Gå til innhold
Arkivverket

[#51823] Tyding av utflytta frå Nordsinni Nordre Land


Gjest Marianne Bakketun
 Del

Recommended Posts

Gjest Marianne Bakketun

Treng nok meir tydehjelp. Nr 16, 17, 18 og 19. Personane er Lars Olsen, Siri Gulliksdtr og barna Lise og Agnete. Og resten? LenkeMarianne Bakketun

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Mener det står ”Godt forhold”. Jeg har ofte god hjelp når jeg forstørrer teksten med 150%. Men håndskriften er selvsagt avgjørende...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Greier du Lars sin 'tittel' og kva står det bak Olsen? Siri er kona, ikkje sant? Men det står verkeleg 1854 som fødselsår??? Og det blir heilt feil når jentene er fødd i 1865 og 1867. I fylgje mine papir er Siri fødd rundt 1820-23.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Eg har familien i 1865 og eg har funne alle borna deira (trur eg), totalt 7 stk. Dette er Lars sitt andre ekteskap. Dei to fyrste borna var uekte!Det er denne utflyttinga som no er blitt ei lita nøtt. To av jentene flytta til USA i 1878, Gunnild og Johanne. Men her må det har skjedd ei forveksling med alder - Gunnild har fått Johanne sin fødseldato og omvendt....Det finns vel ikkje passasjerlister for 1878 og 1883?Marianne Bakketun

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Kvar er Rustaden? Er det eit gardsnavn i Oppland? I 1865-teljinga bur familien på Hougom gård i Land.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Prøver å finne utvandringa i Digitalarkivet, men har ikkje lukkast så langt. Kvar ville det vera naturleg at dei reiste frå når dei kom frå Land?Gunilld f 1856 og Johanne f 1859 Larsdtr utvandra til Amerika i 1878. Lars Olsen f ca 1821 med kona Siri/Sigri f ca 1823-24 Gulliksdtr og borna Lisa f 1864 og Agnete f 1867 utvandra i 1883.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Tusen takk! Det blir ofte til at ein leitar seg blind. Hadde vore innom Kristiania fleire gonger. Men det står Olsd på mora og det er vel ikkje heilt rett. Så spørs det om eg finn dei to andre jentene også, Gunnild og Johanne i 1878.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Ser ut som mysteriet er løyst: LenkeHer er Gunhild og Johanne (Johanne øverst). Begge er 20 år gamle, men det har kanskje blitt litt rot fordi det vart bytta om på fødselsdato ved utflytting? Gunhild skal vera fødd i febr 1859, medan Johanne er fødd i des 1856.Finns det passasjerlister for dette tidsrommet?Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Tusen takk Geir! Fann Lars, Siri og borna Lisa og Agnete i 1875-teljinga, busette på Rundhaug. Men fødelsår på Lars er her 1815, så forvirringa er total. Ved utreise til Amerika i 1883 er han 54 år, altså skulle han væra fødd ca 1829. Ved giftarmål i 1858 er han 37 år, altså fødd ca 1821. Og på Gjøvik og Toten slektshistorielag sine sider finn eg ein Lars Olsen, med far Ole Larsen fødd i januar 1822.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.