Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ottar Ryen

[#50992] Erik Knudsen Hosethaug fra Rennebu i Aure/Halsa 1871

Recommended Posts

Gjest Ottar Ryen

Kan denne [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?show=81&uid=34170&urnread_imagesize=medium&hode=nei&ls=1>Lenke (se linje 43) Erik Knudsen (Botten), far til her døpte Marie Sophie, f. 30.04.1872, være Erik Knudsen Hosethaug fra Rennebu? Eriks sønn Arnt Eriksen ble født i Rennebu i 1865, og prestene antydet det var hhv femte og fjerde leiermaal for Erik. Jeg har hørt at det er skrevet en artikkel som omhandler Erik Hosethaug fra Rennebu i tidsskrift/avis e.l. i løpet av de senere år. Kan noen opplyse om hvor dette sto skrevet? Jeg har i flere år prøvd å finne ut hvem Sofie var

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Erik Knutsson Botten og Erik Knutsson Hosethaug er nok same karen ja. I Valsøyfjorden gjekk Erik under namnet Næggelbit-Erik, medan han i resten av Aurgjeldet oftast vart kalla Tjørrå-Erik, - det siste pga. av at han dreiv med tjørebrenning.Etter eige utsagn skulle visstnok Erik ha vorte far til over 30 born. Av desse har det lukkast å finna 10.Når det gjeld Marie Sophie f. 1872, så veit vi korleis det gjekk med henne. Mor hennar var Helene Sivertsdotter Husby frå Foldfjorden i Aure, og ho døydde visstnok tidleg. Sofie, som ho vart kalla, budde lenge på Vik i Aursundet. Ho fekk problem med nervane og vart send til Rotvoll for ein periode. Sidan vart ho ganske frisk og ho fekk då opphald hos Karen og Ingolf Våg. Hos dei enda ho sine dagar, ugift og barnlaus (kjelde; Bergljot Roksvåg).Når det gjeld artikkelen om Erik Hovsethaug, så er det nok eg som har den på samvitet. Artikkelen står prenta i 'Du mitt Nordmøre' frå 1991. Det er Nordmøre mållag som er utgjevar av dette skriftet som kjem ut ein gong om året. Om du vender deg til Mållaget vil du truleg kunne få kjøpt eit eksemplar om dei har nokon til overs. Kan hende finn du det på eit bibliotek også. Det er merka ISSN 0800-3904.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Ryen

Tusen takk. Det var oppklarende. Det siste vi visste om Sofie var at hun bodde i samme adresse som Arnt (Andrew) i Superior, WIS i 1910. Nå vet vi at de var halvsøsken og at hun dro tilbake.Hun hadde som sagt to barn da hun dro sammen med halvbroren i 1898. Anna (Marie), f. 1895 [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6654&uid=ny&idx_side=-58>Lenke og Oline, f. 1897 LenkeDet blir spennende å lese om Erik når jeg får tak i din artikkel. Arnt oppgis å være Eriks fjerde barn. Når Sofie døpes får ikke presten nøyaktige oppgaver og skriver '5?' i parentes.Her er to av de første, døpt i Rennebu Mikkel 1853 Lenke og Marit 1859

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Dette var interessant. Men eg undrast om de er sikker på at dei to Sofiene er same person? Lenkene får eg ikkje til å verka skikkeleg, så eg lurar på om det er i kyrkjebøkene for Rennebu at dette står.No har ikkje eg forska i etterslekta til Erik, så det det er lite eg har om opplysningar om desse. Når det gjeld Sofie, så fekk eg oplysningane av ei som var i nær slekt med mor hennar, Helena Sivertsdotter Husby. Ho nemnde ikkje noko om at ho hadde born, så kanskje ho ikkje visste noko om dette? Kjenner ein til kvar det vart av borna?Elles veit de sikkert at Erik også hadde ein bror, Jon som vart busett på Botten i Valsøyfjord og fekk etterslekt der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Ryen

Jeg har tydeligvis innført en feil når jeg legger ut lenker. Hvor finner jeg veiledning?Lenkene viser til skanna kirkebøker, alle 'Fødte': Anna døpt i Brønnøy 12.04.1895 (f. 31.01) Oline døpt i Rennebu 16.04.1897 (f. 11.02)Eriks barn (noen av dem!): Mikkel døpt i Rennebu 28.08.1853 (f. 09.08) Marit døpt i Rennebu 16.10.1859 (f. 06.09) Arnt døpt i Rennebu 12.06.1864 (f. 30.05)Jeg har bestilt din artikkel/bladet fra 1991.Spørsmålet om det er samme Sofie er jo det interessante. I census 1900 i Superior heter hun Sophia, Lenke (om denne virker da) og i 1910 heter hun Marry. Det var mens jeg søkte etter en mulig Sofie Marie at jeg kom over henne i Aure som den 'eneste mulige' i landet. Som mor til Anna er hun oppgitt å være fra Aure i 1895. Da er det ingen annen mulighet. Jeg hadde bare ikke undersøkt om hennes far fra Botten kunne være Hosethaug fra Rennebu.Så er jo det neste store spørsmålet om døtrene ble igjen i Amerika. Kan det finnes opplysninger om når Sofie kom tilbake? Det ble vel ikke ført innflytterlister lenger da (1910-1920)?Jeg har lett mye på Ancestry etter Anna og Lina Johnson o.l. men de er ikke lett å finne igjen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

