Gå til innhold
Arkivverket

[#51915] Anne Larsdotter frå Kvam/ Fron f. ca. 1836 - gift i Stor-Elvdal - utvandra


Gjest Per S. Nestande
 Del

Recommended Posts

Gjest Per S. Nestande

Eg søker informasjon om Anne Larsdotter f.ca. 1836 som vart g. 28.9.1863 i Stor-Elvdal med Anton Severin Helgesson Stai f.5.12.1832 i Gammelstu Stai. Familien budde i nokre år som husmenn i Seljordet under Gammelstu Stai før dei utvandra til USA i 1870 (attest 4.4.1870 frå Stor-Elvdal). I 1880 bur familien i Hayes, Swift County, MN og er nemnt med etternamnet Stoie i 1880-folketeljinga for Minnesota på Digitalarkivet.Ved giftemålet er faren hennar berre nemnt som Lars, men det er oppgjeve at ho er frå Kvam (Gifte nr. 17 1863), jf. LenkeEg er på jakt etter informasjon om fødselsdato og namnet på foreldra til Anne. I kyrkjebok for Kvam i 1836 er det to kandidatar. Det kan vel også vere andre Anne Larsdotter fødd på andre tidspunkt eller ein annan stad i Fron som kan vere den rette.Er det nokon som kan hjelpe?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aud Sandbu

Dette er nok Anne Larsdtr. Bergum f. 8/11-1836, som står innflytta til Åmot heilt nedst på denne kirkeboksida: LenkeAnne var nest yngst av dei sju borna til Lars Olsen Bergum under Lillejevne (1801-1847) og kona Sigrid Hansdtr. f. 1798 på Næprud under Breden i Sel.Desse to gifta seg i Sel i 1823.Forutan Anne f. 1836, hadde dei borna Ole f. 1823, Hans f. 1825, Synne f. 1828, Iver 1831-1831, Ingelev f. 1833 og Iver f. 1841.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.