Gå til innhold
Arkivverket

[#52642] Elling Pettersen (1737-1806) - frå Sogndal til Bergen -gift tre gonger - huslyd?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Elling Peterson Aaberge, døypt i Sogndal 19.4.1737, flytte til Bergen kring 1771 og kalla seg der helst for Elling Pettersen. Han var dragar og arbeidsmann og døydde som ''almisselem'' i Bergen 27.9.1806.Elling var gift tre gonger:1) i Sogndal 28.5.1770 med Kari Halvorsdotter, kalla Olsdotter ved barnedåp i 1772 og Knutsdotter då ho vart gravlagd i Bergen 1.7.1772. Opphavet hennar er førebels ukjent.2) i Bergen 23.10.1774 med enkja Anna Eriksdotter. Ho vart gravlagd i Bergen 5.10.1780, 50 år gamal, utan at me veit noko meir om ho heller.3) i Bergen 12.5.1782 med enkja Anna Malene Marcusdotter. Ho er 65 år gamal ved FT1801, men er elles òg heilt ukjend.So vidt eg kan sjå, fekk Elling Pettersen berre ein son, som var frå første ekteskapet:* Johannes, døypt i Bergen 21.6.1772, vart gravlagd i Bergen 31.7.1772.So, det ser ut som eg har funne det meste av kva eg treng om Elling Pettersen, men dei tre konene hans veit eg ikkje noko om, bortsett frå gravferdsdatoane til dei to første.Er det nokon som dreg kjensel på denne huslyden og som kan bidra med supplerande opplysningar om dei nemnde konene...?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for nytt innlegg.Eg trur nok du godt kan ha rett med omsyn til Anne Malene Marcusdotter. Namnekombinasjonen er vel ikkje so heilt vanleg...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Rindedal

3.konen Anna Malene Markusdtr er vel den samme som gifter seg i Nykirken 1761 med Torbjørn Johannesen fc1730-1780 og døper 4 barn, 1 i Nykirken + 3 i Domkirken fra 1762-1767. Torbjørn omtalt som dikselmann + matros + daglønner og han ble begravet fra 9.r nr.56, samme nabolag som Elling i 1801. Jeg har notert at Torbjørn kan stamme fra Fortun i Luster.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svein for spennande innlegg!Torbjørn Johannesson Fort(h)un var fødd i Luster kring 1730 som eldste son av gardbrukar Johannes Torbjørnson på Fortun og kona Sophia Andersdotter. Torbjørn levde framleis i 1749 då han lyste odelsrett til heimebruket i Fortun, men han forsvann frå bygdi kort tid etter og kan godt vera flytt til Bergen! Det einaste eg ikkje likte, var det faktum at Torbjørn og Anna Malene ikkje fekk noki dotter med namn Sophie...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.