Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Mads Langnes

[#52049] Innmarksutskiftingar/jordskifte

Recommended Posts

Gjest Mads Langnes

Arkiv- og historieinteresserte!Eg arbeider no med eit bokprosjekt omhandlande emnet innmarksutskiftingar/jordskifte og påfølgjande oppløysing av tun og teigblanding i Noreg på 1800-talet. I samband med dette arbeidet er eg interesserte i om nokon av dykk har gode tips å kome med om kjelder som kastar ljos over dette emnet. Eg kjenner sjølvsagt til det offentlege arkivmateriale knytt til arbeidet med utskiftingslovgjevnad, utskiftingsvesenet osb. Men kanskje nokon av dykk har tips om: - bygdebøker der det står om innmarksutskiftingar (gjerne referanse med sidetal!). - nettstader. - andre arkivkjelder.På førehand takk!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mads Langnes

Eg prøver meg på ny med oppmodinga frå i fjor haust: Er det nokon som har gode tips å kome med gjeldande kvar eg finn kjeldemateriale og oppslag gjeldande innmarksutskiftingar og påfølgjande oppløysing av tun og teigblanding frå tidsbolken fram til om lag 1920? Har de referansar til bygdebøker og anna lokalhistorisk litteratur, lokale arivsamlingar eller anna tradisjonsmateriale som kastar ljos over emnet? Vil også nemne at det særleg er områda Hardanger (primært gamle Ullensvang herad), Romsdal (primært gamle Veøy herad) og Nord-Gudbrandsdal (primært gamle Lom herad)som er av interesse.Med helsing frå Mads Langnes

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Det fyrste eg gjorde då eg byrja interessere meg for emnet, var å studere ekstraktutskriftene for dei ymse jordskifta, der står òg namnet på utskiftningsformannen. Dette er ein kopi av protokollen til bruk for luteigarane. Deretter var eg på Statsarkivet i Bergen, der arkivet etter dei utskiftningsformennene som eg var på jakt etter var. Der var ei gullgruve av korrespondansar, gamle brev, rekvisisjonar, rett spanande. Deretter fekk eg tak i fotokopiar av utskiftningskarta, rett nok i svart/kvitt. Originalane er jo handkolorerte, reine kunstverka. Dei syner teigane slik oppdelinga var før jordskiftet, tuna med dei gamle husa er innteikna, osb. Originalkarta er oppbevarte på Riksarkivet no, trur eg, og er vanskelege å få kopiar av. Du har ein spanande og stor jobb føre deg, lukke til!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.