Gå til innhold
Arkivverket

[#51030] VÅGÅ - Ola Pederson og Marit Jonsdotter Skultbakken


Gjest Atle Brandsar
 Del

Recommended Posts

Gjest Atle Brandsar

Hei!Treng nokre datoar her - er det nokon som har kyrkjebok for Vågå lett tilgjengeleg?Ola Pederson Skultbakken, f. __.__.1761, d. __.12.1811. Gift 23.5.1788, med: Marit Jonsdotter Klonesbakken, dpt. 3.6.1760, d. __.6.1806.Klarar nokon å få fyllt desse tomromma?mvh, Atle Brandsar~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Legg ved det eg har på familien:Ola Pederson Skultbakken, f. __.__.1761, d. __.12.1811. Gift 23.5.1788. Marit Jonsdotter Klonesbakken, dpt. 3.6.1760, d. __.6.1806. Om desse er det skreve i Årbok for Gudbrandsdalen 1964, side 82.Born:1. Peder, f. 1.3.1789, d. 1857. Gift 28.2.1815 med Embjørg Knutsdotter, f. __.__1793 på Bergum (under Kleppe?), d. 6.9.1868. Embjørg er ved ft. 1865 nemnd enkje og føderådskone på bruket Skullbakken mittre, det var tre Skultbakk-bruk den gongen. Peder var, ettersom Høgåsen fortel (ÅfG'64:82), til alt – han var mellom anna skreddar, treskjerar, postberar, arbeidskar i prestegarden og smed. Dei måtte nok vere dyktige folk som skulle livbergast oppi Skultbakken. Om Embjørg er det hugsa at ho brende den tida det var lovleg (1816-1842) – og selde det ved å gå rundt på gardane med det. Dei vart besteforeldre til den vidkjende forfattaren Knut Pedersen Hamsun. (forfattaren og Ragnhild Byrberget vert dimed tremenningar).2. Kari, f. 24.11.1793, d. 19.8.1872. Gift 9.7.1829 med Jon Iversson Ramen, f. 11.8.1802, d. 7.8.1873. Det var skifte etter dei på Ramen (husmannsplass under Storrvik) i 1873, dei var bornlause – så det var syskena deira som ervde.3. Jon, f. 22.1.1797. Kom til Storrviksøygarden, min tipp-tipp-tippoldefar.-tilføyingar og/eller rettingar vert motteke med takk! :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.