Gå til innhold
Arkivverket

[#50974] Skak Jensson (Kvåle) d. Bergen 1810 - kvar i alle verdi vart det av gutane hans?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Skak Jensson, fødd på Kvåle i Sogndal og døypt der 13.6.1776, gifte seg med Kari Aanundsdotter frå Hafslo og døydde i Bergen 25.6.1810. Han var då soldat. Skak og Kari fekk tre søner i lag:* Jens Petter Skaksen, fødd i Bergen 8.12.1804, gifte seg i Bergen 2.6.1839 med Elen Marie Knutsdotter, fødd i Bergen 29.5.1807. Eg finn ikkje born etter dette parfolket, og dei ser ut til å vera farne frå Bergen...!?* Andreas Skaksen, fødd i Bergen 17.4.1807, er heilt ukjend.* Carl Skaksen, fødd i Bergen 28.6.1809, er likeins heilt ukjend.Eg står heilt fast på denne huslyden. Eg trur mori Kari ''Karen Aamundsdatter'' døydde i Bergen i 1849, men desse sønene ser eg altso ikkje noko meir til.Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Andersen

I FT 1815 finnes det bare en Karen Lenke og det er vel henne du finner død? Hun finnes også som ugift i 1801.Ingen av sønnene er nevnt. Kan din Kari med familien ha dratt fra Bergen etter at Skak døde og at JP har returnert senere?Mvh Tor

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Vidar Flesland

Som du ser av vielsen i den skannede kirkeboken er Elen Marie f. 1817 og ikke 1807 som det står i den digitaliserte versjonen: Lenke (nr. 23)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tor og Vidar for interessante innlegg, særleg Vidar sine, som syner at Jens og Elen har ''lurt'' oss med ættenamnet deira! Denne oppdagingi kan kanskje leia oss vidare i leitingi etter dei andre brørne ogso, og likeins mori, som tydeleg IKKJE er ho som døydde i 1849...Kanskje er det då ''vår'' mann den Jens Peder Jensen, fødd 1805, som døydde 19.4.1871 som arbeidsmann busett i 5. rode nr. 46?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Vidar og Tor for nye spennande innlegg. Eg er forundra over ættenamnet nytta då Andreas døydde i 1811, men det må vera han. Faren kom frå plassen Stemmevold under garden Kvåle i Sogndal!Når det gjeld Kari Aanundsdotter, so var ho fødd i Hafslo i januar 1775, so eg tvilar på om det er ho som døydde i Bergen i 1820...?Elles fekk eg i dag gjennom Arkivforum stadfest at det var Jens Petter Jensen som døydde i Bergen i 1871. Likeins må det vera enkja hans den Elen Marie Jensen, f. Johannessen, som døydde i Bergen 21.12.1885, sjølv om er kalla enkje etter ''handelsmand''!Fleire og fleire fine svar dukkar opp kring denne huslyden, og eg er svært takksam for alle gode innspel!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Vidar for nytt innlegg.Denne Elen Marie har rett alder (f. 1817); mannen heitte Jens (Petter) Jensen, og faren heitte Knut Johannessen. Ho er òg minst ein gong referert til som Elen Marie f. Johannessen (ved ein av barnedåpane), so kvifor skulle det IKKJE vera ho som døydde her...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Vidar Flesland

Det som gjorde meg skeptisk til om dette kunne være riktig Elen Marie var at jeg leste pårørende som 'Handelsm. Jan Jenssen'. Men det er mulig det står Jens og ikke Jan. Det er jo også verdt å merke seg at adressen ved dødfallet er oppgitt til 16-89 (Christies gate 4). Du finner to av barna til 'din' Elen Marie i nabohuset ved folketellingen i 1885.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Vidar for nye avklarande innlegg. Jens Jenssen opptrer med fleire ulike yrke ved ulike høve, so kvifor ikkje ogso handelsmann... Uansett, det er nok den ''rette'' Elen Marie som er funne...Då står det att å finna dødsfallet til mori Kari/Karen Aanundsdotter (Jensen) og lagnaden til sonen Carl...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få trekka fram att ogso dette tema som framleis står delvis uløyst. For å oppsummera det som er uløyst:Kari Aanundsdotter, døypt i Hafslo 31.1.1775, vart enkje då mannen Skak Jensson døydde i 10-54 i Bergen 25.6.1810. Ho levde framleis i Bergen i 1816 (ifølgje eit skifte frå Sogn), men dødsfallet hennar eller den seinare lagnaden er framleis ukjend. Kanskje gifte ho seg att??Dei to eldste sønene Jens Petter Jensen (1804-1871) og Andreas Jensen (1807-1811) er OK, men derimot saknar me framleis opplysningar om yngsteguten Carl Jensen, fødd i Bergen 28.6.1809....?Eg ville setja stor pris på alle opplysningar som måtte finnast om lagnadane til Kari og sonen Carl!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.