Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#50594] Statsminister Ole Anton Qvam frå Romsdalen og søskeni hans - Molde og Steinkjer?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Statsminister Ole Anton Qvam (1834-1904), opphavleg frå Bolsøy i Romsdalen og sidan busett på Gjævran i Steinkjer, er godt kjend i litteraturen, men han hadde fleire søsken, som eg søker opplysningar om:* Lars Olson Qvam, fødd i Bolsøy 19.9.1821, døydde som ''kontorist'' i Molde 7.7.1847. Han gifte seg i Molde 10.11.1844 med lensmannsdotteri Johanna Cathrine Johansdotter Berg, fødd i Kristiansund 14.10.1817. Dei fekk to døtrer i lag, men kvar vart det av Johanna f. Berg etter at Lars døydde so ung?* Peder Olaus Olson Qvam, fødd i Bolsøy 25.8.1824, var huslærar og budde på ål og sidan i Nord-Aurdal, men skal vera avliden på eit sjukehus i København i 1845, kva dato...?* Mathias Olson Qvam, fødd i Bolsøy 11.7.1827, skal vera avliden på Meeg i Bolsøy i 1832, men eg kan ikkje finna dette dødsfallet...!?* Malena ''Magdalena'' Kirstine Olsdotter Qvam, fødd i Bolsøy 7.4.1829, var i mange år hushaldar og syerske i Molde, men dreiv i seinare år pensjonat i København der ho skal vera avlidi ugift i 1904, kva dato...?* Anna Johanna Olsdotter Qvam, fødd i Bolsøy 3.7.1831, var hushaldar hjå broren Ole Anton Qvam på Gjævran i Steionkjer der ho skal vera avlidi ugift i 1924, men kva dato...?Eg vonat at nokon dreg kjensel på denne huslyden og kan hjelpa meg finna desse mangolande opplysningane.Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg gløymde å nemna:Johanna Cathrine Qvam, fødd i Kristiansund 1817, var i 1865 busett som enkje og ''ekonom'' på Raknesrøisen ved amtssjukehuset i Molde. Kan ho ha levd ut livet sitt i Molde?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Anne døde 3-1-1924 Egge i SteinkjerLenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Johanne Katrine døde i Molde 10-6-1884Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten for flotte og nyttige opplysningar om denne ætti. Eg er på ny imponert, særleg med omsyn til Johanna Cathrine!Då er problemi med Johanna Cathrine og Anna Johanna løyste, og me sit att med dei to som skal vera avlidne i København samt vetlebroren i Bolsøy. Men desse dødsdatoane er vel kanskje ikkje so lette å finna...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Birger Forsmo

Her finner du litt om Ole Antom Qvam LenkeBirger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Du er kanskje på jakt etter førstehåndskjelder. Sjølv synes eg det er interessant å lese artikkelen som oldebarnet til Ole Quam, Kari Qvam Hvalbye f. 1906 (trur eg) har skrive. Du finn artikkelen 'Familien Qvam på Kvam gård, ved Molde' på s. 84 i Årsskrift for Romsdal sogelag 1980.Der er det også biletstoff.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Birger og John for nye spennande innlegg.Årsskriftet for Romsdal sogelag frå 1980 høyrest ut som ei spennande kjelde, men kan du, John, seia om Kari Qvam Hvalbye der nemner dei datoane som eg er på leiting etter...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tommy Paulsen

Hei Lars! Finner en Peter Olaus Qvam død 24.juli 1845 i kirkebok for Frederiks Hospital, Sokkelund, København, 1840-1857, oppslag 103

bilete2931.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tommy for ei kjempefin oppdaging. Dette er heilt perfekt, og me manglar no berre to dødsfall...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Lars Olsøn Qvam død 1785 hadde sonenOle (1782 - 31/5 1844) født på Qvam i Hafslo som vart gift i Frey kirke 1820 med Johanna Persd. Ryen og hadde barnaLars (1820 - 1847) I artikkelen står det at broren fekk melding om dødsfallet 7. juni 1847.Peter (1822 - 1907)Peder Olaus (1824 - ca. 1 mnd. etter st. Hans 1845)Så manglar Mathias!Magdalena (1829 - 1904)Anna (1831 - 1924)Ole Anton (5/8 1834 - juli 1904)Peter Vogelius Deinboll (6/12 1837 - |874)Som du ser har ikkje forfattaren lagt så stor vekt på datoar. Det interessante ved artikkelen er det som vert fortalt om dei einskilde i familien.Men eg har ein kopi av artikkelen som eg godt kan sende deg om du er interessert.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til John for spennande innlegg.JAU, eg er svært interessert i ein kopi av artikkelen, som du kan senda til:Lars E. Øyane, Feten, 3580 Geilo (eller skanna til lars.e.oyane@sdsl.no).Hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Sollien

I boka Kongsvinger, en historisk oversikt 1682-1854-1929 ved Kand. filos. Olaf Brynn side 450: 'Kongsvinger Sanitetsforening er stiftet 9. april 1905 etter et foredrag av fru statsminister Qvam'. En av stifterne var fru kjøpmann Qvam. Kjøpmann Qvam var August Qvam f. på Søndre Enger av Gaustad i Eidskog 20. sept 1868. Sønn av Sølfest Johannesen Qvam f. Qvam i Sogndal 23. okt. 1837 og hustru Andrea Andersd. f. 21. des. 1842 Rønningen, Gaustad i Eidskog. Viet i Eidskog kirke, Matrand 29. des. 1864. Fru Qvam hette Anna Olivia Pedersd. f. Holt i Vinger 17. nov. 1873. Viet i Vinger kirke 29. nov. 1895. August Qvam var kjøpmann og hadde sin foretning i det som hette Digerudligade i 1900.Mvh. Finn Sollien.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Til Finn:Sølfest Johannesson Qvam f. 1837 var son av gardbrukar Johannes Ellingson og kona Kirsti Sølfestsdotter, busette på Kvam i Sogndal. Det er to Kvam-gardar både i Sogndal og i Hafslo, og ættene har ikkje noko med kvarandre å gjera.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Sollien

Til Lars:Jeg er klar over at dette er to forskjellige familier. Det som er mitt poeng i denne saken er: To personer med samme etternavn møtes i Kongsvinger 9. april 1905. Samtidig en forklaring til andre om at det ikke er slektsforhold mellom statsministerfruens ektefelle og Anna Qvams ektefelle kjøpmann August Qvam i Kongsvinger. Mvh. Finn Sollien.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.