Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#50234] Bergit Tovsdotter Hogstul ''Russell'', f. i Hjartdal 1844 - til Amerika -kva år?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Bergit Russell gifte seg i Minnesota 8.12.1867 med Olaus Olson (Amundrud). Denne Bergit var fødd i Hjartdal 4.4.1844 som ''uekte'' dotter av Tov Olson Tveten frå Tuddal og Tone Osmundsdotter Hogstul.Er det nokon med lokal kunnskap eller tilgjenge på ei bygdebok frå Hjartdal som kan fortelja meg:* Kva år utvandra Bergit Tovsdotter til Amerika?* Er det noki ''logisk'' forklaring på ættenamnet Russell, som Bergit nytta i Amerika? Kanskje mor hennar utvandra og gifte seg med ein ''Yankee'' med dette namnet?* Var Tov og Tone gardbrukarborn eller plassborn? Kvar busette dei seg?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her er en Bergit Tovsdtr. 21 år som tjenestejente i Hjartdal i 1865.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Kan dette være Birgit Tovsdatter i 1865? LenkeNå så jeg at jeg svarte samtidig med Rune.Mvh. Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Her er en Tov Olsen som er enkemand i 1865: LenkeGunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Gunn for interessante innlegg.Eg ser av FamilySearch at det var to Bergit Tovsdotter fødde i Hjartdal 1844/1845, og det er vel ikkje so godt å seia om Tov Olson er han som nemnest i 1865. Han var tross alt ugift i 1844...Eg har ein mistanke om at me er avhengige av lokal kunnskap eller ei bygdebok for Hjartdal for endeleg avklaring av dette problemet...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Bergit Tovsdotter f. 1844 av mor Tone Åsmundsdotter er omtala på side 596 i Hartdalsoga, band 1, Tuddal, under garden Nord-Hogstul. Det heiter her at Tone drog til Amerika med dotter si (far Tov O: Tveiten) i 1846 samstundes med broren Ola Åsmundsson Hogstul og huslyden hans. Tov Tveiten 'tok etter' i 1849.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Og Tov Olsson Tveiten f. 1814 er nemnt på side 197 under Nord-Tveiten i same boka som nemnt over. Opplysningane er dei same og samsvarar elles med det som står om Tone og dottera Bergit under Nord-Hogstul.Det at Birgit kalla seg Russel da ho gifta seg i 1867 har truleg med reint amerikanske tilhøve å gjere, og ikkje noko samband med opphavet hennar i Tuddal. Eg klarar iallfall ikkje å sjå nokon slik samanheng. Ho var vel dessutan meir amerikanarinne enn tuddøle i og med at ho berre var to år da ho kom til USA.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Anfinn for perfekt oppklaring av dette problemet, som, bortsett ifrå ei forklaring på namnet Russell, no er heilt løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.