Gå til innhold
Arkivverket

[#52641] Til Lars Øyane: Vedkomande opphavet til Bertel Th. Mørck si kone


Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Til Lars E. Øyane:Vi hadde eit ordskifte pr tlf og e-post av 19. juli 2005 vedkomande opphavet til mor til handelsmannen Bertel Severin Thorkildsen Mørck, som var gift med ei Anna Maraia Anderssen frå Luster. Bertel var fødd i Os prestegjeld i 1815 og som også døydde på Osøyro i 1864.Bertel si mor heitte Ragnele eller Ragnhild Olsdtr., fødd omlag 1784 har eg notert meg. Basert på opplysinga om at foreldra visstnok budde på garden Bø i Os då Bertel vart fødd kunne det vera at Ragnele kom derfrå.Eit mogeleg faderleg opphav kunne i so fall vera Ola Olson f. på Borgen i Os 1754, husmann og fiskar på Bø. Men i so fall måtte Ragnhild vore 'uægte', Ola gifte seg først i 1792, og dinest var han Ola og kona Kari Hansdtr. bornlause (ho var 18 år yngre enn han og difor for ung til å ha vore mor til Ragnhild i 1783/84).Di Ragnhild er meir truleg denne jenta, fødd i Fusa i 1783, ægte fød; Ragnele Olsdatter, døbt 23. julii 1783 i Fuse sogn av Ous Prestigiæld, foreldre: Ole (Steensen) Lillelie og Anna Olsd. Fadre: Ole Skjørsand, Jon Skiørsand, Guro Fooer, Christie Storlie, Magdela Steensd. Wanvig.Husmannsplassen på Bø stod truleg ledig i 1815, so Ola og kona var mest truleg anten døde eller flutt vekk då.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.