Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Geir Woll

[#50555] FT1801 Lom

Recommended Posts

Gjest Geir Woll

På gården Gangstad (skal muligens være Gaugstad) forefinnes Peder og Jacob Jonsen med bl.a. sin far Jon Olsen f. ca. 1751. Lenke1. Er denne Jon Olsen bror til Ingbrigth Olsen f. ca. 1755 (og sønn av Ole Jonsen og Ragnild Ingebrigtsdatter)som står på samme gården?2. Forefinnes det noe slektskap fra deres far Jon eller mor Eldri - oppimot noen av de andre på gården (bortsett fra evt. de som etterspørres i spm. 1)?Mvh Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Brandsar

Hei!1.: Jon og Imbert er brør, ja!2.: Nei, eg ser ikkje noko slektsskap med dei andre her, men til opplysning, så var Jon husmann under Imbert, på staden Søre Hund (Hunn). Eit døme på ein bror som vart husmann under sin eigen bror...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Woll

Takk skal du ha Atle!Har du disse opplysningene fra bygdebok?Vet du eller noen andre da også hvem som var foreldre, og ca. født/død og hvor/når, til følgende personer:1. a) Ole Jonsen og b) kona Ragnild Ingebrigsdatter (foreldre til Jon og Ingebrigth)?2. Eldri Pedersdatter - mor til Peder og Jakob? _____________3. a) Hvem var kona til Ingebrigth ca. født/død og b) evt. hennes foreldre - ca. født/død?Mvh Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Brandsar

1a: Ola Jonsson vart fødd kring 1726 på Sandbu i Vågå, d. 1808 på Uppigard Gaukstad. Foreldra hans, må du nesten spørja ein vagvær etter, der er eg rimeleg blank...1b: Ragnhild Imbertsdotter vart fødd kring 1727 på Valle (Valde) i Vågå, d. 1803 på Gaukstad. Ola og Ragnhild var fyrst innerstar på Valle, kjøpte Uppigard Gaukstad i 1764. Ragnhild sine foreldre er eg også blank på, men ho er truleg syster til Rønnaug Imbertsdotter fødd kring 1722 på Valle - gardbrukarkjerring på Uppigard Garmo.2: Eldri Pedersdotter vart fødd 1764 i Grjotheim. Gift 1790 med Jon, og døydde i 1834, antakeleg i Søre Hunn (Hund) der ho og Jon budde - som husmenn under svogeren Imbert, som før nemnd. Foreldra hennar var: Peder Eiriksson, fødd kring 1717 på Nordgard Stamstad, ukjend kva år han døydde. Han vart i alle fall gift 1750 med Marit Pedersdotter, fødd kring 1724 (ukjend kvar) d. 1770. Dei brukte heimegarden til Peder til han bytte til seg Grjotheim i 1775 - då fekk eigaren av Grjotheim, Anders Viborg (Wiborg), Nordgard Stamstad. Peder skifta frå seg i 1778, då i live.3a: Kjerringa til Imbert heitte Rønnaug Torkjellsdotter, og vart fødd 1766 på Kvåle, d. 1792 - dei to vart gifte i 1792, og fekk to born i 1792: Ola og Ragnhild. Ragnhild døydde knapt ein månad gamal, medan Ola levde til 1815. Imbert gifta seg oppat i 1804 med Rønnaug Torgeirsdotter, fødd 1776 på Skjæsar, d. 1830. Dei fekk borna: 1. Rønnaug, f. 1805, d. 1809. 2. Torgeir, f. 1807, d. 1809. 3. Torgeir, f. 1810 - neste brukar på Gaukstad. 4. Anne, f. 1812 - kom til Nigard Sulheim. 5. Ola, f. 1816 - innerst på Gaukstad med kone og to born, dei reiste alle fire til USA i 1857.3b-1: Rønnaug Torkjellsdotter sine foreldre var: Torkjell Pålsson, f. kring 1727 på Kvåle, d. 1772 s.s. - gift 1752 med Anne Jonsdotter, f. kring 1727 (ukjend kvar), d. kring 1787.3b-2: Rønnaug Torgeirsdotter sine foreldre var: Torgeir Hansson, f. 1736 på Nordistugu Synstnes, d. 1777. Gift 1767 med Ragnhild Hansdotter, f. 1747 på Skjæsar, d. 1811. Dei var brukarar på Skjæsar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Ad. innlegg (4), pkt. 3b:Kona til Torkild Paulsen Kvaale, Anne Jonsdatter var frå Ekle, f. 1721 og d. etter 1772. Ho var dotter til Jon Knutsen Ekle nigard, d. ca. 1727 og Anne Jonsdatter Frisvoll, f. ca. 1693.Kjelde: Slekter i Vågå og Lom av Pål Øystein Kvarberg, Vågå 1997.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Woll

Hjertelig takk til Gunnar og spesielt til Atle!Mvh Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Bøhmer

Atle: Er det mulig at Ragnhild først var g m Ole Iversen Storvik død 1755?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Brandsar

Takk-ska'u-hå, Gunna' - dette har eg ikkje sett!Thor: Ola (Sandbu/Gaukstad) og Ragnhild vart gift i 1747, så det er lite truleg. Men kanskje ho hadde ei syster med same førenamn? Det er sjølvsagt ikkje heilt utelukka, men det var vel sjeldan ekteskapa vart oppløyst med noko anna enn at den eine parten gjekk bort.Om ekteskap vart oppløyst medan båe var i live: kvar skal ein så finne slik informasjon? Tingprotokollane?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Brandsar

Eg gløymde noko! Informasjonen i innlegg 2 og 4 er frå Bygdabok for Lom, bind 2.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Böhmer

Når en har mange navn, produserer man også feil og feiltolkninger. Kan du se på skifte sk 6 jun 1755 etter Ole Iversen Storvik? Det er vel der jeg har hentet informasjonen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Brandsar

Det skiftet har ikkje _eg_ tilgang til, men kanskje nokon annan har det? Nei, det skulle vore ei bygdebok for Vågå og...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.