Gå til innhold
Arkivverket

[#52400] Lorents Johnson Molberg i Verdalen - kona Ingeborg Torstensdotter -kven var dei?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Theoline Lorentsdotter Molberg var fødd i Verdalen 25.5.1870. Foreldri hennar var gardbrukar Lorents Johnson og kona Ingeborg Torstensdotter, gardbrukarar på Molberg. Theoline utvandra til Amerika i 1885 og vart der borte gifdt med ein utvandra sogning!Ingeborg Torstensdotter var fødd i Levanger landsokn i 1827, men kyrkjebøkene derifrå er ikkje enno skanna...Er det nokon med tilgjenge på lokale bygdebøker som kan fortelja meg:* Frå kva gard i Verdalen hadde Lorents Johnson opphavet sitt?* Frå kva gard i Levanger landsokn hadde Ingeborg Torstensdotter opphavet sitt?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for spennande og nyttige innlegg. Det kan sjå ut som du har rett med omsyn til fødestaden til Ingeborg Torstensdotter, sjølv om eg gjerne skulle sett vigsli..., eller kanskje bygdeboki for Verdalen kan stadfesta opplysningi...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest thomas berg

Lorents var son på Molberg. Familien leigde denne garden som høyrde til kyrkja i Vinne på denne tida. Lorents overtok bygselen etter sin far i 1855. Han døde 1883 på same stad. Lorents var gift to gonger, men hadde berre barn i første ekteskap. Alle fire barna utvandra til Amerika. Lorents sine foreldre, John og Anne, overtok bygselen etter Anne sine foreldre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest thomas berg

Ingeborg Torstensdt. kom saman med foreldra Torsten Pedersen Raaen og kona Guru Larsdt. til Lian østre gnr. 34 bnr. 1 i Frol (Levanger landsogn) i 1826. Dei kom flyttande frå Stjørdal. Det er ein Torsten Pedersen, fosterson, på Bulandet i Hegra i 1801-tellinga. Det kan vera rette person.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Thomas for nye innlegg. Det ser ut som du har løyst eller stadfest spørsmålet kring opphavet til Ingeborg Torstensdotter, og soleis er problemet heilt løyst for meg!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.