att i Minneapolis, MN 4.3.1900 med enkjemannen Ole Monsson Fuglie, som hadde opphavet sitt frå Vestre Slidre.Eg finn ikkje Anna i FT1900 eller 1910, men i 1920 er det oppgjeve utvandringsår 1888, medan det i 1930 er oppgjeve utvandringsår 1863.Truleg vil ei BYGDEBOK for Nesset vera beste kjelda for å svara på desse spørsmåli mine:* Kva var rette bustaden til John Bottolfson og Martha Andersdotter i Nesset - d.v.s. kvar hamna dei? Dersom dei vart plassfolk under Meringdal, veit ein kva plass dei budde på?* Kva år utvandra Anna Christine Johnsdotter til Amerika?* Finst det opplysningar om første ekteskapet hennar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Aafløy-familien har vært tema i brukerforumet en del ggr. Her er litt info jeg har fanget opp under tema Jon Bottolfsen, Nesset: Lenke Grethe.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg. Eg var ikkje klar over at denne huslyden har vore oppe før, men medan forfattaren av tema #48620 er på jakt etter opphavet, leiter eg etter eitt av borni...Men spørsmålet mitt om bustaden til denne huslyden finn svaret sitt i nemnde tema, og det er eg takksam for!So er det å vona at einkvan veit noko om soga til Anna Christine før ho gifte seg som enkje i Minneapolis, MN i 1900?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne å turka støv av dette temaet frå i fjor, for eg er ikkje vorten klokare på UTVANDRINGI til Anna Christine Aafløy, bortsett ifrå at FT1910 liksom FT1920 oppgjev utvandringsår 1888, so truleg er dette årstalet ganske so nær sanningi!?FT1910 oppgjev dessutan at Anna ikkje hadde born, noko eg tolkar som at ho heller ikkje hadde born frå første ekteskapet sitt!? Samstundes kan det sjå ut som om at første mannen, ''Mr.'' Firseth, var ein ho hadde vore gift med i Noreg. Men kven kan han ha vore? Eg ser fleire gardar i Romsdalen med liknande namn, Først, Furset etc....Eg vonar at einkvan i Brukarforum kan bidra med oppklarande opplysningar om utvandringi til Anna og takkar på ny for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Ingunn Selnes

Hei Lars! Kan ikke hjelpe deg med Anna Christine, men jeg har sett i b. 8 av Nessetbøkene på Meringdal, og der var det ingen husmannsplass, noe også folketellinga i 1865 bekrefter. Anne har sikkert vært tjenestejente i Meringdalen da hun var konfirmert. Kirkesognet er Sira eller Eresfjord, ikke Eresdal.Det ser ikke ut til at 'Botolfsenfolket' var på Åfløy heller i 1865. Siste linjene som står om de på Åfløy i b. 1 er: 'Det blir fortalt at familien var mykje plaga av sjukdom og sat tungt i det økonomisk. I 1860-åra er Botolf omtala på Åfløy fleire gonger, så han og kona har truleg vore der ei tid, men kvar det seinare vart av dei er ukjent'.MvhRandi Ingunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

Bare et lite forslag!Firseth = Finseth?Mvh Ann-Mary

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×