Gå til innhold
Arkivverket

[#52304] Knut Monsson på Navarsete i Sogndal (1770?-1846) -frå Årdal eller Leikanger?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Knut Monsson Naversæter stod brudgom i Sogndal 4.6.1804 då han gifte seg med Rannei Jensdotter Gjesme, klokkardotter frå Hafslo, døypt i Hafslo 4.8.1771. Dei budde som gardbrukarar på Navarsete i Sogndal der 27.3.1846. Rannei døydde same staden 12.10.1847.Kven var so denne Knut Monsson? Han vart ved dødsfallet oppgjeven vera 76 år gamal eller fødd kring 1770, men han er ikkje fødd i Sogndal, og ikkje heller budde han der i 1801.FT1801 har to alternativ som høver bra:* Knut Monsson, 27 år - dreng på Hovland i Årdal* Knut Monsson, 29 år - dreng på Halland i LeikangerFødselsregistrene syner:* Mons Knutson og Anna Jørgensdotter fekk sonen Knut døypt i Lærdal (Årdal?) 23.2.1772* Mons Colbjørnson og Gjørond Knutsdotter (Njøs) fekk sonen Knut døypt i Leikanger 20.2.1772Kan det vera ein av desse som hamna på Navarsete i Sogndal? Men i so fall kva for ein av dei?Er det nokon som kjenner denne huslyden og som kan hjelpa meg identifisera Knut Monsson Naversæter?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

LarsEg trur du kan utelukka årdølen Knut Monsson, ser ut til at denne vart fødde under Oferdal av Mons Knutson og Anne Johannesdattar. Mons og Anne enda på Åretun.Denne Knut vart gifte med enkja på Hæreid bnr 2, Sigri Salomonsdatter Stein frå Luster og enda under Hovland kanskje på Naustbakken.Sigri vart enkja etter Ola Endreson Holsæter.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for nyttig innlegg. Eg tykte nok det var noko kjent med Knut Monsson på Hovland, men greidde ikkje å kopla han til Luster.Då ser det ut til at me lyt til Leikanger for å finna ''vår'' mann..., eller?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.