Gå til innhold
Arkivverket

[#52014] Kvar finn eg Herløy i Sunnfjord?


Gjest Jarle Hauge
 Del

Recommended Posts

Gjest Jarle Hauge

I tema 44373 viser Johan Arthur Hansen til bygdebok Sveio III side 223, nr 13. der der står at Helge Thorsen Framnes,f. 1837 i Fjelberg er gift på Herløy i Sunnfjord. Er det mogeleg å finne dokumentasjon på dette, og.....kvar finn eg Herløy i Sunnfjord??? Har prøvd alle tenkelege skrivemåtar med 'Haraldsøy- Sundfør', 'Hærøy på Søndmør' '...øy i Sunnfjord' osv...Uten resultat. Side 223 i Sveio III har på ein måte 'kilt seg fast i mine små grå', så eg håpar at nokon kan hjelpe. Mvh Jarle Hauge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Herdlo/Herdla i Askøy kommune NV for Bergen har eg sett med namnet Herløy. (Det er rett nok ikkje i Sunnfjord...)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jarle Hauge

Tove, det er rett person du har funne. Han kom til Smørhamn i Bremanger kring 1868 og var tilsett der som jekteskipper. Han vart gift med Magnhild Tidemannsdatter og kjøpte garden Hauge indre i Berle i Davik kommune. Ettersom eg ikkje finn noko stad- eller gardsnavn heromkring som kan minne om Herløy, så trur eg kanskje at dette er eit forhold han hadde før han kom til Berle. Han fikk sonen Thor med Brite Helgesdatter i Skjold i 1860, men dette passar heller ikkje med Herløy, så...Til Ivar, eg har prøvd å finne noko om Helge på Herdla, men uten resultat. Vel, takk til begge. Mvh Jarle Hauge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jarle Hauge

Hei Aase. Ja, du har sikkert rett, men... Ein 'utadvent og sosial' jekteskipper med heile kysten som 'nedslagsfelt' kan vel lage villskudd på eit og anna slektstre. På vårt slektstre har vi funne to nye greiner i det siste, så eg prøvar litt til. Men takk skal du ha. Mvh Jarle Hauge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jarle Hauge

HJR, Berle og Hennøystranda er på kvar si side av Frøysjøen, men klarer ikkje å finne nokon forbindelse der. Berit, Ekteskapet med Magnhild Tidemannsdatter kjenner vi til, men klare ikkje å koble henne heller til stad- eller gardsnavn som minner om Herløy. Har søkt ein del på Herdla uten å finne noko. Takk for innlegg. Mvh Jarle Hauge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Ekteskapet var like mye for de andre som prøver å hjelpe til. Og dessuten sier du at det står i boka at han ble gift på Herlø, men i lenka kan man jo se at han ble gift i Bremanger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bent Grotle

Kva med Hærland på Atløyna, vest av Askvoll. Det er no i Sunnfjord og Hærland skrivast stundom også som Herland (og kanskje også som Herløy?).Mvh Bent Grotle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.