Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#50233] Olaus Olson Amundrud, f 1844 - til Amerika 1861 med onkel Nels Larson -kvarifrå?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Frå Fillmore Co., MN får eg framsett følgjande påstand:Olaus Olson, fødd ''fem mil nord for Christiania'' 14.1.1844, son av Ole Amundrud og kona Dorothea, utvandra til Amerika i 1861 i lag med ein onkel Nels Larson.hjå FamilySearch finn eg i grunnen berre ein god ''kandidat'':Olaus Olson, fødd i Norderhov 1.10.1845, døypt 11.1.1846, son av husmann Ole Nilsson Gjermundboeige og kona Dorothea Jensdotter (eller Iversdotter?). I Norderhov finst namnet Amundrud, men kan ''vår'' Olaus vera derifrå? Er kanskje Amundrud ein (tidlegare) husmannsplass under Gjermundbo?Olaus gifte seg første gongen i Minnesota 8.12.1867 med ei jente som i kyrkjebøkene i Fillmore Co., MN ber namnet Bergit Russell. Ho var dotter av Tov Olson og Tone Osmundsdotter og fødd i Hjartdal 4.4.1844. Korleis ho fekk namnet Russell, skjønnar eg ikkje!Eg er svært interessert i følgjande opplysningar:* Stadfesting av opphavet til Olaus Olson (Amundrud)?* Fulle namn på foreldri hans og kvar dei var fødde/voks opp?* Stadfesting av utvandringsåret til Olaus?Spørsmål om Bergit Tovsdotter vil eg ta opp i eige tema.Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Robert Bjerke

Olaus var fra Aamundrud i Nannestad. To av hans døtre ble gift med brødre som var i slekt med meg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Robert og Odd Brede for flotte opplysningar! Eitt års avvik på fødsli, men rett dato!No lurer eg på om utvandringi frå 1861 kan stadfestast, samstundes som opphavi til dei to foreldri Ole Larsson og Dorthea Ingebrigtsdotter kan finnast?Til deg, Robert; veit du kor mange born Olaus og Bergit hadde? Eg har funne seks av dei!Og veit du kvar ekteskapet mellom Olaus og Bergit vart halde? Eg har ikkje funne det i Fillmore Co., MN!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Robert Bjerke

I Nannestad bygdebok bd. 3, s.541, finnes farbroren Nils Larsen fra Aamundrud med familie blant emigrantene fra Bjerke sogn i 1861. Men ikke Olaus.Paa side 543 av samme, finnes foreldrene til Olaus blant emigrantene 1869 med de yngre barna, men ingen Olaus. De hadde billett til La Crosse, Wisconsin, som er den største byen i nærheten av Highland Prairie menighet i Fillmore County, Minnesota.Paa side 300 av bd.3, staar det at Ole Larsen var 'visstnok fra Eidsvoll'.Om barna hans Olaus vet jeg bare om Karoline født 1878, og Amelia født 1884.Det triste er at da jeg gikk av med pension, ga jeg mine genealogiske samlinger om utvandrede Nannestad-folk til Vesterheim Genealogical Center i Madison, Wisconsin. Hvis jeg fant noe mer om disse menneskene, saa ville jeg ha ført det inn der.Haaper dette hjelper, Bob Bjerke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Robert for nytt innlegg.Etter nærare undersøkingar i amerikanske folketejingar er eg komen til at Olaus og Bergit i alt fekk sju born; dei seks som fins i basen her på Digitalarkivet (Fillmore County births) i tillegg til Amelia (1884).Diverre manglar Bjerke sokn av Nannestad i 1865-teljingi, men eg ser av utflyttingslistene at Ole Larsson Aamundrud var 53 år og Dorthea Ingebrigtsdotter 50 år då dei utvandra til Amerika i 1869, og dei vart IKKJE vigde i Nannestad.Du Robert nemner at Ole Larsson, ifølgje bygdeboki, ''truleg'' var frå Eidsvoll, men kva står det i bygdeboki om opphavet til Nils Larsson Aamundrud, som var 40 år gamal då han utvandra i 1861? Og kva med opphavet til Dorthea Ingebrigtsdotter?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Brede

En aktuell Dorthe døpt 1820 i Ullensaker - nederst på høyre side LenkeOdd Brede

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjerteleg takk til Odd Brede for siste innlegg.Jau, eg såg òg hjå FamilySearch denne Dortha Ingebrigtsdotter fødd i Ullensaker og gjekk gjennom vigselsprotokollane for Ullensaker for 1838 til 1845, men fann ikkje noki vigsle...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Robert Bjerke

De maa tilgi at jeg ikke leste nøyaktigere den første gang.Naa ser jeg at Ole og Nils var sønner av Lars Olsen Aamundrud, som kom fra Venjermoen i Eidsvoll. Ole fikk farens gaard, og Nils kjøpte nabogaarden 1855.Det var Oles kone, Anne Dorthea Embretsd., som var 'visstnok fra Eidsvoll'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein sein, men like hjarteleg takk til Robert for nye og nyttige opplysningar! Etter dette kjem me vel neppe nærare i identifikasjonen av foreldri til Olaus Olson...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×