Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#52417] Olaf Olson Melland, f. 1879 i Stryn - utvandra til Amerika - eg finn han ikkje!?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg har ei tid vore på leiting etter ein utvandrar frå Stryn som ifølgje amerikanske kjelder har følgjande personalia:Olaf Olson Melland, fødd i Stryn 22.9.1879, skal ha utvandra til Amerika anten i 1884 eller i 1891.Foreldri heitte Ole og Anna Marie Melland!I den skanna kyrkjeboki for Nedstryn sokn i Stryn finn eg ein Ole Andreas Johnson Meland, fødd 7.10.1879, men foreldri hans heitte John Olson Meland, handelsstyrar på Tonning, og kona Olina Amundsdotter. Eg trur ikkje det er han me leiter etter, men kvar er ''vår'' Olaf? Eg finn han heller ikkje som emigrant!Eg vonar einkvan kan hjelpa meg løysa denne floki og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

OBS: Eg ser av registerkorti til første verdskrigen at Olaf Melland der oppgjev fødselsdatoen sin til 22.12.1879, so her har me motstridande opplysningar...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.