Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Guro Reinhar

[#50247] Fjaler - gårdene Bjordal og Eikelid primo 1700 - hjelp til oppslag i bygdebok.

Recommended Posts

Gjest Guro Reinhar

Kan noen slå opp i Fjaler bygdebok under Bjordal og se om Niels Colbensøn (16 år i 1701) er identisk med Nils som giftet seg 1714 med Brita Didriksdatter Eikelid? Ifølge FS er barn født på Eikelid.LenkeSøker opphavet til Ole Nilson født rundt 1715, gift med Brita Monsdatter - de var på Helleseth i Fjaler, og brorenJohannes Nilson født rundt 1715 gift med Agate Arneddatter Engebø - de var på Fure i Askvoll.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Sæther

Sidan ingen andre så langt har gitt deg respons, kan du få nokre ord frå meg. Eg var tilfeldigvis på biblioteket her i Førde da eg las innlegget ditt. Det var like før stengetid, og rakk derfor ikkje å finne fullgode svar på det du spør om. Men denne Niels Colbeinsson stod oppført under Bjordal, og kona hans Brita Didriksdotter likeså. Niels må vel vere identisk med han i manntalet frå 1701. (Eg finn han ikkje mellom dei som kjem opp når eg trykkjer på lenka di, men her skal han vere: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=22&filnamn=1701nba&gardpostnr=2186&merk=2186#ovre>Lenke .) Elles gjekk det fram av bygdeboka at det var Ole Nilsson som vart gift med Agate Arnesdotter, mens det var Brita Monsdotter som vart kona til broren Johannes. Giftarmålet til dei førstnemnde er registrert på FS:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Guro Reinhart

Nei, så snilt av deg! Jeg tar meget gjerne i mot ditt tilbud hvis ingen andre kan hjelpe. Mener du det sto at Ole og Johannes var sønner av Nils Colbensen og Brita Didriksdatter?Jeg har heller ikke noe spesiell kjennskap til slektene i dette området - jeg har bare sporadisk beveget meg her for å forsøke å få litt mer orden på min manns slekt - så jeg tar i mot all hjelp med en stor takk!Hilsen Guro

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Sæther

Eg har vore innom biblioteket att, og vil her presentere ein del sitat frå dei aktuelle bygdebøkene.Frå Gards- og ættesoge for Fjaler bind III s. 226 under Bjordal br. nr. 1, l.nr. 239:'Frå 1698 til 1730 sat Kolbein Arneson på dette bruket. I tida 1731 til 1762: Arne Kolbeinson (eigar frå 1740). Han var f. 1703, d. 1767, g. m. Anna (truleg frå Bjordal) f. 1703, d. 1781.'Frå bind III s. 244 under Eikelid, gard nr. 108, l.nr. 243:'Frå 1713 til 1751 sit Nils Kolbeinson i Eikelid. Han var g. m. Brita Didriksdtr. og i skiftet etter henne 1745 var nemnde borna: Johannes bonde på Håland 1742-1752. Kolbein 24 år (var på ferd til Bergen). Anne, g. m. Elling Endreson Hovlandsdal, bonde Hovlandsdal. Åse f. 1726, d. 1760. Kari, g. m. Knut Endreson Vågen, Bjordal.'Frå bind I s. 117 under Helleset br. nr. 1, l.nr. 19:'Johannes Nilsson var brukar i tida 1743-1762. Han var g. m. Brita Monsdtr. Johannes var truleg frå Fure, Askvoll. Born: Gjertrud. f. 1738, g. 1764 m. Ananias Nilsson Loftheim. Mons f. 1742.'I Askvoll bygdebok bind IIA under Fure g. nr. 34 finn eg ikkje nokon Nils som Johannes kan ha vore son til. Same bind s. 438 under Fure:'Ole Nilsson frå Fjaler. B.br. 1755 (1 pd. 12 m. sm.) bror til Johannes Nilsson Helleset, g. m. Agate Arnesdtr. Engebø, Fjaler, d. 1798, 80 år.' Barna deira var: Nils f. ?, Ole f. ca. 1760, Janikke f. 1763, Dorte f. 1765, Kolbein f. 1767. Kona vart elles gift på nytt i 1784 med Bertel Monsson Langenes frå Fjaler.I Gards- og ættesoge for Fjaler bind I s. 147 under Engebø g.nr. 11 l.nr. 29 står det om enkja Janikke Olsdtr. (død 1765) som gifta seg for tredje gong med Arne Pedersson Årset frå Jølster:'I ektesk. m. Arne Pederson var døtrene: Anna, g. m. Peder Torsteinson Våge, Askvoll, Ågate, g. m. Ole Nilson Fure og Elisabeth f. 1745, g. 1763 m. Lars Jonson Vårdal.'Konklusjonen må vel bli at bygdebøkene ikkje gjev svar på spørsmålet ditt, iallfall ikkje så langt eg kan sjå. Men det er vel ikkje noko som er til hinder for at Ole og Johannes kan ha vore sønene til denne Nils Kolbeinsson, sjølv om dokumentasjonen på dette ser ut til å mangle. I så fall kan nok Brita Didriksdotter neppe ha vore mora, i og med at dei ikkje er nemnde i skiftet etter henne.Helsing Knut.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Guro Reinhart

Du og du for en innsats! Tusen takk for hjelpen, her fikk jeg mye å gå videre med! Vennlig hilsen Guro

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.