Gå til innhold
Arkivverket

[#52457] Gardane Juvik og Lavik i Strudshavn sokn på Askøy - hjelp med geografien?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Denne huslyden bur i 1900 på garden Lavik på Askøy:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Jakob Ulriksen hf g Fisker og gaardbruger 1843 Askøen SBKarolina Mikkelsdatter hm g Gaardmandskone 1847 Askøen SBJakob Jakobsen s ug Fisker 1877 Askøen SBUlrik Jakobsen s ug Fisker 1878 Askøen SBMarie Jakobsdatter d ug 1890 Askøen SB~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Sonen Jakob Kornelius var fødd på Askøy 7.4.1877, og då er faren oppgjeven vera husmann på Lavik under ..... (vanskeleg å lesa!).Då foreldri gifte seg på Askøy 17.10.1868, ser me at mori var fødd på garden Judvig på Askøy.Sonen Jakob Kornelius flytte til Bergen og skreiv seg for Jakob Juvik.Desse namni er mildt sagt ''forvirranse'', og eg lurer no på om nokon som har lokal kunnskap på Askøy kan avklara følgjande problemstilling:* Er det rett å seia at Jakob Kornelius Juvik kjem frå garden Lavik på Askøy, eller er han frå garden Juvik på Askøy?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Jeg sitter med avskrift av kirkeboka for Askøy, og der ser jeg at paret fikk sønnen Ulrik Martin født 10.02.1869 på Haugland og døpt 29.03. På Juvik/Nedre Kleppe er de ført med sønnen Karl Johan.Han er født 31.03 1871, hjemmedøpt 02.04 og dåpen bekreftet 29.05. De bodde på Juvik da de fikk datteren Marie Amalie 12.04.1890. Hun ble døpt 25.05. Når det gjelder Jakob Kornelius ble han født07.04.1877 på Ladvik/Nedre Kleppe og døpt 20.05. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne-Lise Mikalsen

Jeg kan tenke meg at Lavik lå under Juvik,det er ihvertfall 2 nabogårder.Idag kommer en først til nedre Kleppe,så til Juvik,så Lavik og tilsist til Haugland.Idag har disse gårdene postadr.Kleppestø, bortsett fra Haugland som kommer inn under Hauglandshella.Mvh Anne-Lise

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Berre ei oppklåring:Der var to Juvik-'garder'; Kleppe-Juvik og Krokås-Juvik. Kleppe-Juvik låg under Nedre Kleppe, medan Krokås-Juvik låg under Krokås. Lavik var eit bruk under Kleppe-Juvik og ligg, som nemnd, nordom Juvika mot grensa til Haugland. Vegen over Juvikflata (verste dødsvegen i Askøy og på grunnen til Kleppe-Juvik) held fram nordover Lavik til Storebotn på grensa mot Haugland. Eg skal den vegen laurdag.Grensa mellom Kleppe-Juvik og Krokås-Juvik går oppe i bakkane bakom Rema på Juvikflata og ned i hamna i Juvik. Dei gardane som ligg vest for Horsøyvegen høyrer til Krokås, medan dei som ligg aust for same, høyrer til Kleppe. Om du treng detaljkart med grensene, kan eg skaffa deg det.Elles veit eg at Ulrik-namnet har vore nytta på Juvik-folk i nærleiken av Lavik heilt til notida. Den siste eg veit om, dreiv drosje i mange år (han er nok faren or heimen no). Men ein brorson av han finst som professor i Nidaros, etter det eg veit. Han gjekk eg i klasse med på gymnaset.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune, Anne-Lise og Bjørn for interessante innlegg. Ikkje noko er som å få ei forklaring av lokalkjende folk! No er problemet mitt bra oppklart, og eg treng ikkje fleire detaljar. Eg tolkar det slik at denne Juvik-ætti hadde opphavet sitt på ''Juvik, Kleppe nedre'' på Askøy...Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.