Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#50317] Victoria E. Rustad, f. 1883 - utvandra med for. Martin og Maria 1886 - kvarifrå?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FT1895 for Belgrade township, Nicollet Co., MN syner denne farmarhuslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~RUSTAD, Martin 38 NorRUSTAD, Mary 30 NorRUSTAD, Victor 12 NorRUSTAD, Hanna 9 MNRUSTAD, Mary 6 MNRUSTAD, Oscar 3 MNRUSTAD, baby (Ella) 1/12 MN~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~FT1900 for Mankato, Blue Earth Co., MN syner Marie Rustad som enkje, fødd i Noreg Sep. 1865 og utvandra i 1886. Eldste barnet var:Victoria Evelyn Rustad, fødd 12.12.1883. Utvandringsåret hennar vert sidan oppgjeve til 1885. Sikkert er det i alle fall at huslyden må ha utvandra mellom 1884 og 1886, men:* Er det nokon som dreg kjensel på desse namni og som kan fortelja meg kvar i Noreg dei hadde opphavet sitt?Ser me på FT1865 for Noreg, finn me to ''brukbare'' alternativ for faren Martin:a) Martinus Olson Rustad søndre, Elverum, f. 1857b) Marthin Larsson Rustadeie, Hurdal, f. 1860Kan det vera ein av desse?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Finner dette i FS/IGIMartinus Olson Rustad Spouse: Mary OlsenMarriage: 09 NOV 1885 , Blue Earth, Minnesota

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ein sein, men like hjarteleg takk til Grethe for innleggi om denne saki!Eg finn Martin Rustad i FT1885 for Blue Earth Co., MN. Han var 27 år og ugift. Ingen tvil om at denne mannen må vera frå Elverum!Men kven var Mary Olson, og kvar var dotteri Victoria Evelyn fødd? Eg trur at Mary og Victoria utvandra i 1884 eller 1885.Eit anna spørsmål er jo om Martin var far til Victoria Evelyn, eller om Victoria var ei dotter ho hadde ''frå før''?Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for gode opplysningar om Martinus Rustad! Det kan sjå ut som om Victoria var ''på veg'' då Martinus utvandra, og det er vel rimeleg å tru at han verkeleg er far til Victoria, men i so fall er Mary Olson frå ei anna bygd, for Victoria er i alle fall ikkje døypt på Elverum...Kanskje heitte Victoria noko heilt anna då ho utvandra? Victoria er jo ikkje akkurat noko ''norsk'' namn...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har på ny vore i kontakt med etterkomarar etter denne Rustad-ætti, of det vert påstått at vesle Victoria Evelyn skal vera fødd i Christiania eller ''like utanfor''! Ho må ha utvandra til Amerika i 1885 i lag med mori Marie OLSEN (Olsdotter?).Eg har i dag motteke utskrift av dødsattesten til Marie Olsen Oslund (ho vart attgift med ein svenske John Oslund etter at Martin Rustad døydde), men diverre er namni til foreldri hennar ukjende; berre fødselsdatoen er oppgjeven, 16.9.1865 i Noreg.Her er elles nekrologen hennar:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Mrs. Marie Oslund, 412 Fourth St., S.W., Little Falls, died January 1 at the age of 90. Marie Olson was born September 16, 1865 near Oslo, Norway. She was married in 1882 to Martin Rustad, who died in 1896. In 1901, she married John Oslund, who preceded her in death January 1, 1919. Six children also preceded her in death. After living for years on a farm in East Swanville, Mrs. Oslund moved to Little Falls in 1944.Surviving children are Mrs. H.W. Hill (Helen), St. Paul; Mrs. F.E. Weston (Marie), Florence OR; Mrs. C.O. Prickett (Esther), Minneapolis; William, Swanville and Evelyn at home. There are 13 grandchildren, 13 great grandchildren and 2 great great grandchildren.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Som me ser ''pynta dei på'' opplysningane om vigsli til Martin Rustad, men ein legg elles merke til at ho var fødd ''nær Oslo'', og me har ein fødselsdato. Er det mogeleg å identifisera ei Marie Olsdotter fødd 16.9.1865?Eg kryssar fingrene og lever i voni...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

No vart eg mektig imponert! Hjarteleg takk til Carsten for eit kjempemessigt innlegg! No vart eg svært glad, og det er eg sikker på at ogso etterkomarane i Amerika vil vera!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×