Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ørjan Kvaløy

[#51515] Kolvereid/Foldereid: Ole Justesen Dahl og Eleonora Bergwitz, kor kom dei ifrå?

Recommended Posts

Gjest Ørjan Kvaløy

Eg søkjer mine aner, Ole Justesen Dahl, og Eleonora Magnusdotter Bergwitz. Rundt 1750 kom dette ekteparet til Foldereid, der dei budde på ymse stader i bygda. Årfor, År, og plassen Dalen under Berg. Truleg tok han namnet 'Dahl' etter denne plassen. Ole Justesen (også skrivi Gustavsen) var korporal. Etternamnet til kona er skrivi på ymse vis: Bergwitz og Brevitz. Hennar patronym var Magnusdotter.Dei fekk 6 born:1. Martha Elisabeth f. 17522. Johanna Marie f. 17543. Elias f. 17564. Christianna f. 17585. Nicolai f. 17616. Olava f. 1765Alle borna født i Foldereid.Seinare flytta familien til Kolvereid, der dei rydda plassen Øvre Hagan, og gjorde han til eit mønsterbruk. Ole søkte 'Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab' om akademisk pris for sitt nybrottsarbeid. (Nærøy Bygdebok III s. 29) I tillegg til å vera korporal, livnærte Ole seg som snikkar, og særleg likkistemakar. Familien er også nemnt i Nærøy Bygdebok I s. 454. (Foldereid)Fødselsår og dødsår er ukjent for både Ole og Eleonora. Det er antyda at Eleonora er født ca. 1716, og døydde ca. 1805. Ole antas å ha døydd ca. 1785.Begge foran nemnte bygdebøker for Nærøy opererar med ukjent opphav. Da Ole var korporal, skulle han kanskje finnast i millitære kjelder? Truleg var det vel også hans yrke som førte han til bygda.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Før denne tråden døyr fullstendig ut, og forsvinn langt ut i evigheten, må eg spørje ein gong til: Er det virkeleg ingen som har høyrt om Ole Justesen Dahl og Eleonora Magnusdatter Bergwitz?Kva med Bergwitz/Brevitz - namnet? Det skulle da vel vera kjent? Vi leiter da etter ein Magnus Bergwitz, født sist på 1600-talet ein gong.Og kva med Ole Justesen Dahl? Finst det ikkje millitære kjelder? Nokon som kan lose meg i riktig retning?Ein tanke har slått meg, kan det hende dei kom frå Sverige?Ørjan

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Ryen

Dette er vel Eleonora i 1801 (bor hos datteren Olava):Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Beate Helland

Du har sikkert sett at Eleonora Brevitz og Ole Gustavsen står oppført med ekteskap inngått 18. juli 1751, Foldereid hos FS. Har noen sjekket kirkeboka?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

(3) Ser ar alderen til Eleonora oppgis å vera 83 år i 1801, altså født omkring 1717-18. Hennar dødsdato er ikkje innført i kyrkjeboka, men ho levde i 1803, da ho søkte bygdekommisjonen om fattighjelp. Presten tilførte i møteboka: 'Fattig og gaar i Barndom'Dottera, Olava, vart gift med Halvor Sverkersen frå Surnadal. Dei fekk 7 born. Den eldste dottera oppkalla etter Eleonora. Sjølv stammar eg frå Ole og Eleonora sitt fjerde barn, Christianna.(4) Ja, eg har sett denne, men har ikkje studert kyrkjeboka, da verken Bd. I eller III av Nærøy Bygdebok nemner noko i den samanhengen. Har også prata med bygdebokforfattaren, og han hadde heller ikkje noko å tilføye.Grunnen til at eg har spekulert på svensk opphav er at eg meiner å ha vori borti Bergwitz-namnet i Sverige (Jemtland?) Dessutan er vel kanskje også Gustav eit meir vanleg namn i vårt naboland. Dessutan tilsynelatande manglande oppføringar i norske kjelder, kunne tyde på utanlandsk opphav.ØK

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Beate Helland

Se på tema nr. 38718, der er Eleonora diskutert og funnet!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Sverige er mogeleg ikkje ein så dårleg ide. Anbytarforum opererar med ein eiga Brevitz-tråd. Her nemnast det bla. 'Den äldsta uppgiften jag hittat om Brewitzar i Sverige är från 1661 om en tysk barberare Johan Brewitz som arbetade i Stockholm, Norrköping och Örebro. I Jämtland fanns/finns? ättlingar till en tysk militär som kom till Sverige senast 1670.'Eg fann også eit notat i mitt arkiv, fullstendig utan kjeldehenvisningar, så ikkje spør kor eg har det ifrå. Eg har notert (for eit par år sia): 'Sersjant Magnus Brevitz, Oviken, Jemtland, fekk ei dotter Eleonora i 1716. Hun døde ett år seinare, men han fekk ei ny dotter med same namn i 1721, i Lit, Jemtland'Truleg altså ei offisersslekt. (Jmf. over om den tyske millitær som har etterkommarar i Jemtland) Brevitz-ane i Sverige er også knytt til Bjørkvik, Sødermanland. Der dukkar det opp eit par Olof Gustafsson, født rundt 1700. Men, men, berre spekulasjon.Har prøvd å leggje inn eit innlegg på anbytarforum, men får det i retur. (Noko feil med innlogging, bla, bla)Kanskje kan desse nye opplysingane kaste nytt lys over saken? Vi snakkar altså mogelegvis om ein Sersjant Magnus Brevitz, Oviken, Jemtland.ØK

