Gå til innhold
Arkivverket

[#52394] Johannes Olson, f. Hafslo 1807 - til Værøy i Askvoll - lagnad til huslyden hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johannes Olson frå Kvam i Hafslo, døypt i Hafslo 21.1.1807, flytte i ung alder til Askvoll der han 3.1.1833 gifte seg med Johanna Hansdotter frå Værøy i Askvoll, døypt i Askvoll 27.9.1801.Parfolket budde ulike stader i Askvoll, m.a. på Hågøy, på Kjempenes, på Dalsnes og på Værøy, men eg veit ikkje kvar det vart av dei etter yngste (kjende) son vart døypt i 1839!?Eg har opplysningar om fire søner:a. Sivert Johannesson, fødd i Askvoll 15.2.1833, ukjend lagnad.b. Abraham Johannesson, fødd i Askvoll 15.3.1835, vart gravlagd i Askvoll (Vilnes?) 9.11.1924 - dødsdato ukjend. Han gifte seg i Askvoll 20.11.1865 med Anna Rasmusdotter frå Refsøy i Askvoll, fødd i Askvoll 22.11.1830. Ho d. som husmannskone på Vadøy 29.9.1922. Abraham var fiskar, og han og Anna busette seg som husmannsfolk på Kjempenes under Vadøy i Askvoll. Dei fekk tre born i lag.c. Bernt Johannesson, fødd i Askvoll 12.2.1838, døydde i Askvoll 5.3.1838.d. Martines Johannesson, fødd i Askvoll 12.11.1839, ukjend lagnad.Er det nokon med lokal kunnskap i Askvoll som kan fortelja meg noko om lagnaden til foreldri og dei to sønene med ukjend lagnad, Sivert og Martines? Eg står ''bom fast''... Kanskje ætteboki for Askvoll har noko å fortelja?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne få leggja til at Johannes ogso hadde ei søster som flytte til Askvoll:Gjertrud Olsdotter frå Kvam i Hafslo, døypt i Hafslo 1.8.1802, tente ei tid i Sogndal, men flytte derifrå til Askvoll som ugift i 1848. Den seinare lagnaden hennar er òg eit mysterium...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for ei ny flott melding! Det er berre møysommeleg leiting som kan gje slike resultat, og eg er berre svært begeistra og imponert!Då veit me at Johannes døydde i Askvoll, men kanskje flytte enkja derifrå med ein eller båe av dei sakna sønene...? Finn me nokon gong ut av det?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg finn ikkje ord, Rune! Hjarteleg takk for nye imponerande innlegg!Då har me endeleg lagnaden til dette parfolket ''i boks''. Om me no berre kunne finna dei to gutane...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Carsten; no har eg knapt nok pust att! Dette er verkeleg kjempebra! Heile huslyden er attfunnen, men akk for ein lagnad...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Gisle, for siste innlegg. Då eg skreiv dette spørsmålet i går, var eg overtydd om at denne huslyden hadde vore drøfta ein eller annan stad, men eg fann kkje att den gamle saki di!Uansett, so har me no fått svar åpå alle spørsmåli kring denne ætti, og berre ein eonaste detalj står att:* Nøyaktig dødsdato for Abraham Johannesson i 1924?Kanskje du, Gisle, har funne dette ut?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk igjen, Gisle. Denne gravferdsprotokollen er nok kjelda for gravferdsdatoen til Abraham, men eg funderer på kvifor ikkje sjølve dødsdatoen er nemnd...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.