Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Håkon Otterlei

[#50593] Slektskap mellom Erik Rasmussen Røsok og Røberg

Recommended Posts

Gjest Håkon Otterlei

Erik Rasmussen Røsok (sonesonen til Store-Rasmus Engebreksen Myklebust) arva i 1703 garden Myskja i Haram etter Hr. Josef Røbergs enke. Ho eigde og brukte garden til sin død. Er denne Hr. Josef Røberg presten Engelbrecht Josefsen Rødberg i Haram som døydde i 1693? Om han skriv Martinus Rogne at han var gift med 'Anna Hansdatter av same lågadelsætta som hustru Berthe, kona til sokneprest Hans Gaas i Borgund'. Kva slag slektskap er det mellom Erik Rasmussen og Røbergene?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Dette var nytt for meg. Ingebrigt Josefsen Røberg må ha kjøpt giskeluten i Myskja seinast 1683. Presten var, etter alt å dømme, son av bergensborgaren Josef Jochumsen Røberg (trulig fra Raudeberg i Nordfjord) som handla på Sunnmøre kring 1630. I 1645 budde Josef (borgarskap 1615) på Raudeberg i lag med kona Gunhild, sonen Josef og datra Anne. Dette er alt eg veit.Namnet Ingebrigt er interessant her. Kronologisk er det ingen ting i vegen for at kona til Josef Jochumsen Røberg var ei søster av Store-Rasmus.Ellers: Rogne sine slektshistoriske opplysninar bør ein ellers ta med nokre klyper salt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Håkon Otterlei

Årsak at eg i farta kom i skade for å gi feil opphav for sitatet om fru Rødberg. Det var ikkje Rogne sine skrifter, men Peter Hove si Haram Kyrkjesoge. Han skriv der også at heimstaden truleg er garden Rødberg mellom Trengereid og Dale i Hordaland.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Det siste må vere feil, for Josef Jochumsen Røberg var nordfjording (sjekk borgarboka), og han budde jo i 1645 faktisk i Raudeberg der namnet må vere fra.Er det Hove som skriv at prestefrua var av samme ætta som Berte Svendsdatter, kona til borgundprestane Hans Claussen Gaas og Christoffer Pedersen Hiermand?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Håkon Otterlei

Hove nemner Rødberg 'ved Bergen' som 'truleg' heimstad for hr Engelbret. Han viser til den seinare Haramspresten H. Abelseth som kjelde, men uttrykksmåten tyder på at han kan vere i tvil. Bustaden i Nordfjord slik du viser er vel då den rette. Han seier at hr. Engelbret vart innskreven ved universitetet i København i 1652.Ja det er Hove som skriv om slektskapet mellom prestefruene. Vidare nemner han at Rødberg av kona si fekk minst to hus frå Borgund som han flytta til Kjærstad, noko som tyder på at ho kom derifrå.Rødberg hadde ei dotter som vart gift på Myskja og dit var det at mora flytte då ho vart enke i 1693. Engelbret skal ha kjøpt garden av Lillienskjold i 1680 og Grunnboksregisteret viser at Erik arva han i 1703 som nemnt i (1). Spørsmålet er altså kva samanheng det er i dette

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Håkon Otterlei

Takk for kommentarane så langt Bjørn. Forslaget at fru Gunhild kan vere syster til Store Rasmus (eller ein annan nær slektning?) kan vere ei løysing. Eriks far Unge-Rasmus har også ein son Ingebrikt. Elles nemner Rogne at Unge Rasmus den 30.6.1692 kjøpte garden Bjørndal (Vartdalsstrand) 1 1/2 våg av prest Røberg på Kjerstad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg ser av Lampe si prestesoge at Røberg var gift med ei Anne Hansdatter. Vi kan ikkje sjå vekk fra at ho var i slekt med Gaasætta, men nett no klarer eg ikkje å plassere ho.Etter Lampe hadde paret ein son som døydde som student, og ei datter, vel ho som var gift på Myskja. Kva heitte ho, mannen hennar og, eventuelt, barna deira?Ellers lyder det litt rart at Erik Rasmusson arva presteenka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Håkon Otterlei

Eg veit ikkje meir om prestedottra, kanskje døydde ho før mora, ein gong mellom 1693 og 1701. Dersom ho var barnlaus og broren var død tidlegare, hadde ikkje presteenka lenger eigne etterkomarar og arven gjekk til slektningen Erik Rasmussen. Det verkar som om Erik er den einaste av brødrene som fekk noko. I 1701 står det at 'Forige resid. kapel. hr. Ingebrigts efterlev. enke bebor gården'. Vidare er to tenarar nemnt. Erik og hans etterkomarar skreiv festebrev til brukarane på Myskja.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Eit par spørsmål: Dersom det var så nært slektskap mellom Store-Rasmus og presten Rødberg som det her er antyda, er det vel underleg at ikkje brørne til Erik arva noko. I 1703 hadde han 3 brør i live, ein døydde i 1694.Kan det vere muleg at Erik arva preste-enka gjennom ei av konene sine ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Er det no heilt visst at Erik arva presteenka? Det er ting som tyder på at Hove ikkje er heilt stø i sogegranskinga, for han viser til 'Grunnbokregisteret', noke som ikkje fanst på denne tida...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Håkon Otterlei

Bakgrunnen for mitt spørsmål om mogleg slektskap mellom Rødberg og Erik kjem frå opplysningar gitt i ei samling skiftedokument og 'Grunnboksregister med tinglysingar for bruka i Haram' som Haram Kulturhistoriske Lag har gitt ut. Der finn ein i skiftet etter Erik Rasmussen i 1727 at buet inneheld: 'Jordegods i Mysja: 1 vog, 2pd. 6 m med bygsel, med bygselrett til 18 mark meir, etter tingvitne datert Skaar 5.Octb.anno 1703'. Tingdokumentet det blir vist til har eg enno ikkje sett. Kanskje kan ein der finne ein grunn til at Eriks brør ikkje er nemnde. Det med konene er ein interessant tanke, Anne, men går det an? Ser forresten at Erik sine etterkomarar Jon Eriksen Molnes, Peder Hognesen Ulla og And. Fjørtoft er oppførde som utbygslarar etter Eriks tid. Dei representerer vel begge konene; Guri Jonsdotter og Anne HognesdotterNår det gjeld referansane til Grunnboksregister / Tinglysingar som eg har nemnt i innlegg (1), (5) og (8), så er dette gjort av meg. Hove skriv berre om prestefamilien Rødberg og avsluttar si utgreiing med at enka bodde hos dottera på Mysja og døydde der i 1701. Spørsmålet er altså om og kva for samanheng det måtte vere mellom desse slektene sidan arv er nemnt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Då er det bare å slå opp i tingboka for Sunnmøre for 1703, nemlig Tingbok 17 (10. mars 1702 til 22. april 1714), også kalt Justisprotokoll nr 5, Sorenskrivaren på Sunnmøre, Statsarkivet i Trondheim.Denne finst på mikrofilm på Riksarkivet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.