Gå til innhold
Arkivverket

[#52089] Troskykkja, kva er det


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

I dag lærde eg eit nytt ord, eit ord eg aldri har høyrd før. Ordet vert truleg litt ulikt uttala ymse stadar i landet, og det kunne ha vore artig å høyrd kor mange stadar eit slikt ord vert brukt, eller kanskje rettare vart brukt. Eg skal ikkje straks røpa kva det betyr, og dei som utan vidare kjenner ordet ut frå dialekta, kan jo også venta litt med å røpa tydinga. Eg lærde forresten ordet av ein jondaling, så der i traktane er det nok godt kjend.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Eg har ikkje høyrt akkurat dette ordet før, men umiddelbart så tenkjer eg på ei skjykkje, som vi seier i Nordfjord, dvs. eit skur til å oppbevare hesjestaur og hesjetroder i, i den tid slikt vart brukt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Både Gunnar og Berit er inne på det rette her.Order troskykkja e.l. er eit samansett ord, og skykkja/ skjykkje/ skyttja/ skøkju osv betyr oftast rett og slett eit skur, men kan også bety eit tilbygg. Truleg finn vi den same stammen i (ved)skott.Første stavelsen, tro el tros betyr her staur el. hesjestaur, så på vår dialekt ville dette ha vorte kalla eit staurhus. Det kunne jo ha vore moro å høyra kva austlendingane kalla eit slikt skur? (Forklaringane er henta frå Torp (1992). Nynorsk etymologisk ordbok).Takk til Gunnar og Berit som begge hadde løysinga, kvar på sin måte. Men Berit, kva er skiku?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ruth Gaustad

Et rart ord til som ligner på Berits skiku: Sjytu, - (sj uttales som i sjal,nesten stum j) kanskje er det riktigere å skrive skjytu? På min dialekt er det et enkelt skur, gjerne oppsatt inntil et annet hus og brukt til å oppbevare bl.a. staur.Mvh.Ruth

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Tusen takk Berit for lenka. Var ikkje klar over at eit liknande ord hadde vore debattert tidlegare. Sjølv har eg ikkje noko tilsvarande ord i dialekta mi, så for meg var ordet (orda) rimeleg framandt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Fredly

Med ei kone frå Gloppen, så ble jeg fort introdusert for dette ordet. Spesielt husker jeg eit skur som ble kalt 'Rasmusskjyttja'. Jeg skjønte ikke hva det var da jeg hørte det første gang, men fikk snart vite hva det betydde. Men som i Aure, så bruker vi ikke dette ordet på Smøla nei. Et annet rart ord var 'spønehus', eit lite skur der det ble oppbevart spon.Mvh. Kjell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anders J. Moen

Jeg har hørt at loftet/hemsen i ei skykkje blir kalt 'Skykkje-skukkjen' på strilalandet rundt Bergen.På Bjørnefjorden Gjestetun på Os kan man til og med overnatte på et slikt sted.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mads Langnes

I ei dialektbok frå Romsdal, 'De sa me - ord og uttrykk frå Rødven', les me følgjande: 'tro`skåt: skur, tilbygg til løa der staurar og anna blir lagra om vinteren.'Aasen har forresten også ordet 'Trodskot' i si Norsk Ordbog, med om lag same forklaring.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til Kjell (10)Kona di kjenner sikkert også ordet køppetvøge då. Dette er ein vanleg uttale til dømes i Strandadalen på Sunnmøre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til Mads!Truleg er det same ordet ein finn både i Rødven (troskåt) og hos Aasen (trodskåt). Som tidlegare nemnd så har vi ikkje dette ordet i den trøndske dialekta eg soknar til, nemleg aurgjeldsk, eller nordmørsk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ruth Gaustad

Tipper at det nye ordet i nr.15 betyr oppvaskklut.På min dialekt (Gausdal) heter det tørkafille. Mens vi driver med rare dialektord, vet noen hva 'vasslapp' er.Mvh. Ruth

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Er det noko vi har kring tverrstongi på løvangen når vi vasker tilet?Her vart det både bergensk og setesdølsk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Fredly

Til Finn! (15) Ja, ei køppetvøge kjenner jeg til ja, og det blir som Arild sier kåpptuå her på Smøla. Men dativ er også mye brukt i Nordfjord, så når kona sier 'eg trur det ligg oppi veskene mi', mener hun at noe ligger i veska hennes.Mvh. Kjell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Køppetvøge var det visst mange som hadde gjort seg kjend med, (særleg av mannfolka, he, he..).Så lurar Ruth på om vi veit kva ein vasslapp er. Næææi, men på fleip kunne eg jo sagt sjøsame, men trur knappast det er det Ruth tenkjer på?Så har Bjørn også eit ikkje heil vanleg ord i setninga si, nemleg tilet. Med det går eg ut frå at det meinast telet, eller golvet som vi helst seier no.Så lurar eg på kva Åse eller kona til Kjell ville ha sagt om dei var mann, ville det bli det same (for veska)?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Fredly

Hei Åse, regnet med at du kom på banen ja:-) Sant å si så synes jeg dialekten til kona mi er veldig flott, og har alltid oppfordret henne til å (blå)holde på dialekten sin. Men det er ikke lett! Her (på Smøla) blir hun forresten tatt for å være sunnmøring, men dialekten er ikke så lik sunnmørsdialekten(e) da.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ruth Gaustad

Siden det ikke er foreslått noen flere løsninger på ordet 'vasslapp' så kan jeg avsløre at det betyr frosk.Ellers så var sjøsame et 'logisk forslag' fra herr Oldervik!Mvh.Ruth.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.