Gå til innhold
Arkivverket

[#52065] Kristoffer Sundal i New York 1915 - kven var han og kvar vart det av han?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Namnet Kristoffer Sundal kjem fram i eit skifte referert under tema #50661, men er ikkje medkomme i tittelen, so eg tek opp problemet særskilt her:Ingeborg Tomine Alme, fødd i Avaldsnes på Karmøy 14.5.1871, utvandra til Amerika (år ukjent), men då far hennar døydde i Avaldsnes i 1915, vart Ingeborg sagd vera gift med Kristoffer Sundal og ''antagelig'' busett i New York.Kanskje er det ho som under namnet Ingeborg Sundahl er oppført som passasjer frå Oslo til New York i 1952, men dette er ikkje so heilt sikkert(?).Er det nokon som dreg kjensel på namnet Sundal og som kan fortelja meg kven denne Kristoffer kan ha vore? Og kvar vart han av i Amerika?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan Arthur og Tor for spennande innlegg. Eg ser det er eit par Christopher Sundahl/Sundal i amerikanske folketeljingar, men ingen av dei høver i alder med Kristoffer Hansson Sundal frå Davik, so sjølv om denne nordfjordingen ved første åsyn kan synastr noko i yngste laget, er han so absolutt ein aktuell ''kandidat''.Men, eg kan ikkje finna han att i FT1911 for Canada, og heller ikkje finn eg noki kobling til Ingeborg Tomine Alme...So, eg står framleis ''fast'' i denne saki, men vonar at fleire opplysningar kan dukka opp einkvan stad...?Nok ein gong ein stor takk for all god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Kvien

Med mindre det er fleire med same namn, ser det ut til at nordfjordingen Kristoffer Sundal kom heim att og busette seg på farsgarden. Ein sjekk i bygdeboka for Davik viser at han fekk skøyte på bruket i 1911. Kone henta han i bygda.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Og ''snipp snapp snute,''...., so var det ikkje denne Kristoffer Sundal likevel!Hjarteleg takk til Tor for siste innlegg!Me er soleis attende til utgangspunktet; kven var den Kristoffer Sundal som gifte seg med Ingeborg Tomine Alme frå Avaldsnes og som visstnok budde i New York i 1915?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Johannessen

Hei Lars,Jeg er jo også ineressert i Ingeborg Tomine Alme, derfor sendte jeg spørsmål om henne og Kristoffer Sundal til en slektning i USA som også driver med slektsforsking. Jeg har fått mange spørsmål tilbake. Kan du hjelpe med det du vet og det du tror.' Regarding your father's aunt, I will try my best to find some information about her. Can you please tell me what your objective is, i.e. children's names, where they lived, etc.? Additionally, can you provide me with as much information as you have? I am looking for her patronymic name, month/year of emigration and immigration to US, and any information regarding Kristoffer or Cristopher Sundal (birthdate, etc.). Why do you believe that she was in New York? Did they live in New York City or in other parts of the state? How do you know that she was living in the US in 1915? Why do you think she married Mr. Sundal? Did they marry here or there? Do you believe that she died in the US?Most of the research in the U.S. records is most easily accomplished via internet research. Our best chance of finding her would be through the US Census records if she was present in the US in either 1920 or 1930. Additionally, her immigration record might also offer clues as to her original destination. Vital records are difficult to work with unless you know the state and year in which the marriage or death took place. 'Jeg håper vi kan finne noen opplysninger via denne kanalen.Med vennlig hilsen Kjell Johannessen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Kjell Johannessen

Nå har min slektning i USA og meg selv gått igjennom alle med navn Ingeborg født i Norge mellom 1870 og 1872 i folketellingene 1810,1820 og 1830 i USA. Vi fant ingen som var gift Sundal eller med Kristoffer. Jeg hadde ikke tenkt å gi helt opp ennå. Du nevner en Ingeborg Sundahl som passasjer fra Oslo til New York i 1952. Hvordan finner jeg denne listen, eller har du båtens navn og dato? Kanskje vi kan finne denne damen og dataene hennes.mvh Kjell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.