Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#52418] Fernanda Fredriksdotter Krogen, fødd i Son, Vestby 1881 - kvar finn eg ho?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Frå Amerika har eg fått oppplyst at:Fernanda Fredriksdotter Krogen, dotter av Fredrik Krogen og Henrikka f. Berg, skal vera fødd i Son (Vestby) 27.4.1881 og utvandra med foreldri sine til Amerika i 1898.Eg har no søkt dei skanna kyrkjebøkene for Son sokn i Vestby, men finn ikkje denne jenta. Heller ikkje finn eg ho utvandra.Er det augi mine som sviktar, eller er ho kanskje ikkje fødd i Son i det heile?Eg vonar at einkvan kan hjelpa meg identifisera Fernanda og foreldri hennar og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Carsten; du held fram med å imponera og gjera dagen lysare, i alle fall for meg!Då er fødsli til Fernanda stadfest, men eg undrer òg på kven desse foreldri var? Og kvar har dei namnet Krogen ifrå? Kanskje budde dei på ein gard Kroken etter dei pakta Emmerstad og før dei utvandra til Amerika? Eller kanskje Fredrik var oppvaksen på ein gard Kroken?Utvandringsåret skal forresten vera 1888, ikkje 1898 som eg skreiv i innleiingi!Eg vonar at nokre fleire opplysningar kan komma til rette og takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Det kan jo ligne på denne fam., men Ludvig og hvor er Hilma F.?Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk igjen, Carsten! Eg trur du har funne rette folki. Lene Henrikke er vorte til Rikka, Fredrik til Ludvig og Hilma til Helene...So då gjeld det berre om å finna opphavi deira og forklaring på Krogen-namnet...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk igjen til Carsten for framifrå ''graving''. Du held fram med å imponera oss andre, og eg kan berre gje meg ende over...!Med desse siste opplysningane ser eg på dette problemet som ''nesten'' løyst; berre denne vigsli skal til for å stadfesta opphavet til Lena Henrikke...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jarleif Nordheim

Hei, Etter Vestby gårdshistorie finner jeg at Fredrik Kristensen ble født på gården Kroken 3.7.1845. Han var sønn av Christian Olsen Kroken og Lene Fredriksdtr Kålås (1810-30.11.1876). Fredrik var nr 4 av 4 søsken. Fredriks bror Ole (1839) drev Kroken på slutten av foreldrenes levetid, og eide Kroken til han døde i 1884. Fredrik tok da over gården, men den ble solgt på auksjon i 1887 (konkurs). Familien ser ut til å ha sittet på gården i flere generasjoner.Fredriks hustru (Lene Henrikka Olsdtr f. Berg)vet jeg ikke mer om. Berg er vanlig husmannsplassnavn i området.At Fredrik og Henrikka får datteren Hilma Ferdinanda i Emmerstad betyr neppe mye. Emmerstad var plass under Hauger, og husmenne skiftet mye og er mangelfullt omtalt i gårdshistorien. Men familien kan jo ta med seg at Emmerstad har dannet modell for Sigrid Undsets 'Audun i Hestviken' hvor den gode forfatter like godt har flyttet storgården Hauger til Emmerstads beliggenhet nede ved fjorden...Mvh Jarleif

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jarleif Nordheim

Ser forresten at Lene Fredriksdtr er f 19.4.1810 og g 9.12.1836 m Christen Olsen. Lene datter av bruker - og senere eier av bruket Kålås Fredrich Thoresen (1770-22.9.1844) og Maren Larsdtr 1774-23.8.1848.Jarleif

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jarleif for interessante og avklarande innlegg. No skjønnar eg samanhangen med namnet Krogen!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.