Gå til innhold
Arkivverket

[#51544] Anna Petersdatter Buskmand 1839


Gjest anita bakken
 Del

Recommended Posts

Gjest anita bakken

Hei Søker opplysninger om Anna Petersdatter Buskmand f1839 i Aure. Hun skal uektefødt barnebarn av Aurepresten Peter Thams Buschmann.Hun ble gift med Hallvard Ingebrigtsen f1837. Etter det jeg vet skulle hun ha bodd en stund på Hitra.er det noen som vet hvor hun kunne ha bodd event om hun ble konfirmert der. Hilsen Anita Bakken

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Litt om slekta til Anna Petersdotter Buschmann f. ca 1839-1840 i Aure.Ho var dotter til Peter Wessel Petersson Buschmann og Maria Knutsdotter Tevik frå Smedøra. Peter var født i 1813 i Ullstein på Sunnmøre. Han var son til den myndige sunnmøringen og aurepresten Peter Thams Buschmann. Dei andre sønene til Peter Thams var; Søren f. 1803 og Johan Christian Henrik Buschmann f. 1815. Peter Thams Buschmann brukte alle sine økonomiske midlar til å byggja standsmessige hus på prestegarden i Aure, visstnok om lag 20 bygningar til saman. På den måten vart det ingenting å kosta utdanning på borna for. Buschmannsønene viste seg å vera uvanlege dyktige og driftige på alle måtar, sjølv om det vart litt mykje overmot einskilde gonger med konkursar og liknande som resultat. Om eg ikkje hugsar feil, så hamna mykje av etterslekta til Peter Wessel Buschmann på Sandstad på Hitra. Dotra Anna hadde han som nemnd med Maria Tevik, og eg meiner å hugsa at Peter også hadde ei dotter til utanom ekteskap.Broren Johan, hadde også ein son som vart kalla Peter Wessel Buschmann. Denne Peter gjekk først dundrande konkurs i Lurvika i Aure før han reiste til Tacoma på austkysten av Amerika. Der starta han opp med laksefiske og seinare starta han med storstilt fabrikkdrift der hermetisering av laks og kveite var hovudverksemda. Fabrikken låg i Alaska og det var mest nordmenn som arbeidde der. Litt før 1900 var fekk staden bystatus og fekk namnet Petersburg etter grunnleggjaren.Anna vart som nemnd av Anita, gift med snikkar, Halvor Ingebrigtson Kletten f. i Oppdal. Paret vart buande på Sæter, også kalla Torsetsæter eller Stranden, eit lite gardsbruk på grensa mellom Aure og Stemshaug. Paret hadde 5 born og har svært stor etterslekt både i Aure og andre stadar. Også mange i denne etterslekta har fått tildelt dei driftige eigenskapane til Buschmannsønene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.