Gå til innhold
Arkivverket

[#52468] Margit Aslaksdotter Bergdahl, fødd i Vinje, Telemark 1840 - til Amerika 1861?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Kyrkjeboki for Vinje sokn i Vinje prestegjeld fortel oss at:Margit Aslaksdotter var fødd 3.1.1840 av foreldri gardbrukar Aslak Olson og Aasne Aslaksdotter på Medbø(?) i Vinje.FT1900 og 1910 syner at Margit utvandra i 1861, medan utvandringsåret ved FT1920 er ukjent. FT1930 seier at ho utvandra i 1841!Eg har før fått oppgjeve frå Amerika at faren Aslak olson hadde opphavet sitt på Bergdal i Vinje, medan Aasne Aslaksdotter kom frå garden Vinje.No undrar eg på om nokon med lokal kunnskap i Vinje, eventuelt med tilgjenge til ei bygdebok, kan hjelpa meg finna svar på følgjande:* Stemmer det at Aslak og Aasne hadde bustaden deira på garden Medbø i Vinje?* Stemmer opphavi deira, gardane Bergdal og Vinje?* Stemmer utvandringsåret hennar 1861, eller kva år utvandra ho, og kva ættenamn nytta ho då?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Ein sjekk av utflyttingslista for Vinje syner at Margit Aslaksdotter ''Berdal'' utvandra i 1861, 21 år gamal, so då er denne delen av spørsmålet løyst.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aslak Bekhus

Åsne Aslaksdtr (f.1802) var frå garden Vinje (også kalla Jore). Ho var fyrst gift med Sondre Augonson Midtbø (1790-1837), dei budde på Midtbø og hadde 8 barn. Deretter blei ho gift i 1839 med Aslak Olavson (f.1811) frå Versto. Dei fekk 6 born og budde på Midtbø iallefall fram til 1848. Mellom 1848 og 1855 kjøpte dei Berdal og utvandra derifrå i 1862.Helsing Aslak

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mary Farrell

Lars, I have Margit Aslaksdtr marrying in USA to Oliver (Halvor)G. Quam, in 1869 in Freeborn County. And i have her sister, Kristi, married to Olav Haraldson. Do you have anything more on any of the other siblings in America?Thanks,Mary Farrell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Good evening, Mary!I presume Margit's siblngs are the ones you have in mind. If so, I am sorry having to disappoint you; I know nothing about any of them.Cordially yours,Lars E. Oyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.