Gå til innhold
Arkivverket

[#51726] Bertha Gundersdotter i Bergen (1761?-1801) og sønene hennar - opphav og lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Bertha Gundersdotter, fødd kring 1761, uvisst kvar, gifte seg i Bergen 19.11.1786 med Jørgen Larsson Winjum frå Hafslo i Sogn (1761-1827).Men Bertha døydde i Bergen alt i 1801 og vart gravlagd 4.4.1801. Ho let etter seg to søner:* Hans Henrik (Jørgensen), fødd i Bergen 20.9.1790* Gjert Christian (Jørgensen), fødd i Bergen 29.11.1794Båe gutane er nemnde i lag med far deira i Undersøkingskommisjonen frå 1804, men eg finn dei ikkje att seinare i Bergen. Jørgen gifte seg att og vart buande i Bergen.Stundom ser ein ikkje skogen for berre tre; kanskje er det augi mine som sviktar... Er det nokon som kan hjelpa meg finna att desse gutane?Eg er òg på leiting etter opphavet til Bertha Gundersdotter, som IKKJE var frå Hafslo! Kanskje nokon saknar ei Bertha Gundersdotter ein annan stad?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Held vis oss på Vestlandet har Familysearch denne Individual Record FamilySearch™ Vital Records Index Norway-------------------------------------------------------------------------------- Brithe Sex: F--------------------------------------------------------------------------------Event(s): Christening: 07 Dec 1760 Place: Kvam, Hordaland, Norway--------------------------------------------------------------------------------Parents: Father: Gunder STRANDEN--------------------------------------------------------------------------------Source Information: Batch Number: C429131 Source Dates: 1743 - 1795 Film or Fiche Number: 124578 Collection Details: Oystese; Den Norske Kirke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Ein Gjert Jørgensen gifter seg i Vestre Moland i 1811 (Familysearch) Giert JORGENSEN Sex:--------------------------------------------------------------------------------Marriage: Spouse: Karen ISAACHSDR Marriage: 23 Jun 1811 Place: Vestre Moland, Aust-Agder, Norway--------------------------------------------------------------------------------Notes: Additional data in original record--------------------------------------------------------------------------------Source Information: Batch Number: M421221 Source Dates: 1687 - 1816 Film or Fiche Number: 123699 Collection Details: Vestre Moland; Den Norske KirkeHan bur så vidt eg kan sjå ikkje i området ved 1801-tellinga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Aase for spennande innlegg, særleg det siste. Det er ikkje ut som denne kyrkjeboki for Vestre Moland enno er skanna, so me veit ikkje kva tilleggsopplysningar som står i originalen, men dette er nok absolutt eit alternativ. Kan det tenkjast at ogso mori kom frå den kanten...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Jau, Aase, eg hadde spørsmål om dette i Arkivforum, men svaret var negativt...So, eg står like ''fast''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Finner denne karen blant prisonfangene 1807-1814: Hans H. Jørgensen fra Bergen, 19 år, matros. Hvis han ble satt inn 31.10.1809 i en alder av 19 år, gir vel det fødselsåret 1790…?LenkeDet kan være et skudd fullstendig i blinde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for eit lovande innlegg. Eg trur so sanneleg du har funne denne eine sonen, og no er spørsmålet om han kan ha lete livet i fangenskap...?Med sommarhelsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Ordlista mi overset discharge med 'avmønstring, frikjenne, løslatelse, utskrivning' så han skal vel ha kome derfrå i levande live.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Jau, det står ''discharged'', men det som får meg til å lura, er at det står ''Jylland''. Var det staden der han vart teken til fange? Elles kanskje hadde han tilhaldet sitt der...?Eg vonar framleis på fleire opplysningar om denne huslyden...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg tolkar det slik at staden som er oppgjeven er der dei er tekne til fange, ja. 'Av Jylland' - på sjøen heiter det enno 'vest av' og ikkje 'vest for'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Eg er samd med Aase. Båten Hans H. Jørgensen var på vart borda ein stad i Nordsjøen '(vest) av Jylland', eller 'off Jutland', på maritimt engelsk. Det er DÅ han vert prisemannskap.Løysinga på kvar det vert av matros Jørgensen får du vel om du finn ut kvar det blir av skipet 'Baring'. Slik eg tolkar det vert han sendt med dette fartyet (påmønstra eller som passasjer?) då han vert 'discharged'; altså i dette høvet sett fri. Under andre omstende ville omgrepet 'discharged' utan tvil vist til ei heilt vanleg avmønstring.Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Aase og Terje for nye innlegg.Eg har studert prisonlista noko nøyare, og eg er samd med Terje i at det kanskje er skipet Baring som løyner lagnaden til Hans Jørgensen, men å finna skipslister frå den tidi er vel ikkje akkurat av det enklaste...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

- Kanskje det ikkje er all verda til jobb, Lars. Dersom du studerer prisonlista enno ein gong vil du finna at det jamvel er oppgjeve ein referanse til kjelda; dvs. det som her er oppgjeve å vera ADM 103/63 nr. 2528. Det kunne vel vore greitt å sett om denne kjelda innheld endå fleire opplysingar. Kan henda Statsarkivet i Bergen (eller evt. Riksarkivet) kan leita opp denne kjeldereferansen for deg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.