Gå til innhold
Arkivverket

[#52590] Amund Nicolaison Finnestad - f. Haugesund? 1877 - utv Minnesota 1883 - fødestad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Amund Nicolaison Finnestad vert frå Amerika oppgjeven fødd i Haugesund 8.6.1877 av foreldri Nicolai Amundson Finnestad (fødd i Stavanger 22.4.1853) og Karen Olsdotter Underbakke (fødd i Haugesund 14.6.1854).Fødde for Haugesund 1877 ser ikkje ut til å vera skanna, men broren Sanvald(?), som skal vera fødd i Haugesund i mai 1879, er ikkje innført i den skanna kyrkjeboki for Haugesund for det året.Den ''amputerte'' utvandringlista for Stavanger syner at gardbrukar(!) Nicolai Finnestad med heimstad Stavanger utvandra i 1885, men me veit nokolunde sikkert at heile huslyden utvandra alt i 1883.På FamilySearch kjem det fram at Nicolai og Karen gifte seg 12.4.1877, men staden er ikkje oppgjeven. Derimot står det at Nicolai var fødd i HETLAND, altso IKKJE i Stavanger, so kanskje han og Karen budde ein eller annan stad UTANFOR Haugesund før dei utvandra til Amerika i 1883?Er det nokon som dreg kjensel på denne huslyden eller eventuelt kan hjelpa meg finna svar på desse spørsmåli:* Fødestaden til Amund Nicolaison Finnestad i 1877?* Kva yrke hadde Nicolai Finnestad før han utvandrea til Amerika, og på kva gard/stad budde han og Karen?* Fødestaden til Karen Olsdotter Underbakke i 1854?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for spennande og interessante innlegg!No ser eg at Kari Olsdotter Underbakke hadde namnet sitt frå Suldal, men at ho då var busett i Torvastad, like utanfor Haugesund.Dei gifte seg i Hetland, og Sanvald var fødd i Stavanger. Kan det tenkjast at ogso Amund var fødd i eller nær Stavanger...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Johan Arthur for innlegg!Etter at eg såg heimstaden til mori Kari, las eg gjennom fødde for alle tre soknene i Torvastad, men kunne framleis ikkje finna dåpen til Amund...! So, kvar kan han då vera fødd...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Johan Arthur for fantastiske innlegg! Du har med dette løyst heile problemet kring fødsli til Amund Finnestad, og eg har ingen fleire spørsmål om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.