Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Vera Ilseng

[#51554] Mons Bott. Bøtun (f.1830) og Kari Samsonsdtr Dragesæter (f. 1831)

Recommended Posts

Gjest Vera Ilseng

Hadde de en datter Johanne/a, født 1850-55?Mons og Kari utvandret til Minnesota ca. 1860, og er oppgitt som Johannas foreldre, iflg. Johannas etterkommere i MN. Mitt problem er at jeg ikke kan finne dem sammen noen gang!Kari flyttet fra Innvik i 1851. Mons flyttet fra Leikanger i -49 og -52. Jeg finner barna Bernt Severin (1857) og Laurits Martin (1859) født i Bergen, og ekteskap mellom Mons og Kari, 1857 i Bergen.Så dukker de opp i St Olav township, Otter Tail, MN i 1870 (Mons og Karen Bothun). De har de to sønnene fra Bergen, og jeg tror de utvandret ca. 1860, fordi neste barn i rekka, Maria, ble født i Wisconsin 1860-61. I tellingene framover finner jeg ialt 9 barn, men ikke Johanna. Men 1900-tellingen forteller at Kari (Karen) har født 10 barn, og alle er levende. Mitt håp er jo at Johanna er det første barnet deres... (og Karis mor het Johanne.)Min Johanna (senere tellinger: bare Hanna), er allerede i 1870 gift med sin Peter Andersen. (Han vet jeg heller ingen ting om annet enn at han var norsk - mulig hans mor het Gjertrud.)Så altså: Er det noen som vet noe om Mons, Kari og Johanna?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Heisan, mori til Mons Bottolfson, Elisabeth Monsdotter (1792-1857) var fødd og oppvaksi på ein husmannsplass under Valaker i Hafslo (Luster) i Sogn, og eg attgjev frå manuskriptet mitt for band 11 i bygdebokserien for Luster:~~~~~~~~~~~~~~~~~~c. Mons Bottolfson, f. i Leikanger 15.3.1830, flytte i 1852 til Bergen der han 5.7.1857 gifte seg med Kari Samsonsdotter frå Drageseter i Innvik, Nordfjord. Ho var dotter av husmann Samson Samsonson på ein plass under Drageseter, opphavleg frå Brynestad, og kona Johanna Johnsdotter frå Visnes og f. i Innvik 1.12.1831. Mons var jekteførar, og han og Kari budde nokre år i Bergen til dei i 1861 utvandra til Amerika. Me finn att dette paret under namni Mons og Karen Bothun der dei først busette seg i Mitchell Co., Ia., men i 1868 flytte dei til ein farm i St. Olaf township, Otter tail Co., Minn. der dei sidan budde levetidi ut. Mons d. i Otter tail Co., Minn. 12.12.1904, medan Karen Bothun d. same staden 4.7.1905. Dei fekk ni born i lag; dessutan hadde Karen ei dotter frå før.~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg har ikkje detaljane med meg her på strondi, men eg meiner å hugsa at Johanna var dotteri som Kari hadde ''frå før''...Eg vonar dette er til litt hjelp!Med varm sommarhelsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Kva trur du om denne uektefødde Johanne? Nr 9LenkeMarianne Bakketun

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Arild Bergset

Kari Samsonsd., mor til den Johanne som Marianne har funne, er iallfall den same som den Lars skildrar over.Far til Johanne, Nils Nilson Høgalmen f.7.apr 1818, var frå Olden (Oldedalen). Foreldra hans var Nils Arneson Høgalmen (1786-1856) og Marte Kristensd. f. Myklebust (1791-1847), begge frå Oldedalen.Kari Samsonsd. melde flytting til Bergen 19. feb 1857. Det er ikkje nemnt at Johanne var med, men det må ein vel rekne med. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vera Ilseng

Tusen takk for opplysninger! Jeg hadde søkt på 'Døpte i Innvik' her på DA uten å finne henne; men ser nå hvorfor: Moras navn står under feltet for 'Far alder'... Det har jeg ikke lagt merke til når jeg har søkt der.Jeg hadde funnet fram til riktig Mons og Kari med bare Johanne og folketellingen i 1870 MN som utgangspunkt; syns jeg er flink (skryt, skryt).Som indre østlending er Sogn veldig ukjent område for meg i slektsforsking, men jeg ser jo at Lars har mye informasjon om disse folka. Er det noen kontakt mellom slekter her og i USA? (Min venn i Minnesota er jo bare ett av Karens tipp-tipp-oldebarn.) Og utvandringen i 1861; finnes det mer informasjon om den noe sted?Og - er det noen som vet noe om denne Peter Andersen som Johanne giftet seg med?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har berre teke med dei opplysningane som eg freister samla om ALLE utflyttarar frå Luster kommune og om borni av utflyttarar, med ektemakar. Eg har soleis ikkje samla opplysningar om seinare generasjonar etter Mons Bottolfson, men dei opplysningane som eg har samla om Mons og Kari, er eit produkt av kyrkjebøker i Noreg og USA og offentlege registre over avlidne og nekrologar frå Minnesota, men nærare detaljar har eg ikkje for handi her ved Middelhavet...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×