Gå til innhold
Arkivverket

[#52606] Anna Olsdotter - Ole Johan Andersen - Bergen 1875 og so vidare lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FTBergen 1875 22-32 (Forstandersmuget) syner m.a. denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Anne Olsdatter 1ste f Husmoder e Huseierske Fattigunderstøttelse 1832 Sogndal Sogndal 22-32 [fødd Hafslo 3.7.1832]Andreas Emil 1ste m Søn Sademagerlærling 1862 Bergen Bergen 22-32 [fødd Bergen 12.9.1861]Alfred Johan 1ste m Søn 1864 Bergen Bergen 22-32 [fødd Bergen 29.6.1864]Ole Johan 1ste m Søn 1866 Bergen Bergen 22-32 [fødd Bergen 6.9.1866]Sofus Jørgen 1ste m Søn 1870 Bergen Bergen 22-32 [fødd Bergen 26.2.1870]Anna Kamilla 1ste f Datter 1872 Bergen Bergen 22-32 [fødd Bergen 28.11.1872] (Anna var trilling, men dei to andre døydde eitt år gamle!)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Mannen Ole Johan Andersen døydde i Bergen 18.12.1874, medan sonen Sofus døydde 1.1.1876. Eg går ut ifrå at dei alle skreiv seg for ANDERSEN!?Etter den tid ser eg ikkje noko meir til korkje kona Anna eller dei andre borni. So vidt eg kan sjå, vart ingen av dei vigde i Bergen før 1912.Eg står heiløt fast, men vonar at einkvan har hug til å freista finna att denne huslyden etter 1875?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune for fleire spennande innlegg om denne huslyden!Eg trur du har fuinne dei to yngste brørne i 1885, dei to skreddarsveinane, og likeins trur eg det var ''vår'' Andreas Emil som utvandra til Amerika i 1879. Derimot er eg mindre overtydd om han som døydde i Bergen i 1934. Tre personar med samer namn, Andreas Emil Andersen, var fødde i Bergen på 1800-talet og KAN vera mannen som døydde i 1934; ein av desse budde i Bergen ogso i 1912, men det var diverre ikkje ''vår'' mann!Tenk om me kunne ha funne att mor deira...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane

Ja, då er altso Anna Olsdotter sitt dødsfall funne, 4.2.1878 i Bergen, og dødsmeldingi hennar syner at fire born då levde att etter ho:* Andreas Emil (Olson) Andersen, fødd i Bergen 12.9.1861, utvandra til Amerika i 1879* Alfred Johan (Olson) Andersen, fødd i Bergen 29.6.1864, budde i 1885 som skreddarsvein i Bergen* Ole Johan (Olson) Andersen, fødd i Bergen 6.9.1866, budde i 1878 hjå FARMOR Synneva Olsdotter på Eidemarken i Bergen, var i 1885 skreddarsvein i Bergen* Anna Camilla (Olsdotter) Andersen, einaste attlevande av eit sett med TRILLINGAR, var i 1878 fosterbarn hjå Johannes Taqvam, truleg tømmermann Johannes Axelson Taqvam, fødd i Haus 1826, død i Bergen 31.3.1885Det er underleg at ingen av desse borni skal kunna finnast att i seinare folketeljingar eller kyrkjebøker i Bergen... Eg har i kveld freista finna att farmori Synneva Olsdotter på Eidemarken, med tanke på å undersøka dødsmeldingi hennar, men eg finn ikkje ho heller. Ho var truleg ugift...(?)SO, eg står heilt fast i jakti på denne huslyden og vonar at einkvan har ein ''glup'' idé, som kan føra oss vidare...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg står framfor sluttføringi av den delen av manuskriptet mitt der denne huslyden vert omskriven, og eg står framleis fullstendig ''fast'' når det gjeld lagnaden til dei fire borni!Andreas Emil Andersen som døydde i Bergen i 1934, er IKKJE ein del av denne huslyden, men eg KAN vera på spor etter han i Amerika...Eg har på ny freista FT1891 og 1912, men ingen av søskeni er å finna i Bergen!Kvar kan dei ha gjort av seg?Eit kvart lite tips vert motteke med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kirsti for spennande innlegg!Nei, dette dødsfallet har eg ikkje lagt merke til, men det kan so absolutt vera ''vår'' Ole Johan...! Diverre har ikkje dødsmeldingi noko meir å fortelja anna enn at Fattigvesenet betalte gravferdi...Sjølv KAN eg vera komen på spor etter yngste dotteri i denne huslyden, sjå denne emigranten frå 1905, Anna Camilla Bjelkevig (Lenke). Det finst ingen andre Anna Camilla fødde i Bergen mellom 1861 og 1881!!So då er det kan henda berre Alfred Johan som står att som ''heilt borte''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.