Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Aarland

[#50869] Hvem var forfedrene og søskene til Mathias Mathiassen f. 1885 i Selje?

Recommended Posts

Gjest Terje Aarland

Hvem var foreldrene til Mathias Mathiassen f. 1885 i Selje. Lenke Han var muligens fra gården Ormestig i Selje, men jeg er litt usikker på det. Er det mulig å finne hans foreldre og hans søsken? Denne som jeg leter etter ble gift i 1909 med Jørgine Sofie Paulsdtr. f. 1889 på Raudeberg i Nord-Vågsøy i Sogn og Fjordane. (se eget innlegg om dette)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Da er det vel denne karen, se post nr.28.LenkeMvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Og her er trolig hans far som ettåring på Ormeteig med foreldre og søsken.Lenke Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Og her ble faren født i 1865. Og han ble døpt med samme navn, Mathias Peder Johannes. Se post nr.54.LenkeMvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Det kan se ut som om Mathias Andersen omkom på sjøen 13.08.1885 og ikke ble funnet igjen.Det er kun oppført dødsdato og ingen gravleggelsesdato. Se post nr.19.LenkeMvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her er ekteskapet i 1909 i Nord-Vågsøy, se post nr.2.(08.05.1909).LenkeMvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her er konfirmasjonen til Mathias P. J. Mathiassen i Vågsøy 30.09.1900, se post nr.11 øverst på siden. LenkeMvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Dette er kanskje moren Hanna Sørensdtr. i 1900-tellingen. Hun er fortsatt ugift og født i Vannylven.LenkeRune T

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Takk for hjelpa.Da hadde trolig ikke Mathias Peder Johannes søsken? I og med at moren fortsatt var ugift i 1900 og at faren døde bare 20 år gammel.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Når det gjelder faren, tror jeg vi kan fastslå med sikkerhet at det var han som døde i 1885.Og dersom det er moren jeg har funnet i 1900, er vel sjansen liten for søsken, med mindre moren fikk flere barn utenom ekteskapet. Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Ble Mathias Mathiassen født før faren Mathias Andersen omkommer i 1885?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Ja, i innlegg nr.2 ser du at M.M ble født 26.10.1885 mens faren M.A omkom 13.08.1885 i følge innlegg nr.5. Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Petter Hoddevik

Hei. Ser dere er på jakt etter info om Mathias Mathiasson. Her er litt info, men om du er intressert har eg meir. Mathias Peder Johannes vart fødd 26/3 -1865, av foreldre Anders Sjurson Honningsvåg og kone Johanne Abrahamsd. frå Nordalen i Syvde, Vanylven og var nr 6 i ein syskjenflokk på 9. Brødrene Ole f.1859 og Christian f.1856 var døve. Christian vart døv i 1862 etter ein skarlagens feber. Dei flytte begge til Bergen. Ole var ein svært flink skreddar og sydde mellom anna klær til Statsminister Mikkelsen. Anders f.1869 var buntmakar i Bergen. Broren Jon f.1872, budde på Halsør i Vågsøy og vart kalla “Jo på Sætra”. Han var krøtter og skinnhandlar. Mathias var losdreng i Ervika hos Losen 'Gunna-Rasmus'.Mathias Peder Johannes Anderson Ormeteig (Ormeteig 36/H-Leite). 26/3 -1865 - 13/10-1885 x.Hanna Oline Sørensd.Sylte 26/1 -1853 - 19/6 -1952 (Vanylven) Hanna var blind, og vart kalla Blinde Hanna.Barn: 1.Mathias Peter Johannes f.26/10-1885 Utflytt Raudeberg i Vågsøy Ei gamal segn fortalde at i Trollhola i Hovden, budde der utyske. Mathias og kameratane vedda om kven som torde å overnatte i “Trollhola”, og Mathias ville freiste. Morgonen etter kom han heim, stum, og oppreven på armar og bein. Han ville ikkje fortelje om kva som hadde hendt.Etter dette gjekk rykta om kva han hadde sett. Dei brende hamp rundt han for å få han til å snakke.Hanna var barnefødd på Thue i Vanylven. Som vaksa reiste ho rundt om for å tene, og havna til slutt i Ervik. Hanna vart gradvis heilt blind, og vart etterkvart sett på legd. Unggutane i bygda hadde det moro med å terge ho. Ein gong dei hadde hatt det moro med å drage i stakken hennar, tok ho potta si og slo utover gutane. Dei turde vel neppe på gjere det fleire gongar. Hanna og Mathias skulle gifte seg, men Mathias omkom på sjøen berre 14 dagar før barnet deira vart fødd.(Eg har bilde av Blinde-Hanna)I 1884 låg ei losskøyte frå Sunnmøre inne på Ervikja. Færingsbåtane låg ute ved Skjera, Bukketjuven, etter seiden. Mathias var då drengen til Gunna Rasmus, der han mellom anna var losdreng, og var med på seifisket. Ulukkesdagen reiste karane på sjøen, men før dei for, hadde dei vore om bord i ei los-skøyte frå Sunnmøre, som låg nær land. Det varte ikkje lenge før det bles opp til norvestkuling. Dei fleste færingane berga seg i land, men los-skøyta fekk plunder og møde med å få inn ankeret og få skøyta i seglføring. Mathias og ein annan dreng Petter, gjekk ombord i skøyta og hjelpte til. Med nauda greidde skøyta å komme klar brot og brenning. Dei to karane gjekk i færingen, men då skøyta skaut fart, drog dei færingen under, så den kvelvde. Karane om bord på skøyta hogg av fanglina til færingen og berga seg på den måten unna bårene som krulla seg like innanfor. Færingen med dei to på kvelvet dreiv hjelpelaust inn i dei sydande grunnbrota. Frå land såg dei på ulukka, haurde naudskrika, men kunne ingen ting gjere. Det heile gjekk så fort. Dei såg hovudet til den eine skyta opp or sjøskummet, og så var det slutt. Folk sto som lamma, og hendinga gjorde eit sterkt og sårt inntrykk. Dei to omkomne fann dei seinarte inne på sandstranda, og dei fekk ein kvileplass jamnsideses på kyrkjegarden. Losen sjølv, Gunna Rasmus hadde vore på losing nordanfor når dette hende. Då han kom heim sto der to kvite kister inne i stova hans. Begge drengane hans var døde. Rasmus tok dette svært tungt.Då Mathias omkom måtte Hanna reise rundt om på gardane for å tene til livets opphald. Ho budde mange år i Ervik, og døde der i heimen til Agnes og Daniel Berstad. Sonen Mathias f.1885 hadde mist faren sin på sjøen , og flytte til Raudeberg nokså ung. Der var det onkelen 'Sætrre Jo' som oppfostra han.Håpar dette gav litt meir kjøt på beinet. Er intressert om du har meir info om denne familia. Er du etterkommar av en av desse? Om du bruker denne infoen i noko hefte el.liknande set eg pris på at du refererar til kjelda då eg bruker veldi mykje tid på å samle inn stoff som kjem i ei bygdebok. Mvh Jan Petter Hoddevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Takk for god info.Det var fint å kunne få info om kva som skjedde då Mathias omkom.Dette er ikkje mi slekt, men slekta til svoger min.Det var interessant at du jobbar med bygdebok. Vil det seie at dette vil gjede for Stadtlandet eller for heile Selje?Du kan og sende info til meg på:austevollslekt@gmail.com

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.