På denne tråden trur eg du finn oppskrifta for å leggja inn ei såkalla permanent sidelenke; Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Erik vart alt i 1860 tiltala og dømt for fjerde gongs leiarmål med fire forskjellege kvinner. Av desse veit eg om dei to du nemner i Rennebu, samt sonen Johannes f. i Aure 12. febr. 1856. Den fjerde har eg ikkje funne innført i kyrkjeboka nokon stad. Eg har då gått gjennom kyrkjebøkene for Aure, Valsøyfjord, Halsa, Tustna, Smøla, Surnadal og Rindal i Møre og Romsdal, medan Kyrkjebøkene for Hemne, Orkdal, Meldal, Rennebu og Oppdal er gjennomgått i Trøndelag.Når det gjeld Marie Sofie og borna hennar, så hadde det vore interessant å få veta meir om desse. Det må vel vera 100 % sikkert at det er dotter til Erik Knutsson Hosethaug og Helena Sivertsdotter Husby det her er snakk om. Ved barnedåpen til dotra, Olina i Rennebu 1 1897 er då også Marie Sofie kalla Husby til etternamn, medan det vert skrive at ho er frå Brønnøy. Eg lurar og på om barnefaren til den siste kan vera identisk med faren til første. Begge er titulert som handelsmenn og begge heiter Johan, riktignok den eine som Johan Paulsson og den andre Hermandsson.Ein kan jo også undrast på kvifor Marie Sofie søkte til heimbygda åt faren då ho vert på veg med dotter nr. 2. Vart ho utstøytt av slekta si i Aure, eller kva var årsaka. På ein eller annan måte måtte ho truleg ha ein slags kontakt med farslekta si i Rennebu. Når det gjeld fadrane som vart nytta då Olina vart døypt, var det folk av slekta til Erik eller var det personar heilt utan slektssamband med Marie Sofie? Korleis hadde det seg at Marie Sofie fann fram til halvbroren Arnt og drog i lag med han til Amerika?Og ikkje minst hadde det vore av interesse å få veta kva for skjebne dei to døtrene hennar fekk og korleis det hadde seg at Maria Sofie kom attende til heimbygda?Til slutt eit meir personleg spørsmål til Ottar Ryen; Kva er det som gjer at du er interessert i desse personane?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Har kontakta nokre eldre i Aure og diverre har det vorte ei feil opplysning. Ho som eg tidlegare skreiv at heitte Marie Sofie og budde på Vik og på Våg i Aure, heitte for Ingeborg Mathilde viste det seg. Ho var halsyster til Sofie Marie på morssida, slik at heimselskvinna mi nok må ha blanda saman dei to halvsystrene. Dette betyr då at Marie Sofie nok ikkje kom attende til Noreg. I det minste har vi ikkje noko prov på det så langt. Er lei for at eg har spreidd feil opplysningar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Ryen

Hvorfor Marie Sofie kom til halvbroren (?) eller faren (?) i Rennebu er ikke helt godt å si. Hun har vært i Nord-Norge, hun fødte Anna Marie i Brønnøy, faren var fra Flakstad i Lofoten. Arnt flytta nordover i 1883, han står i utflytterlista da. Det sto visst også at han for til Hadsel. Er det utflytterlister i Aure som kan vise når Marie Sofie dro nordover?Som du sier kan det være lurt å se på hvem fadderne var ved Marie Sofies dåp i Aure i 1872: Ole Larsen, Peder Andersen, Sivert Hansen, Ildri Johnsdtr, Marit Andersdtr, Lina Johnsdtr Det er lite sannsynlig at noen av disse var fra Rennebu. Har sjekka mot FT 1865.Sønnen Olaf f.12.06.1894, døpt 22.07: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2439&idx_id=2439&uid=ny&idx_side=-18>Lenke Faddere er Ole Johansen Grindal, Arnt Olsen Grindal, Johan Olsen Grindal, Marit Olsd Grindal og Oline Johnsd Grindal Arnts bosted er Hassel, han er Ungkarl, hun (Gunhild) er PigeHer er Arnts giftermål 26.01.1895 med Gunhild Olsd Grendal f. 1873. (Det står at Arnt sist gikk til alters i Hadsel 1887) Lysing skjedde 6 dager før. Lenke Gunhilds begravelse: Lenke Mens jeg i kveld lette etter Olafs dåp fant jeg pussig nok like ved (Olaf på side 14, denne på side 16 dersom lenkene fortsatt ikke er riktige) en dåp der barnefaren er Omstreifer Uhrmager Johan Oluf Hermandson (født i Sørhassel i Sverige 1867) ukjent bosted, og dåpen har vært en hjemmedåp på Osmoen 10.nov, fødselen skjedde på Osmoen i 'Os Tolgen' 29.10. Mora (Omstreiferske Fredrike Halstadklev fra Namdalseid f. 1871) oppholder seg på Haarstad og har meldt fra om hjemmedåpen. Dette kan jo være noe mer enn et tilfeldig sammenfall av navn og tider. Nå er det ikke sikkert at Johan var med sin nye familie til Haarstad, men hvis han var det - kunne han ha truffet Marie Sofie som muligens kunne ha kommet etter at svigerinna Gunhild fødte og trengte hjelp. Det er en dryg måned før bryllupet til Arnt og Gunhild at omstreifernes hjemmedåp meldes til presten. Men så skal jo Marie Sofie føde sitt første barn 31.jan også. Dette barnet, Anna Marie, blir døpt i Brønnøy 12.april. En ville helst tro hun ikke reiste så mye i den tiden. Hun er ganske sikkert i Rennebu i tida rundt da hun blir gravid med sitt andre barn. Da trenger nok Arnt og Gunhild hjelp, for Gunhild er syk av tuberkulose

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.