Gå til innhold
Arkivverket

[#51218] Skoreng i Hjelvik, Romsdal nemnt 1327 til 1364


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

I eit kjøpebrev fra 1327 gjør Skøreng (Skörengr)i Hia(l)muicum kjent at han har kjøpt 1 øyresbol nordre garden fra Arnbjørn (Arnbirne) i Bøøy med samtykke av kona hans Mald for to Kjör og en Hest verd fire kyrlag. Steinar klerk (Stæinar klerkr) skildra kjøpet. Tilstede Hallkjell Kugsson (Halkæli Kugs syni) og Elling Sigurdsson (Ællingge Sygurs syne) og mange andre gode menn. Skoreng [nå omtalt i 3. person] betalte kjøpesummen til Arnbjørn mandag etter påskeuken [20 april].Hja(l)muicum) kan vere Hjelvik i Straum åtting (85 i Vågstrande, Veøy, Romsdal) og ut frå teksten synes det som Skoreng er busett der.I 3 seinare diplom, 1355, 1360 og 1364 opptrer ein Skoren (Skjering) Arnbjørnsen - han kjøper mellom anna tilsaman 1 1/2 øyresbol i Hjelvik, ein av gardpartane vart kalla Barka garden.Seljaren er Arnbjørn i Bøøy. Kona hans Mald samtykker i handelen. Bøøy kan vere Beøy i Våge åtting (noverande Fræna kommune) i Romsdal. Men i O. Rygh: ”Norske Gaardnavne” vert det kommentert at det kan vere feilskrive tilliks med andre namn i kjøpebrevet. Arnbjørn og kona Mald finn eg berre nemnt i kjøpebrevet ovanfor, så om dei veit eg ikkje meir.Rett nok er ein Arnbjørn presteson nemnt i eit vitnebrev frå 28. januar 1336 då Hermund, prest i Vågøy [= Ytre Fræna sogn], Gunnar på Sande, Ragnvald på Jendem og Olav på Hæstad var i stova på Vågøy. Eirik Sveinsson solgte til Benedikt Eiriksson prest 2 øyresbol i Haukås, og i nærvær av kona si Elin Halldorsdatter fikk full betaling. Arnbjørn prestesønn, Kolbein på Hoem, Nikolas på Eidem og mange andre gode menn var der også. 11 Septbr. 1309 i Oslo gir kong Håkon [Magnusson] instruks til herr Sigvat av Leirhol, Arnbjørn [Torleivsson] presteson, Gudbrand i Sata og Lodin Torkjellsson: Skal undersøke saken mellom Hallvard på Stave og Arne Jorunnsson. Om dette er ein, to eller tre forskjellige personer nemnt Arnbjørn er uvisstEg lurer på kvifor kona Mald må samtykke. Kan det vere at gardparten kom frå henne og ikkje Arnbjørn?Dei to andre gardpartane i Hjelvik kjøpte Skoreng av Lodve Eiriksson.Eg skulle gjerne visst noko meir om desse personane. Kan nokon hjelpe?Skulle ønske at nokon med kompetanse kunne lage eit nettbasert kurs i mellomaldergenealogi for oss noviser på feltet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Har ikkje noko å tilføra når det gjeld spørsmåla dine om denne slektskrinsen i Romsdal. Vil berre slutta meg til ønsket ditt i siste lina. Eit slikt kurs trur eg mange ville ha vore interessert i å delta i. Problemet er vel at det er så få som har tilstrekkeleg med kompetanse til å tilretteleggja eit slikt kurs. Så lenge vi ikkje har universitetsutdanning særskild retta inn mot faget middelaldergenealogi så er eg redd denne situasjonen vil vara ved.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Ein Lodve(Loden) Eiriksson solgte i to vender 1 1/2 øb i Hjelvik. Den einaste med det namnet eg finn i diplomane ser ut til å halde til i Valdres i 1380-åra og er kalla kongens håndgangne mann.Dersom dette er riktig synes det å vere eit samband mellom Valdres og Hjelvik.Også tidlegare har Valdres og Romsdal vore omtala saman når deg gjeld makeskifte. I 1331 er nemnt eit makeskifte: [url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=2459&s=149&str=>LenkeKvittering fra Erlend Serksson: Den jorden på Nordmøre som herr Erling Vidkunnsson, kongens drottsete, gav ham, hans mor Ragna og hans hustru Ingebjørg i bytte svarte ikke fullt ut til den som de gav ham i Valdres, Hardanger og Sogn. Derfor har herr Erling nå også latt dem få 6 øb i Biarnnar velli og 1/2 mb i Dale, begge i Romsdal, slik [Erlings] brev [nr 848 ] viser. Dermed sier Erlend seg fornøyd. Eg ser at dette har vore diskutert i digitalarkivet her

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest John H. Aarønes

I kjøpebrevet frå 1327 fekk Arnbjørn i Beøy 'samtykke av kona hans Mald'. Eg går i alle fall ut frå at det skal forståes slik at Arnbjørn og Mald er mann og kone?Var Mald sitt samtykke nødvendig her eller...? Når er det vanleg at kona gjev samtykke til avhendig av jordegods?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.