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Steen-Karlsen

Hei Ørjan. Det var meg som la inn det forrige innlegget som er referert til om dette ekteparet Justesen og Bergwitz/Brevitz. Dette er forfedrene til min svigerfar fra Nærøy. Etter at sersjant Magnus Brevits kom fram har jeg heller ikke kommet noe lenger, så jeg følger denne debatten med spenning.Mvh. Torbjørn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

(6) Utruleg klønete av meg å ikkje sjekke brukarforumet først, før eg la inn mi etterlysning! Men, no kan eg jo sjå ganske tydeleg kor eg har opplysningane om sersjant Magnus Brevitz ifrå. (Eg skreiv (7) før eg såg (6))Eg vil vel ikkje si at saka er oppklåra enno. Sersjant Magnus Brevitz, Jemtland, er ein god kandidat, men slektstreet er langt ifrå fyllt opp med han. Hans namn visste vi vel forsåvidt frå før.Mange spørsmål står opne enno: Kven var Ole Justesen/Gustavsen? Kor kom han ifrå? Kva med anene hans?Kven var Magnus Brevitz? Kven var han gift med? Anene deira? Datoar, årstal mm. Men, eitt stykkje på vegen har vi komi.Eg festar meg ved opplysninga i Anbytarforum: 'I Jämtland fanns/finns? ättlingar till en tysk militär (Brevitz) som kom till Sverige senast 1670.' Denne personen har da truleg fått ein son, eller kanskje barnebarn, som var Magnus Brevitz? Kva var namnet til denne tyskaren? Når levde han?(8) Eleonora og Ole hadde 6 born, og 5 av dei vart gift og hadde etterkommarar. Martha Elisabeth hadde 7 born, Elias 4, Olava 7, Christianna 5. (Johanna var gift med Michael Jensen, men ho finn eg ikkje att i FT eller NBB) I alle fall vart det mange, mange etterkommarar, og berre mi grein av slekta tel fleire hundre.ØK

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Har lagt inn ei etterlysning i svensk Anbytarforum under Brewitz-tråden. Ventar i spaning på svar derfrå. Torbjørn: Har du undersøkt boka 'Stamtavle over familien Bergwitz med indgiftede familier' ? Forfatter : Bergwitz, Joh. K. Trykt : Kristiania, 1891. Sidetall : 35 s.? Var det noko å finne der?ØK

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Steen-Karlsen

Nei desverre, denne boka har jeg ennå ikke funnet. Var innom biblioteket der de gjorde et enkelt søk dengang jeg holdt på med det, men de fant ikke noe da. Innbiller meg at denne boka vanligvis ikke lånes ut til privatpersoner, slik at man må lese den på et eller annet arkiv.Mvh. Torbjørn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Har fått bekrefta opprinnelsa til Eleonora Brevitz! (Anbytarforum) Ho er døypt i Lit, Jemtland, den 11/7 1721. Hennar far var fenrik Magnus Brevitz, og mor var Lisken Sundell. Begge Lit. Avventar meir informasjon.Det er litt morosamt å tenkje på at Christianna, dotter til Eleonora, vart gift med Hans Jørgensen Blix, og hans slekt hadde vel også sitt opphav i Lit, Jemtland.Ørjan

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Fikk nettopp denne meldinga på Anbytarforum:Örjan! Enligt 'Jämten 1956' p 116 var 'Magnus Brewitz´ far Kornetten Mattias Brewitz, sannolikt värvad vid gen.major Anders Planting-Bergloos reg i Stettin. Mattias deltog bl a i raiden till Röros och dog 1695. Var gift med Eleonora Franzina.' Magnus och hans mor dog båda i Brasta, Hallen 1730, båda begravda den 7/5. Eleonora uppges då vara 80 år och Magnus 47 år, 9 mån. Lisken Sundell bör vara den Elisabet Sundell f 1692 16/7 i Nyland, Undersåker av komminister Nils Sundell (1648--1719)o h h Margareta Berghemia.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Apropos oppkalling, ser ut som 'vår' Eleonora er oppkalla etter farmor. Vidare har eg allereie nemnt Olava si eldste dotter, Eleonora. Kan i den samanhengen nemne at Christianna også hadde ei dotter Eleonora f. 1784.Eg har lagt merke til at Ole og Eleonora si eldste dotter fekk namnet Martha Elisabeth. Her er det vel også noko oppkalling ute og går? Elisabeth etter mormor, og kanskje Martha etter farmor?Utfordringa blir vel å finne Ole Justesen Dahl. Eg trur eg vil kalle han Ole Gustavsen, evt Olof Gustafsson, om han var frå Sverige. Denne Ole/Olof er truleg født først på 1700-talet, og far hans var Gustaf og mora truleg Martha.Elles ser det vel ut som at riktig etternamn på Eleonora skal vera Brewitz, med w. (Da tysk v uttalast f) Kor Bergwitz kjem ifrå veit eg ikkje. Kan det vera ei feilstaving? Brewitz og Bergwitz er kanskje rett og slett to forskjellige slekter?ØK

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×