Gå til innhold
Arkivverket

[#52601] Lars Rasmusson, fødd Rennesøy 1815 - skipper i Bergen 1840-åri - opphav/lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Lars Rasmussen, styrmann, står brudgom i Bergen 27.12.1840. Han er oppgjeven vera fødd i Rennesøy sommaren eller hausten 1816 som son av ein Rasmus Rasmusson. Han gifte seg med Elen Oline Iversen, fødd i Bergen 5.7.1815, og dei får to born:* Lars Iverin, fødd i Bergen 1842* Eline Bergitte, fødd i Bergen 1844Faren er ved båe høve kalla skipper, men det er det siste eg kan sjå til han. I 1865 er Elen Rasmussen enkje og ljosstøypar, busett i barndomsheimen hennar i 24. rode nr. 124 (Skutevikens smalgang) i lag med dotteri og dei ugifte søstrene:* Karen Christine Iversen, fødd i Bergen 28.8.1827, syerske, budde framleis i 24-124 i 1875, ugift.* Lassine Iversen, fødd i Bergen 17.10.1834, syerske, budde framleis i 24-124 i 1875, likeins ugift.To andre søstrer forsvinn før 1865:* Gurine Iversen, fødd i Bergen 10.9.1821.* Ane Helene Iversen, fødd i Bergen 21.1.1824.Dette er ein problematisk huslyd:* I kyrkjeboki for Rennesøy finn eg ein Lars døypt 25.6.1816 - far: Rasmus Rosnæs(?). Meir står det ikkje, og med min dårlege lokalkunnskap på Rennesøy vonar eg nokon kan fortelja meg om dette er ''vår'' mann?* Neste problem er lagnaden til denne huslyden; eg finn korkje mannen Lars Rasmussen eller enkja Elen Rasmussen som avlidne i Bergen, og heller ikkje finn eg dødsfalli i Bergen til nokon av dei fire søstrene hennar. KAn dei alle vera farne frå byen?Kan henda einkvan har råka borti desse folki og kan hjelpa meg med tips? Eg takkar so mykje på førehand for alle forslag!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Frode Johansen

Jeg foreslår et oppslag i Bygdebøkene for Rennesøy, går utifra at bostedet er Rosnæs i Kirkeboken?Uansett sjekk bostedet og prøv å se i bygdeboken.Noen som kan hjelpe Lars videre her?Vennlig hilsenJan Frode Johansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest arnvid lillehammer

Lars! Ja, den det gjeld er Lars Rasmusson Rosnes dpt. 25. juni 1815 som vart styrmann og som reiste til Bergen i 1837, skal me tru kyrkjeboka. Han var den sjette og yngste i eit syskinlag på seks, og son til Rasmus Rasmusson Rosnes dpt 8. februar 1766, d 11. oktober 1821, g 6. desember 1801 m Berta Ommundsdotter frå Varaberg dpt 7. oktober 1780 og d 24. november 1851 på Reianes (ho vart gift opp att 1. april 1823 med paktar på Utstein kloster, Tore Jørgenson frå Dalaker).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Gurine ble i alle fall konfirmert i Korskirken i 1836 [url="http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050819020054.jpg>LenkeDette er vel dødsfallet til Gurines far i 1839 – Iver Olsen Lomeim LenkeDette er vel giftermålet til Anne Helene Iversdatter i Korskirken i 1847 (klokkerboka). Hun giftet seg med ungkar Nils Andreas Hansen LenkeI 1849 fikk de en datter, Nilsine Andrea, men da var Nils Andreas ”afdød” Lenke og Lenke. Her er dødsfallet til Nils Andreas

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jan Frode, Arnvid og Grethe for flotte og nyttige innlegg.Med dette er opphavet til Lars Rasmussen på plass, samstundes som problemet kring Anne Helene er løyst. No fann eg ogso dødsfallet hennar i 1881, med same bustad som søstrene...! Ho gifte seg ikkje att, og underleg er det at vigsli hennar med Nils Andreas Hansen IKKJE er innført i kyrkjeboki for Krosskyrkja!! Det er nok òg orsaki til at eg ikkje fann denne vigsli før...Etter dette sit me att med spørsmåli kring lagnaden til Lars Rasmussen og kona hans, samt lagnadane til dei andre tre søstrene... Eg vil freista eit par spørsmål i Arkivforum; kanskje det kan bidra til delvis oppklaring...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette problemet som framleis manglar endeleg løysing når det gjeld dette parfolket:Lars Rasmussen (Rosnes), døypt Rennesøy 25.6.1815, truleg omkomen til sjøs kring 1845(?), gift Bergen 27.12.1840 med:Elen Oline Iversen, fødd i Bergen 5.7.1815, døydde ???Dei fekk to born i lag: Lars Iverin 1842 og Eline Bergitte 1844.1865-teljingi syner ho som Elen Rasmussen, lysestøypar, enkje i 24. rode nr. 124.Då søsteri Gurine døydde ugift i Bergen i desember 1900, er søsteri nemnd som:OLINE RASMUSSEN i Stavangermen eg kan ikkje finna nokon slik person i FT1900 korkje for Stavanger eller nokon annan stad i landet! Er det augi mine som sviktar, eller...?Uansett, eg er på leiting etter dødsfallet til Elen Oline Rasmussen og vonar at kanskje einkvan kan hjelpa meg?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Sværen

Du har vore inne på FT 1891 i Bergen og vraka henne ?Nr 3.637, Kong Oscarsgade 25, Oline Rasmus., Lem i de Søfarendes Fattighus, ekkja, f. 1814.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.