Gå til innhold
Arkivverket

[#50165] Christopher Haagenson og Ragnhild Larsdotter frå V. Slidre/Vang - utvandra 186?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Christopher Haagenson Viker, fødd i Vestre Slidre kring 1822, og Ragnhild Larsdotter Hakkestad, fødd i Vestre Slidre kring 1822, vart vigde i Vestre Slidre i april 1847. Dei fekk fleire born, først i Vestre Slidre og sidan i Vang, men forsvinn frå Vang etter januar 1861. Dei er ikkje i Valdres i 1865!Dotteri Anna, fødd på Brekken i Vang 26.11.1854, gifte seg i La Crosse, WI i 1875 med John Mikkelson frå Sogndal i Sogn.Då siste barnet vart døypt i Vang i januar 1861, var foreldri plassfolk under Oppdal i Vang, men eg har leitt i bygdeboki under Oppdal og i emigrantlistene frå Vang fram til 1865, men finn ikkje denne huslyden nemnd korkje her eller der...Er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg med å:* Identifisera bustaden som denne huslyden hadde i Vang?* Finna utvandringsåret til denne huslyden?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Dette problemet står framleis utan løysing, men kanskje er det einkvan med lokal kunnskap i Valdres som kan bidra med tips?Eg takkar på ny for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Botterud

Hei Lars, jeg vil anta at det her er snakk om Skrøviken. Familien er sikkert i slekt med Semeleng folket i og med Håkon-navmet. Om du ser under bruket Øye (Kyrkjevoll) i bygdeboka for Vestre Slidre (som jeg nå regner med at du har skaffet deg siden den berører så mange av 'dine' interssenter) har Geir Beiterusten skrevet litt om sammenhengen rundt Semeleng folket på 17-1800 tallet. Som jeg ser fra kirkeboka er Christopher Haagenson sønn av Haagen Haagenson som jo kommer fra Semeleng og var barn av Haagen Pederson Semeleng og Kari Iversdatter Vika. Haagen Pedersen døde i 1802. Det står for øvrig lite om disse i boka til professor Per Tuff om Semelengetten.Lars Eriksen, far til Ragnhild, var son av Erik Larsen (gevorben soldat) og var født på Hjelle (Sjefsgarden) i 1800 med slekt til Robøle heima åsen og Løken likeså. Erik var atter gift med Gro Alfsdatter Lomen.Håper det gav deg litt. Ellers er jo bøkene til Geir om Slidrebygdene fin sengelektyre for en sogning.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Svein for spennande innlegg.Diverre, bøkene frå Vestre og Austre Slidre har eg aldri skaffa til veges. Det er mange folk frå indre Sogn med tilknytting dit, og eg var faktisk på ''nippet'' til å kjøpa ei av desse bøkene då eg for mange år sidan vitja muséet på Fagernes. MEN, då eg bladde i boki, vart eg so vonbròten over omfanget av ættesogestoffet at eg let det vera...Eg lyt her leggja til at eg, om eg ser på kvar desse indresogningane ''mine'' henta ektemakar ifrå, anten det var i Noreg eller etter dei var komne fram til Amerika, laut handla inn bygdebøker frå store kantar av landet. Eg trur ikkje eg overdriver om eg seier at minst halvparten av alle kommunane i Noreg er nemnde i manuskripti mine...!Men attende til Christopher og Ragnhild:Problemet her ligg ikkje først og fremst i Vestre Slidre, men heller i Vang...!? Vigsli frå Slidre frå 1847 fortel oss at Christopher var frå Viker i Vestre Slidre, medan Ragnhild var frå Hakkestad i Vestre Slidre, båe matrikkelgardar der i bygdi. For mitt føremål treng eg ikkje fleire opplysningar om opphavi deira; derimot skulle eg likt å få greie på:* Bustaden deira i Vang?* Og kva år dei utvandra til Amerika?Finst det svar på desse spørsmåli i bygdeboki for Vestre Slidre?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Botterud

Nei Lars,desverre finnes intet svar på deres liv i Vang i mine bygdebøker og ei heller i Per Tuff sin bok om Semeleng slekten. I og med at denne slekten var av betydning i Valdres også på 1800-tallet kan de ha flyttet litt rundt på seg. Når det gjelder utvanding er nok reise fra Bergen mest sannsynlig i og med at de bodde ved Oppdalsgårdene som nesten er i Sogn vet du.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.