Gå til innhold
Arkivverket

[#50311] Oppslag i bygdebøker for Solund (Sogn og Fj)


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Olai Andreas Rasmussen Dumben/Dumba f. 10.06.1868, forlet Norge i 1891.Bertha Marie Andersdtr. Hagen f. 09.12.1869, dreg avgarde i 1893.Står det noko om dei? Eg trur dei gifta seg i Amerika, ho er nemleg gift med ein Ole Rasmussen f. 10.06.1868, så det er vel så godt som sikkert at det er Olai Andreas.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

PS:Berthe Marie er ved dåpen ført som f.03.12.1869, men ved konf.har presten notert 09.12.1869. DS.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Æh, forresten, det er nok eit 9-tal, eg har ikkje sjekka det opp skikkeleg før no, det var berre så likt på eit tretal, sååå... MS.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Sæther

Olai Andreas finn vi nemnt under garden Dumba i gards- og ættesoga for Solund bind II s. 373, men det står ingenting om skjebnen hans.Under garden Hagen i same bind s. 149 står det om Bertha Marie at ho reiste til Amerika i 1893, men ikkje kven ho vart gift med.Helsing Knut Sæther

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt  Østbye

Et par forslag hvis disse ikke allerede er sjekket:I emigrasjonsdatabasen finner du henne kansje, og ev. om hun reiste alene. Videre bør hun kunne finnes i de amerikanske Folketellingene (US Census), hvor hele huslyden oftest er tatt med på samme måte som i de norske tellingene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Ja, eg har funne både Bertha og Ole, både på utreise og i alle Censusane i USA, men det eg ville vita var om det stod noko i bygdeboka.Det gjorde det ikkje, så då må det bestillast ein dødsattest, dei er indexa, men veit ikkje om ho eg prøver å hjelpa bestiller.Tusen takk iallfall!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Mariann,Kan du legge ut her på DA, evt. sende meg ein e-post med info om desse personane i Censusane i USA?Det verkar sannsynleg at desse to gifte seg, ut i frå det du nevner i innlegg (1).MVH Gisle, ghersvik@frisurf.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Eg veit ikkje om det går an å lasta ned alle bileta i same innlegget, lagar nytt innlegg for kvart bilete eg :-)Census 1910:Mariann.

bilete2873.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Census 1920: Ole er no død, berre 50 år gammal, og med alle desse barna... Eg har funne han i index med døde i Nord Dakota, han døydde i Steele Co. 04.05.1919.Berthe Marie døydde i Steele Co. 04.03.1947.

bilete2874.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Og viss det no er nokon som lurar på kva eg har med dette å gjera, så kan eg fortelja at eg fanne eit spørsmål om hjelp inne på Follesdal sine emigrantsider, gjesteboka der.Det er barnebarnet til Berthe Marie som har bedt om hjelp, så ho visste litt, men ho veit ikkje kven Ole Rasmussen var. Så eg 'rota meg bort' i ein annan som heiter Ole Rasmussen, reist same året, fødd same året.Eg har til og med laga ein slektsoversikt, i god tru!! Men eg hadde ein slags følelse av at det var feil, dette mest avdi den Ole eg fann reiste saman med kona si, men eg tenkte at ho var kanskje død, det hadde kunna vore rett, avdi borna til Berthe Marie og Ole vart fødde frå 1895 og utover.Så kom eg til å tenkja på at eg då eg heldt på med slekta til nokon andre 'derover', hadde eg funne Index med døde i North Dakota.Søkte der, og fann Ole Rasmussen som slett ikkje var fødd den datoen eg hadde funne, 1868 var rett, men ikkje det andre, og så 'trøsta' eg meg sjølv med at f.datoen til Bertha var heller ikkje rett i Indexen.Men så kunne eg ikkje roa meg med det, gjekk difor gjennom lista med utreiste frå Norge ein gong til.Då såg eg denne Olai som eg ikkje hadde sett sist gong, så gjekk eg til krk.bøkene (Det er heilt fantastisk med desse scanna bøken altså, så takkkkkk igjen for dei!!!)Då fann eg Olai Andreas f. den same datoen som den eg hadde funne i Indexen!!Uff, dette vart altfor langt, eg var på 'nippet' til å sletta heile greia istad, men så tenkte eg at kanskje nokon har interesse av det...Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Eg er langt ute i slekt med Berte Marie. Eg held på å setja opp ei slektsoversikt der både hennar og mi slekt er med. Dersom du har oversikt over hennar ettekommarar, namn og andre data, så er eg svært interessert i å få det. Ei grein av min familie slo seg og ned i Steele County, og etterkomarar bur framleis i North Dakota. Eposten min skal du få almst@online.no.Vennleg helsing Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei!Takk for 'bilder' og annan info om dette paret!Eg er også interessert i evt etterkommere som du har funne.MVH Gisle, ghersvik@frisurf.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei til Gisle og Alf. Har nok ikkje funne nokon etterkomarar eg, men er jo i kontakt med Madrene (barnebarnet til Bertha Marie).Kan jo vera at ho kan hjelpa dykk, vil jo tru at Ole og Bertha si etterslekt tèl nokon hundre, så mange barn som dei hadde :-)Sender adressa hennar på e-post.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.